torsdag 19. januar 2017

Dan Jøran Hafsås

Folk flest kjenner han sikkert som den nye A-lagstrenaren til Eid. Sjølv kjenner eg han best som bror min. Eller mest kjenner eg han stort sett som ein pest eller plage frå då eg stadig budde heime, men dei siste 20 åra så har ein begynt å setje litt meir pris på han. Han har etterkvart blitt ein morsom og fin fyr, og litt mindre travel enn då han var yngre. Dan Jøran er 13 år yngre enn meg, og var kun 4-5 år gamal då eg forlot redet. I den tida så var han særs klengete. Han skulle absolutt inn på loftstova når vi karane spelte poker, han skulle absolutt vere med når det var alpin trening, fotball trening, seriekampar, eg hadde besøk og gud veit kva. Fyren var ein klegg. Umogleg å bli kvitt. Slik er det vel ofte med småsyskjen.

Dan Jøran brukte og underhalde på veg til fotballkamp når eg sjølv var på smågutelaget/gutelaget til Haugen. Faderen var trenar og mamma jobba stundom seinvakt, så det var ikkje noko veg utanom. Dan Jøran sang. Det er nok fleire som hugsar Zombie med Cranberries får den tre år gamle strikjen bakerst i bussen på veg til bortekamp i Florø i gamle dagar. Kva han har fått interessa for musikk og sangstemma frå må gudane vite. Men ifølge seg sjølv var min far visstnok ein habil vokalist i eit band rundt 1970. Sjølv har eg store problem med å sjå det føre meg. Eller det ser eg rett og slett ikkje føre meg i det heile. Song har derimot vore hyppig brukt for å kome seg gjennom lange dagar i jordbæråkeren. Farfar sang stort sett i eit strekk heile økta, som vanligvis varte i fire-fem timar. Problemet var at det gjerne kun var ein tre fire songar som gikk på repeat. 3 dagen var ein difor dritlei, noko som er problematisk når ein veit sesongen varar bortimot ein månad.  Og så var det på han igjen året etter, for min del i 10 år på rad. Det gjekk i " Ramona, ingen kvinne er som deg...", " Suttam og suddeli, suttam suttam sudeli", og " Når fjordane blånar som markens fiol". Det er nok mange ungar på Stårheim og Hauane som kjenner snuttar av disse klassiske melodiane. Mogleg Dan Jøran plukka opp noko derifrå, eg veit ikkje. Litt tvilsamt eigentleg, då han nok er den av syskjena som slapp billigst i frå det å arbeide på garden i borneåra. Slik er det når ein er litt attpåklatt, då slepp ein unna det meste av plikter, reglar, og krav, og surfar som regel fint gjennom livet. Bortskjemde dritungar heiter det vel eigentleg i dag.

Sjølv har eg knapt høyrt han synge heime. Så det var rimeleg overraskande når ein brått høyrde at han skulle synge i skuleoppsetningar som Grease og West Side Story på vidaregåande. Den såg eg ikkje komme, ikkje nokon andre i familien heller trur eg. Det var i grunn berre å kome seg avgårde frå Ålebyen og få det med seg i Operahuset. Det gjekk overraskande nok over all forventning, for fulle hus, og med gode kritikkar. Med andre ord så hadde han eit visst talent for dette, og han prøvde vel også å utvikle det ei lita stund lokalt. Veit ikkje om han prøvde seg i Idol nokon gong, for å prøve og få det berømte gullkortet. Det som Øyvind Løkling alltid meinar han ville ha fått, med sin fengjande versjon av Carolas " Fångat av ein Stormvind". Øyvind drog diverre ikkje den versjonen heile vegen frå vorspiel til audition. Øyvind meinar den dag i dag, at den versjonen ville holdt til topp 100 ;" Topp 100, definitivt karar". Den funkar vertfall fint på vorspiel.

At Dan Jøran er interessert i idrett er kanskje ikkje så rart, han fekk det tross alt inn med morsmelka. Han er dessutan delvis opp att kalt etter Gøran Sørloth, Rosenborg sin møtande spiss på 80 og 90 talet. Kanskje verdas beste møtande spiss ei periode, visstnok. Mamma tykte så godt om han Gøran, ikkje fordi han var så steikje godt til å spele fotball, men fordi han var så fin å sjå på. Ho var difor fast bestemt på at fikk ho ein son til så skulle ho kalle han opp etter den gamle landslagspissen. Kva Dan kjem i frå, er ikkje godt å seie, men ei eller anna kortslutning må det vertfall vore. Sjølv er eg og systra mi kalla opp etter besteforeldra våre. Kay for Knut, og Ove for Olav, Mar for Magny og Grete for Gunvor. Ronny Andre? Ikkje godt å vite. Navnet må enten komme frå Tramteateret eller frå lista over Noregs mest hardbarka kriminelle. Navnet skjemmer uansett ingen seiast det. Dan Jøran føyer seg dermed berre inn på lista.....av merkverdige navneval frå våre foreldre.

Eg vil tru at Dan Jøran er den som starta med organisert trening tidligast i Norge. Allerede frå eitt-to -årsalderen var han fast inventar på fotball- og ski-treningar, ofte tre-fire økter i veka. Fyren gjekk ganske seint, så fyrste tida sat han stort sett pal. Ofte opp i dungjen med kalk, den ein brukte til å merkje bana, og han forsynte seg også av dette. Sikkert difor han er den store branden han er i dag. Kalk er bra for vekst. Faderen skulle både passe han og trene oss, og det gjekk ikkje alltid så bra, for det det er vanskeleg å konsentrere seg om fleire ting på ein gong. Stundom måtte vi difor leite etter fyren etter trening, enten så hadde han tullja seg inn i skogen på jakt etter ein ball, følgt etter saudene hass Kjartan, eller noko anna han strengt tatt hadde fått beskjed om å ikkje gjere. Men vi fant han att stort sett, sjølv om det av og til kunne ta litt tid. Det var som regel berre å følgje lyden av ein Cranberries song.......



Dan Jøran spelte aktivt fotball, og dreiv med skiskyting. Han fulgte nok litt i fotspora til Ronny. Kroppsleg var det derimot stor skilnad på dei. Dan Jøran var i borneåra liten og tett, medan Ronny var liten og lett. Ronny var på fotballbana nokså slepen med ballen i beina, ein som kunne drible eit par tre mann,, Dan Jøran hadde overblikket, fotballforståelsen og den gode pasningsfoten. Fart hadde ingen av dei, som bror sin. I Skiskyting flaug Ronny bakkane, og Dan Jøran kvidde seg til dei, og såg mest fram til nedoverbakkane. Skytinga var ein hemsko for dei begge to. For Dan Jøran var nok Ronny ein han såg opp til, lærte mykje av, og som han prøvde og strekkje seg etter. Noko som skulle vise seg å vere særs vanskeleg, sjølv om han gjorde eit ærleg forsøk.

Etterkvart som han strakk seg litt begynte han difor også å trene litt meir målretta. Han forbedra kondisjonen ganske mykje tidleg i tenåra, kom ei periode i rimeleg god form, og hevda seg betre i 13-14 års alderen. I starten fekk han nokre positive svar, kom høgare på resultatlistene enn året før, og det gjekk ein del lettare i sporet. Bakkane var ikkje like tunge lenger. Til tross for god form blei dette likevel starten på slutten i skiskyting. Dan Jøran sleit mykje med melkesyre, så det skulle ikkje mykje til før han vart pinnje stiv i leggane, og det slapp heller ikkje taket så lett, noko som gjorde at restitusjon tok lang tid. Dette gjorde han drittlei trur eg. Hugsar ikkje heilt når og kor han slutta, men meina det var under rulleski NM året etter han starta å trene seriøst. Kanskje det året han skulle fylle 15. Han kom vertfall inn på standplass med børsa på ryggen, men magasinet var vekk. Med andro ord så hadde han ikkje skot. Enten hadde det falt ut, eller så hadde han gløymt å setje det i. Han gjekk vertfall rett ut av løypa og brølte; "dette gidd eg ikkje meir, eg legge opp"! . Stilreint. Sånn vart det med den saken, og eg trur ikkje han har tatt i eit gevær etterpå. Og det gjekk lang tid før han tok på seg lanngrennski att, til og med for kosen si skuld.

Det var kun fotball att. Og her holdt han det gåande til junioralder. Han bøtta inn ein del mål, og var med på nokre gode aldersbestemte lag som hevda seg godt i fylkjet. Han rauk korsbandet i treningskamp mot Volda i 2010, gjorde comeback med mål mot TMFK året etter, men sleit såpass med mjølkesyre i beina under opptrening etter skaden at han måtte kaste inn handkleet til slutt. Då var det betre og gi seg når leiken var god. I følgje seg sjølv er laktatprofilen såpass skyhøg enda at det verkje konstant frå lisjetåna til halsen. Stundom er det så gale at han går sidelengs i trapper, og han er den einaste eg kjenner som får gongsperre av å spele ludo. Så dei siste 6-7 åra har han nøgd seg med Fustsalturneringar i lag med gode kompisar, og dei har vel vunne det meste av det dei stiller opp på. Så litt fotball er det nok i skrotten enno, sjølv om han etter kvar turnering meir eller mindre er sengjeliggande.

At Dan Jøran interesserte seg for og ynskte å utdanne seg til trenar er ikkje så overraskande. Det er stort sett idrett han i det heile har brydd seg noko om, og då fotball spesielt. Han bestemte seg tidleg for å drive på med noko innanfor idrett, og han kan rett og slett ikkje noko anna. Når han måtte gi seg sjølv i ung alder er det nok trenaryrkjet han har brent mest for. Stundom kan han sitte med ein fotballkamp på TV, ein annan kamp på ein PC, og ytterligare ein MAC eller noko til der han har oversikten over tippinga. Han ser bortimot alt av fotball, og han legg opp livet meir eller mindre etter fotballkampar på TV eller terminlista. Og etterpå så skal han analyserere kampen i hel. Sånt kan umogleg vere sunt. I tillegg held han med Arsenal. Han helde litt for mykje med Arsenal. Såpass mykje at ei tap øydeleggjer heile veka, fører til djupe depresjonar, og han blir potte sur, der ei scoring imot gjerne kan føre til at ting flyg veggimyllja. Den flottaste julegåva i år var ei Arsenal badekåpe frå sambuaren Mari. Den gjekk han i resten av romjula. Ein trenge ikkje kle så lengje ein har ei Arsenal badekåpe sa han. At Mari helde ut med denne ihuga fotballinteressa er for oss andre ei gåte. Mari må vere ei fantastisk tålmodig dame, og ufatteleg glad i bror min. Noko som i seg sjølv er vanskeleg å forstå, men at han er fullstendig avhengig av ho er det vertfall ikkje mykje tvivl om. Dan Jøran klarer seg nok ikkje utan, han er omtrent like husleg som Lothepus. Mari gir noko fornuft og stabilitet i all galskapen.

Og no skal denne karen ta over Eid, i ein alder av 24 år. Det blir mildt sagt spennande, men han er i alle fall dedikert til det han driv med, og han vil nok klare seg fint. Det vil i alle fall ikkje stå på entusiasme. Ein må også berømme Eid fotball for at dei satsar ungt, og gir ein med fersk trenarutdanning sjansen. Ikkje alle klubbar ville gjort det. For Dan Jøran er dette utvilsomt ei grei utfordring som nyutdanna fotballtrenar, og ein fin start på ei forhåpentlegvis lovande trenarkarriere. Ambisjonane er nok sikkert høgare enn Eid, men alle må starte ein plass, og med det Bjørn Totland har bygd opp og fått til på Eid så er det ein framifrå klubb og begynne i. Mange treningsvillige og talentfulle gutar som er læreviljuge. Eit betre utgangspunkt er det vanskeleg å be om.

Så får vi håpe på mange poeng og feiande flott fotball på EId Stadion i år for går det dårleg så vil ikkje bror min vere særlig tilsnakkandes.

For enkelte er det nemlig ikkje nok å berre delta.

Men så lenge ein berre slår Stryn....så er jo sesongen redda.

Og får han fyken, så kan han jo alltids underhalde i pausa.