tirsdag 26. mars 2019

Min far - Jarle Hafsås - Borneidrettstrenaren.

Det finst ikkje noko meir sexy ting enn menn som følge opp sine born har eg haurt frå diverse kvinner. Sikkert mykje sant i det. Prøvd eg og, men ikkje lukkast alltids. Konglomeratet mitt gjere det rimeleg utfordrande. Forskjellege adresser likeså, men eg prøvar vertfall. Men må seie eg blir rimeleg imponert av folk som stadig brukar tida si ikkje berre på sine eigne born, men på andre sine born og unge, også når sine slutta. Min far er ein slik. Dog er han ikkje like sexy lenger, i alle fall, i fylgje mi mor... Men han var det, visstnok. Ein gong. Tilsynelatande. Det er vel strengt tatt eg eit resultat av, og mine tre syskjen. Men nok om det.


Min far. Borneidrettstrenaren. Det er vel strengt tatt det eg mins han som. Det og som jordbærbonde. Og som verftsarbeidar på løkja vinterhalvåret, når jorda ute på Hafsås lågg kvitkledd og brakk. No derimot ligg den berre brakk, og klippast eit par gongar i året til dyrefôr. Jorda altså, ikkje han Jarle. Rart med det, var så dritlei heile jordbærbruket, men no er det stundom stusseleg at der ikkje er eit bær og oppdrive....jordbær og vaniljesaus smakast best rett frå stilk, eller så kan ein like godt la være. Noko eg i praksis har gjort dei siste ti åra. Ryggen og knea er likevel øydelagt så det minste ein kunne forlange var vel at ein sat att ein jordbærkvast tenkje no eg. På Hafsåsneset. Men det er vel der som andre stadar, når profitten uteblir leggast ting ned.....og vi leiglendingane i gardsdrifta sit ikkje att med ferske bær på sundagsmiddagane lenger ein gong. Ikkje eingong for kosen si skuld. 

Jordbær og idrett. Det er vel stort sett det livet har gått i på Hafsås. For min far vertfall, og for meg, og så har mor mi gått og syta føre alt det andre. Strengt tatt. Om vi skal vere ærlege. Det er vel ho som har haldt jula i gong. Syta føre at eg kom meg på skule, gjorde lekse, fekk i meg mat, fekk nok søvn, at eg i det heile vart sånn nokolunde.....som folk. Som person. Og at hus og heim alltid har vore plettfritt, ein plass ein kunne trivast og som alltid har vore opent for venar og kjende. Far min han sørga for å få meg på trening, at eg kom meg i åkeren, i plomehagen, i eplehagen, i bringbærbuskene. Og at eg gjorde det skikkeleg når eg fyrst var der. Han sørga for å lære meg at det ikkje berre var og møte opp. Det hadde han nok frå far sin, han Knut. Hjå han var ein dag utan abeid ein dag utan meining. Eg plukka heldigvis ikkje opp alt det der, men eg sakna farfaren min, han klaga aldri, sang alltid, til tross for at han i kroner og øre sat att med lite. Livslærdom i det og. Men ja, det er greit gjere ting skikkeleg. Akkurat det sit att. Det er forskjell på ei innsidepasning. Den skal vere perfekt tima i tid og rom. Den skal ikkje gjere neste trekk vanskelegare, men rett og slett bidra til at neste trekk er klårt som dagen. Det ein kallar ei kompispasning.

Min far har alltid engasjert meg i mine, og mine syskjen sine aktivitetar. Både som trenar, som åskodar og ikkje minst som sjåfør. For oss har det vore fotball, ski og handball. Systra mi har diverre ofte falt mellom to stolar, sidan hallidrett og handball aldri vakte den heilt store interessa. Men var det kamp, eller om det var behov for skyss stilte han opp. Det enorme engasjementet som meg og brødrene mine fekk uteblei diverre på den fronten, og stundom har ein vel hatt dårleg samvit for systra si på grunn av det.



At vi gutane byrja med fotball er ikkje så rart. Det fekk vi inn med morsmjølka. Pappa trente Haugen når eg vaks opp, og eg var med på trening, på kamp og gud veit kva. Eg kunne lagoppstillinga til Brasil i VM i 82 som treåring. Ball har alltid vore viktig. Eg var vel like gamal når faderen ein gong klikka i vinkel over ein dårleg kampstart i Vågsøy trur eg, snudde seg mot benken og sa; "kle av deg du skal innpå", til ein av innbytarane. ... så var eg som tråring godt i gong med å få av meg kleda....Sånn gjekk dagane. Og mine brødre fulgte meg og mine interesser. På grunn av at vi budde i Nordfjord vart det fotball og ski, men det kunne like gjerne vore noko anna.....min far interesserar seg for alt av sport nærmast. Men vi vaks opp på Klenkarberget og på Harpefossen. Fotball og ski vart dermed ein del av oppveksten.

Min far tok treneransvar. I starten kun for fotballen. Han har vel trent oss gutane det meste av våre aldersbestemte år. Det var ikkje alltid noko kjære mor. Sjeldan han var nøgd, etter ein kamp eller ei trening. Vi var som regel stilt høge krav til. Og det var mykje vi til ein kvar tid burde gjort annleis...slått pasninga der i staden for her....sprunge litt meir eller bidrege litt meir på noko anna vis. På den tida hugsa eg det ofte som ei pest eller plage, og stundom gjekk det ei kule varmt kring middagsbordet på kveldane. Mine brødre følte det nok likedan, men vi har fått noko meir forståing føre det etter eg byrja trene eigne born. Det handla i hovudsak om ikkje å forskjellsbehandle, det handla i stor grad om å trigge nokon til å få ut sitt eige potensial, og det handla i stor grad om å vekke nokre instinkt som gjorde at ein sjølv tok tak i ting for å utvikle seg til å bli betre. Det funka diverre ikkje for meg den gongen, men mogleg det funka for andre. Min bror for eksempel. Dessutan har han blitt meir lempeleg med åra, ein lære vel så lenge ein lever.


Eg dreiv i tillegg med Alpint. Kvifor hugsa eg ikkje, men mormor og morfar hadde hytte på Harpefossen og eg budde der meir eller mindre om vintrane. Eg var glad i stå på ski, og eg var glad i å konkurrere. På den tida var det Alpint ein konkurrerte i, og eg byrja difor med det. Far min trente meg aldri, men kjøyrde meg tre gongar i veka på to timars skitrening.  Og venta til eg var ferdig medan han røykte opp ein pakke Petterøes 3. Han las seg opp på skiprepping og skismurning, og utstyret var alltid med god glid. Han fulgte opp, etterkvart kom blei Ronny med, men så vart vintrane dårlegare, snøven mindre, og ein byrja skjønne at vinter og ski i større grad kom til å handle om å kome seg på bortover ski.....eg prøvde. Men for meg låg det meir å ta heisen opp og danse fjellsida ned att. Bortoverski vart for travelt, for kjedsamt, og sidan dette meir eller mindre var i perioda der ein gjekk frå treski til glassfiberski :-) så gav eg opp.

Ronny fortsatte, hadde treningsviljen eg mangla og vart rimeleg god på eit tidspunkt der. Og skiskyting vart dermed det store nye. Pappa las seg opp, både på fysisk trening, skiteknikk, og gud veit kva, og byrja etterkvart trene utøvarar i Stårheim IL i skiskyttargruppa. Det er mange som fortjenar honnør for all aktivitet i skiskyttarmiljøet på Stårheim, det har blitt nokre medaljar i nasjonale og inernasjonale meisterskap opp gjennom. For ein utflyttar er det lett gløyme nokon, og det vil vere feil av meg nemne enkeltpersonar. Dei veit kvem dei er. Og det har vore mange bidragsyterar.

No er far min sportsidiot, og han har alltid fulgt opp ungane sine når det gjeld aktivitetar ungane interesserte seg for. Det som har vore imponerande langs med, er at ein i stor grad sjølv har fått velge kva ein ville vere med på. Og så har han lest seg opp, utvikla kompetansen sin i forhold til det, for å følge oss best mogleg opp enten som åskodar eller trenar. For å kunne vere ein best mogleg bidragsytar, og for å kunne utvikle både idretten og treningsgruppene vidare. Idrett har aldri vore ein urias post for oss. Ikkje ein plass ein levera ungar for å få fritid. Idrett er miljø. Ein stad lære seg å ta ansvar, for seg sjølv og andre. Ein stad for personleg utvikling, læring, sosialt samkvem, fysisk fostring og for å lære meir om livet generelt. Korleis handtere opp og nedturar, og ikkje minst lære seg korleis ein skal fohalda seg til andre. Både individuelt og saman. Idrett skapar identitet og tilhøyre. For born og ungdom i dag blir det stadig viktigare.

Å fylgje opp sine eigne born er viktig. Uansett kva dei driv med. Men no har min far vore borneidrettstrenar i meir eller mindre 35 år. Med andre ord, han bidreg sjølv om borna har lagt sine idrettskarrierer på hylla. Han trenar faktisk ungane til folk han eing gong trente når eg haldt på. Og han held på enno, i sitt snart syttiande år. Det er rimeleg imponerande og beundringsverdig. Eg og min far har hatt våre feider. I mitt hovud er han verdas mest bedagelege mann, og rir ikkje nødvendigvis den dagen han har sala. Og på mange ting skulle eg ynskje far min tidvis var annleis. På ting som ikkje handlar om idrett, for det er ein del viktige ting utanom idrett også. Visstnok. Men for born og unge i Stårheim og Haugen IL tør eg påstå at det kanskje ikkje finnast ein mann som har brukt meir av si eiga tid for å sørge for at born og unge har hatt det kjekt med idretten, sørga for gode og trygge oppvekstvilkår, gode treningar, godt miljø og gode opplevingar. Min far har i om lag 35 år gitt born og unge evna og kjensla av meistring, glede av idrett, glede av aktivitet og glede av sosialt samkvem i trygge rammer. Det må eg seie eg er stum av beundring føre.

Og han har aldri gjort det for å skape toppidrettsutøvarar. Sjølv om det sikkert er kjekt langs med. Men i forhold til det han seier sjølv er det ingenting som betyr meir for han enn det å skape folk, skape identitet. Folk som trivast, er trygge på seg sjølv, og har det bra. Og som igjen blir bidragsyterar for born og unge, som dreg lokalsamfunnet framover og som opprettheld idrettsrørsla. Min far kan stundom vere vanskeleg dra ut or godstolen, og han er ikkje alltid glad i den store merksemda, men tidvis er det ei oppleving å vere med han på Eid. For alle helsar, alle veit kven han er, og han kjenner både borna, foreldrene og besteforeldre til dei fleste han møter på. For ein som flytta ut når han var 17 og knapt kjenner ei sjel på Eid lenger gjere det eit visst inntrykk.

Det finnast kanskje ikkje viktigare ting i livet enn å skape gode oppvekstvilkår for born og unge. Og min far har defintitiv bidrege til dette gjennom alle åra som trenar i borneidretten, innan fotball og ski, og også som primus motor for bornidrettsgruppene på Stårheim for 30 år sidan. Den innsatsen er rett og slett prisverdig.

Og så får vi håpe at han held fram nokre år til sjølv om han no blir pensjonist yrkesmessig.

Fordi han definitivt framleis har ting å bidra med i idretten...

Og fordi mamma, ho Liv,  ikkje skal irritera seg grøn av at han myglar i reclinaren i stova....

Av min far - Borneidrettstrenaren.