torsdag 28. juli 2016

Malakoff

Malakoff. Eg må seie at eg er imponert. Ikkje av musikken. Nei, for ca 70 % av den er nok litt bråkete for min smak. Men det er min smak. Eller min mangel på smak, innan musikk, alt ettersom. Eg likar musikk, men noko musikkjennar eg eg aldeles ikkje. Heilt ærleg, så har eg rett og slett ikkje peiling. 50 % av banda som var der i år har eg sikkert ikkje høyrt om ein gong. Topp 20 på VG lista har eg derimot ganske grei kontroll på, og Høyem, Nordstoga, Iggy Pop og dei karane der. Samt nokon av dei nye computer-musikarane, som eksempelvis Matoma. Dei kan tidvis rykkje litt i rockefoten min med ein slager eller to. Grei skuring der altså. Men Yelawolf, Tiebreaker og den pakka der, ikkje i det heile. Andre har tydeligvis det, og dei likar at det brølast og ikkje syngast inn i mikrofonen. Ære vere dei for det altså. For min del blir det litt for svart, litt for mykje metall, og litt for utydeleg. Høyre ikkje eit ord av det dei synge om, korreksjon; brøle om, og det er umogleg å få med seg teksten. Alt ein kan konkludere med er at det sikkert er mørkt og dystert, eller at ein er forbannja på noko, eller nokon, og at det sjølvsagt må forløysast mot noko eller nokon, i form av brøling og skråling frå ei scene. Gjerne med langt hår og ustelt skjegg, i lakk og lær, eller noko i den dur. For liksom verkeleg å få fram poenget, for å verkeleg setje eit standpunkt. Stålbrev. Det er tross alt ein rockefestival, og ikkje ein populærmusikk-festival. I mange samanhengar, blir det likevel for mine øyre vel og merke, litt hardt og litt mykje metall. Rocken har tydelegvis utvikla seg, og eg og min smak heng ikkje med i tida, og er sikkert gått ut på dato. Uansett, eg er likevel frykteleg imponert. Over Malakoff, Over Eid, Over dei friviljuge.

Eg er imponert over dei som steller og styrer med denne festivalen, med Arnt Ivar i spissen, og alt dei får til. At dei på årleg basis klarar og få profilar til den vesle bygda Eid. Dei betalar sjølvsagt føre seg, men mange av dei har sikkert eit utall destinasjonar/festivalar og velge i myllja, og likevel kjem dei til vesle Eid. Ikkje trur eg at ein overbetalar artistar heller for å få det til. Eg trur heller at mange no etterkvart berre blir glade for å bli spurt, set pris på det omlag, og at ein nærmast prioriterer Malakoff fyrst sjølv om det eksisterer eit tilsvarande og kanskje noko betre betalt alternativ. Det er rimeleg godt gjort. Det fortel litt om merkevara Malakoff, som ikkje har kome av seg sjølv, men er bygd opp gjennom hardt og målretta arbeid over mange år. Å byggje ei merkevare er frykteleg vanskeleg, på ein liten stad som Eid er det enno vanskelegare, fordi Eid er ikkje akkurat på kartet, korkje nasjonalt eller internasjonalt. Og i alle fall ikkje innan rockemusikk. Det har ein etterkvart blitt no. Malakoff er på kartet, vidgjetne, som musikkfestival, for dei som faktisk er heilt avgjerande for å få dette til. Artistane, banda, singer/songwritarane, dj`ane. Dei som skal fylle helga med innhald. Det er ikkje berre godt gjort. Det er fantastisk godt gjort. Og det fortjenar dei ansvarlige for festivalen all honør for, allje, heilt tilbake til den spede starten for 13 år sidan.

Merkevara Malakoff. Den er er synonymt med eit fantastisk festivalområde, ein godt tilrettelagt festivalcamp, god stemning, fantastisk god logistikk, alt som tel er på stell, ein inkluderande og tilrettelagt festival også for born og unge, og artistane blir sikkert tatt umåteleg godt vare på. I tillegg har bygda trykt festivalen innerst i hjarterota, og står nærmast på hovudet denne helga i året, og minst i veka før. For å få dette til. Ambisjonen virkar å være at alle skal ha si beste helg heile året, alle er smilande og glade, hjarterommet er stort, hagar og rom er åpne, alle er velkomne, alle hjelper til, og ingen oppgåver verkar umoglege. Malakoff er bygda, og bygda er Malakoff. Sånt smittar, og over tid har ein blitt litt bedre år for år. Fordi i motsetnad til mange andre så har ein lært undervegs, og progresjonen har vore deretter. Sånt blir lagt merke til. Ein veit kva ein får. Og ikkje minst, ein veit kva ein slepp; lange køar både på toalett og i bar, gjørmete underlag, dårleg billetthandtering og irriterte vakter. Malakoff er smil, frå øyre til øyre, i solskinn, og i stiv kuling når det regnar sidelengs, kor som helst, når som helst. Uansett.

Eg kan ingenting om musikk. Eg har likevel vore ein del på festivalar. Ålesund og omegn har også sin skjerv av dei blant anna. Det er forksjell på festivalar. Det er forskjell på hotell i syden også. Om prisen er den samme for to intensive dagar, så vel ein hotellet med fem stjerner kontra det på tre. Malakoff er som eit fem stjerners hotell. Folk som kjem er der hovedsakleg for å ha ei umåteleg triveleg helg, og ein forventar dermed at fasilitetane er sånn nokolunde. Toaletta blir reingjort regelmessig, kapasiteten er god, ein får kjølt seg ned utan lang ventetid i baren, kapasiteten er god, ein får kjapt og enkelt stoppa hungeren, kapasiteten er god og personalet er jamt over umåteleg hyggelege og hjelpsomme. Forskjellen på å fem og tre stjerner er i bunn og grunn mangelen på noko og klage på. Mangel på irritasjon. Klart det blir god stemning av sånt. Difor er også Malakoff så populært og så godt likt. Eg reiknar med det foregår ein del erfaringsutveksling festivalar i myllja allereie, men Malakoff har heilt klart meir og lære vekk......

Dei frivilljuge. For ein gjeng. 1000 stykker i talet. Omlag. Kanskje meir, kanskje noko mindre, kva veit eg. Det spela heller inga rolle. Folk frå bygda og utanfrå, ganske longt også. 1000 stykker i ein kommune med 6000. 16,67 %. Det er beint fram avsindig i seg sjølv. Enkeltsjeler og lag, bedrifter og organisasjonar, vennegjengar og kjærestepar, ektepar, besteforeldre, einsame, skilde, åleinemødre, ungkara og spelemenn.  I ein synkron harmoni, for å få denne festivalen opp å gå, for å gjennomføre den, og for å avslutte den, rigge den ned, og rydde, knapt utan spor av at omlag 20.000 menneske har trakka på eit begrensa område over to dagar. For å ikkje snakke om alle som set hagar og rom til disposisjon, alle dei som passar ungar, dei som driv handelstand og butikkar. Det er mange involverte, og alle spelar ei viktig rolle, for ei samla målsetjing om eit vellukka arrangement for absolutt alle. Store og små.

I år meldte eg meg til tjeneste, og fekk med meg dama. Eg følte det var på tide, for min del etter å ha kome til duk og dekka bord i omlag 10 år, og kanskje til og med å ha tatt det litt som ei sjølvfølge. Eg følte eg skyldte festivalen såpass, også fordi eg satte festivalen litt i vanry med eit idiotisk krumspring for eit par år sidan. Eg ville rett og slett gi litt tilbake, det var det minste eg kunne gjere, å setje av litt tid, for å bidra så godt eg kunne. Det gav meg meir enn det kosta for å seie det slik. Det var eigentleg veldig kjekt heile greia. To vakter i lag med kjekke folk i baren. Kun smilande folk og sjå på alle kantar, både foran og bak disken. Og det ein satt igjen med, var nestan at det var FOR godt organisert. Det gjekk meir eller mindre på autopilot, og det var kun litt antydning til kø når det var dags for ny artist og sceneskift. Veggen. Då tappa ein heile fat utan å stoppe krana, ein fylte berre på langs med så godt det lot seg gjere. Det gjekk nokre liter for å seie det slik, folk var generelt tyste. Det var vel varmen.... Ellers så gjekk det jamt, og ein fekk tid til å ta innover seg stemninga, musikken, atmosfæren, prate med kjente og kjære, og andre friviljuge. Å vere friviljug kan eg heilt klart anbefale. Har ein anledning er det berre å melde seg til tjeneste. Merkevaren Malakoff lagar seg ikkje sjølv. Det hadde ikkje vore Malakoff slik vi kjenner det, det hadde ikkje vore Iggy Pop, yrande liv i Eidsgata, kanonstemning i 48 timar, like mange sunnmøringar, bergensarar og austlendingar på Eid, utan dei friviljuge. Det er viktig å ta vare på. Det er eigentleg heilt avgjerande. Og det er alltid ein fordel å byte litt på, for å bevare entusiasmen, engasjementet og lysta også i framtida.

Og medan eg stod der, ved tappekrana mi, og såg utover folkehavet, så kjente ein litt på at ein var stolt... Av å vere frå Eid. Av Malakoff. Av det denne vesla bygda får til. At Eid både inviterar og leverar. Til dei grader. Eg trur fleire kjente litt på det.

Og at ein kan slå seg til ro med at neste gong ein er ute i verda og folk spør kvar ein kjem i frå, så kan ein nok eit år seie Eid, Nordfjordeid, der Malakoff er.

Å ja, der ja. Da vet jeg hvor det er. Litt utenfor ring 3 er det ikke?.........

Merkevara.

Malakoff er bygda. Bygda er Malakoff. Slik det må vere for å få noko til.



















<a href="http://blogglisten.no/blogg/saasen79.blogspot.no/"><img src="http://blogglisten.no/img/blogglisten.png" alt="Blogglisten" /></a><img height="0" border="0" width="0" alt="hits" src="http://hits.blogsoft.org/?eid=2322" />
  

1DDB4ADF-9A87-4496-959CA60D16805A12-AFB89F78-3EB2-4CF1-9B9167C64984335B

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar