lørdag 13. august 2016

Mr Haugen

Dei fyrste minna eg har om Øystein er at han var ballgut. Han var egentleg ikkje det, han var berre lidenskapeleg interessert i fotball og fast inventar på treningar for ulike lag i Haugen IL. Det er uansett dei fyrste minna eg har om fyren. Springande etter ballar etterkvart som vi bomma på mål, skaut utover sidelinja, traff ei hes, sleiva ut i skogen, på trening i 12 års alderen på ei av fylkets beste og finaste grasmatter, Klenkarberget. Han var ikkje trenar på den tida. Ikkje oppmann. Ikkje banemeister heller meinar eg, sjølv om eg ikkje vil utelukke det 100%. Rundt A-laget hadde han sikkert ei eller anna rolle, men ikkje for oss karane, på smågutelaget til Haugen. Han var likevel til stades. Ofte sittande på ein grasklippar, med ein duggfrisk Prince mild i kjeften. Ofte i bar overkropp, långe brok, og kvit haugencaps. Ein supportercaps som ein truleg fekk laga samtundes som ein fekk produsert den berømte Haugenkassetten på 80 talet ein gong. Ein reikna sikkert med at kassetten ville slå an, kome på 10 i skotet, VG-lista, og fullstendig ta av slik at bygdeidrettslaget Haugen vart vidgjetne også utanfor møkalukta som ofte omringa Hauane og Klenkarberget på den tida. Då skulle det vertfall ikkje være mangel på Haugencapsar og skjerf, og det vart bestilt inn i kassevis.. Det vart gåvene under juletreda på Hauane den jula for å seie det slik. Ein liten digresjon dette...

Øystein var til stades. På Klenkarberget. Konstant. Som møkalukta. Allereie då. Og hadde sikkert vore der i årevis før det også. Eg var nok berre for ung til å legge merke til akkurat det. For å hente ballar, slå bana, rydde garderoba, slenge gode kommentarar, prate skit, skru ein ball i vinkelen med venstrefoten og legge ting til rette føre trening og kamp. Ikkje for at han hadde ansvar føre det, eller at han måtte, men fordi han hadde eit brennande engasjement for fotballen i Haugen idrettslag. Dette er no ca 25 år sidan. Eg og ein generasjon med nokon av dei beste aldersbestemte spelarane Haugen nokonsinne har fostra er derimot vekke. Oss vart det ikkje bærebjelkar for Haugen av, diverre, sjølv om Jimmen fekk 123 kampar før knea svikta, respektabelt det. Øystein er der derimot framleis. Han hoppa ikkje på tilbod frå klubbar i høgare divisjonar, han vart ikkje lokka av kjøregodtgjerdsle og leigebil, han flytta ikkje for å ta høgare utdanning, han rota seg ikkje bort i kvinnfolk langt utanfor kommunegrensa, og han jakta ikkje ein betre jobb eller erfaringar andre stadar i landet, eller innjafor svora.... Som regel hadde han null forståelse for slike krumspring, og kommentaren var som regel; " Ka i helvete ve de nå der?"..... Dei siste åra med stadig meir ansvar, med stadig fleire ansvarsroller, og med stadig færre og dele det med. Det står det respekt av, og eg trur ikkje eg overdriv når eg seier at det ikkje hadde eksistert noko fotballag på Hauane utan Øystein dei siste 10 åra. Ikkje eit Klenkarberget i slik forfatning heller, som utvilsamt er ei av dei flottaste naturgrasbanene ein kan spele ball på vest for vatnskiljet.

Utan Øystein hadde det ikkje eksistert eit tilbod for folk som ikkje var gode nok for Eid, ikkje ynskja og spele for Eid, dei som vil trappe ned, ein del av våre nye landsmenn, dei som ikkje vil trene så mykje, dei som ikkje får lov å- eller kan trene så mykje på grunn av familiære årsaker, dei som burde lagt opp men ikkje klarar det, dei som er innom bygda på snarvisitt før ein skal vidare og dei som rett og slett tykkje det er gysla kjekt og spele på Haugen ilag med Øystein. Det blir ein del folk det. Over dei siste 10 åra har det blitt ganske mange,  men det gjere det også veldig utfordrande. Det blir litt mangel på stabilitet. Mange er nemleg ikkje med over tid, og det kan difor vere vanskeleg å vite om ein har lag på årleg basis, neste sesong, til haustsesongen, til å rykkje opp og til neste lange bortekamp. Eller neste kamp i det heile. Øystein kan ikkje vere eit heilt lag aleine, men det er om lag det einaste han ikkje kan. Han kan vere, kunne vere, ei midtbane aleine innjimyllja, trenar og oppmann på eingong, trenar, oppmann og banemeister på ein gong, trenar, oppmann, banemeister, leiar i idrettslaget på ein gong. Innjimyllja har han dømt litt og. Ofte tek han sikkert på seg diverse ting også sjølv om han kanskje ikkje har særskilt lyst, men fordi han kjenner han må. Fordi ingen andre gjere det. For at det skal eksistere eit seniorlag på Hauane, svarte og kvite striper, at sebratrøyene, Haugen, skal vere på fotballkartet, i kommunen, i fjorden og i fylkjet. Fordi ein alltid har vore det, sidan fordums tider, sidan Vrangfos idrettslag skifta navn til Haugen Il i 1932. Det er f...meg beint fram beundringsverdig.

Foto: Stig Høynes - www.haugenfotball.no

Han leverte og leverar utanfor bana også. Huset hans var og er delvis samlingstad for fråflytta Hauara, min generasjon kanskje spesielt. Som regel veit han også om at ein kjem. Andre gongar ikkje. Han har arrangert festar og kortkveldar han ikkje viste om før dei begynte, han har arrangert samankomstar der han i starten ikkje var til stades eller hadde forventa når han kom, han har sikkert arrangert samlingar når han strengt tatt ikkje hadde lyst og. Totalt sett har det i alle fall vore moro, for vår del i alle fall, og vi håpar han sjølv og tykkje det har vore sånn nokolunde. Øystein er morosam å vere i lag med. Han snakkar og kommenterar frå levra. Er ein idiot så får ein høre nettopp det, dog ofte med ein humoristisk undertone, og for folk som bur fast vest for fjella eller utanfor fylkjet så har det stundom vore godt å bli såtte litt på plass. Då veit ein at ein er heime, då veit ein kvar ein kjem frå og kor ein høyre til. Øystein er flink til å hjelpe til med det......og mykje av det som blir sagt kan ein leve lengje på, i flir, i minner og kanskje til og med i erfaringar. Øystein er rett og slett ein fin fyr.

Øystein har no tatt kamprekorden frå ein i slekta, Oddmund Balsnes. 325 kampar har han spelt for Haugen. Dei fleste kampane har han derimot spelt etter han var 30-35 år trur eg, om ein tel opp. Etter at folk flest faktisk legg opp fordi alderen tyngar. Det gjere det kanskje enno meir imponerande, uansett divisjonsnivå. 10 år føre der hadde han nok også ei eller anna rolle i forbindelse med A-laget til Haugen, og spelte ei viktig rolle. I tenåra var han supportar, og reiste fylkjet rundt for å følge superlaget Haugen i jakta på poeng. Slik gjekk helgane. Mange av turane hugsar han sikkert ikkje. Ikkje spelarane heller for den del. Det var andre tider, og godt er det. På alle måtar. Poenget er vel at 325 kampar for Haugen er kun dei kampane han har hatt på seg drakt. Tek ein med allje kampar der han har hatt ei aktiv rolle i kvit haugencaps så kan det talet enkelt doblast, kanskje om lag tredoblast om ein tek med aldersbestemte kampar. Og då har ein utelukka kampar han kun har sett på, i campingstol, utan anna rolle enn å nyte ein forhåpentlegvis god fotballkamp og god dømming. Det har vore nokon av dei også, rundt om i Fjordane.

I stova har han ein blå diplom frå kretsen. For god innsats for fotballen i Sogn og Fjordane. Det burde vere dags for ein ny diplom, ved sidan av den han har. Det er der plass til. Ein i noko gyldnare fargar, som takk for den framifrå innsatsen og som ei særs fortjent markering i høve 50-årsdagen i oktober. For fotballinnsatsen for alle i Haugen, i Eid/Haugen, i kommuna, og ikkje minst for alle spelarar som er på hell....

At Magne Kjøsnes, som Øystein sjølv påpeikar, har vore Haugen sin beste spelar gjennom tidene er det nok ikkje så mykje tvivl om. Han var rett og slett ganske god. Øystein har derimot vore best i alt annja, er difor fyrst i alt, og ikkje minst;

Mr Haugen himself.

Det tek eg av meg hatten for.



1 kommentar: