fredag 23. oktober 2015

Pareto-regelen.

Det er mangt som kan forklarast ved "the pareto rule". Kort forklart går den ut på at 80% av konsekvensane kjem av 20 % av årsakene. For ei bedrift vil det mellom anna seie at 80 % av omsetninga kjem frå omlag 20% av kundane, eller at 80% av resultatet skyldast 20% av dei ansatte. For ei kommune kan det kanskje tilseie at 80% av skatteinntektene kjem frå 20% av kommunens innbyggerar. Eller at 80% av privat mark i den samme kommunen er eigd av 20 % av befolkninga. Dette er ein sammanheng som er godt forklart empirisk under visse forutsetningar, og poenget er at den kan brukast til å prioritere dei riktige tinga, og den riktige tida. I andre samanhengar poengtera den også mykje feil ved samfunnet, utan at eg skal drodle så mykje rundt det her.

Som son av ein jordbærbonde tenkte eg ikkje særlig mykje over denne regelen i gamle dagar då somrane strengt tatt besto av å ligge på haudet i ein jordbæråker. Eg visste vel strengt tatt heller ikkje om den. Samanhengen har likevel slått meg sidan. Eg hadde alltid ein favorittåker. Der bæra var større enn i dei andre åkrane. Dette har fleire fordelar. Dess større bæra var dess lettare var det og få fylt ei korg. Dess lettare det er å få fylt ei korg, dess fleire korger plukkar ein den dagen. Jo fleire korger eg plukka, dess meir tjente eg. I tillegg hadde det eit tidsmoment. For kvar dag var jo ei bestillingsliste som skulle dekkast inn. Store bær gjorde at ein plukka fleire korger på kortare tid. Ergo vart ein tidligare ferdig med bestillingslista, slik at ein då kunne finne på noko anna. Eg er rimelig sikker på at denne åkeren sto for 80% av inntjeninga mi sjølv om eg plukka der kun 20% av tida. Eg er også rimelig overtydd om at den sto for 80% prosent av totalt volum i jordbærsesongen til far min, sjølv om den kanskje dekte berre 20% av arealet.

Far min fant aldri ut korleis han kunne doble antall "gode" åkrar, då årsakene til at ein åker vart god eller dårlig skyldast i stor grad faktorar ein ikkje kunne påverke i særlig grad, som vær, frost , rotsnutebillar og alt anna styr som påvirka avlinga i negativ retning. Det ein derimot kunne seie med relativt stor sannynlighet var at av fire/fem nye åkrar, så vart vertfall ein god. Problemet med det er at ein jobba 80% av tida for å sikre god lønnsemd for kun 20% av jordbæarealet. I staden burde ein jobba 20% av tida, for å sørge for lønnsemd av 80% av arealet. Dette kunne ein i teorien gjort, om ein kunne påvirka ting sjølv ved å legge åkrar i drivhus etc. Dette hadde krevd ein del investeringar, og etter ca 50 år med jordbærdyrking så skjønar eg godt at ein ynskte å benytte 80% av tida si somrane på noko anna etterkvart. For min del kunne eg gjerne håpt på at han kom på dette 20%  tidligare, så hadde eg sluppe 80% av mine ungdoms somrar på kne i ein jorbæråker.........

Tilbake til gullåkeren. Den sto som sagt for 80% av inntekta mi på bekostning av kun 20% av tida mi. Og det beste av alt, ein fekk dagen tidligare til fri disposisjon pga det åkeren genererte. Når vi var ferdige vart åkeren stilt til disposisjon for sjølvplukk for folk flest. Dette fant eg tidlig på å utnytte. Så når arbeidsdagen var ferdig i fohold til min pålakte plikt som son til jorbærbonden, så valgte eg å plukke sjølv i den samme åkeren. For det eg plukka måtte eg sjølvsagt betale ein kilopris til min far, dette trakk han av lønna mi tidligare på dagen. Bæra og bretta eg plukka tok eg med ned til vegen og solgte til forbipasserande bilar. Det var lukrativt, og effektivt. Slik burde det vore kvar dag heile veka, men i praksis gjorde eg dette kun 20% av tida. I praksis var det denne tida som gjorde det å plukke jordbær lønnsomt for min del. Dette gadd eg kun i gullåkeren. Så det var alltid ein fordel om det var dårlig vær denne dagen, slik at eg gjekk glipp av moro i fjæra eller på Klengarberget med kompisar. Det var jo alltid nokon som ikkje jobba. Dei same gjekk stort sett igjen kvar sumar. Og dei veit veldig godt kven dei er.

I 1991 prisar blei dette følgjande reiknestykke. Frå 08.00 til 12.00 plukka eg kanskje 8 brett for min far. Dvs 96 korger til 2 kr korga. Dvs at eg den dagen dro inn skarve 192 kroner som ansatt. Ikkje akkurat så himla mykje, men heller ikkje så verst for ein 12 åring. Timeprisen er jo på knappe 48 kroner, og i 1991 var ikkje det så gale. Problemet var at dette var ein god åker. På ein vanlig åkerdag var nok timeprisen halvert, og då lurte ein på kvifor ein var så uheldig å bli fødd inn i akkurat denne familien. Så til sjølvplukk biten. Far min tok kanskje 10 kroner kiloen for sjølvplukk, og på to timar plukka eg nok kanskje tre brett. Dvs 18 kilo a 10 kroner som skulle bli knappe 180 kroner. Etter 6 timar jobbing er eg dermed i praksis i null. Men eg er den stolte eigar av 36 korger med jordbær. Sidan sylte og jordbær og fløyte ikkje kastar noko særlig av seg må eg difor selge dei. Og det gjorde eg som nevnt ved vegen. Eg tok knappe 20 kroner korga, dei var jo tross alt rykande ferske. For dette drog eg inn 36 * 20 kr, knappe 720 kroner. Ofte tok dette meg eit par timar å selge, så den totale timeprisen den dagen blei omlag 90 kroner timen, ikkje halleluja men dobling av dei opprinnelege 48. So disse dagane var kjærkomne, på mange måtar. Dei lærte meg å tenkje alternativt, dei lærte meg å tenkje lønnsemd, det lærte meg å tenkje på effektivitet, og det lærte meg nytta ved å gjere eit gjennomtenkt dagsverk. Eg vurderte til og med å ansette nokon, men det fekk eg av ein eller annen grunn ikkje lov til. Eg var difor heller ikkje gamle karen når eg gav klar beskjed heime om at gardbruking ikkje var for meg. Eg gadd ikkje bruke 80% av tida mi på noko som kastar av seg knappe 20% av alternativa.

The pareto rule er noko eg har tenkt meir og meir over dei siste åra.  Eg bryr meg for eksempel om kun 20% av beslutningane i familien, men dei står til gjengjeld for kanskje 80% av konsekvensane. Eg brukar ca 80% av tida mi på dei viktigaste kundane mine. Eg brukar handverkarar på 20 % av det eg kunne gjort sjølv for det generer mest sannsynleg 80 % meir fritid. Og eg brukar delar av pengane mine delvis i tråd med denne tommelfingerregelen når eg skal investere i noko.

Den kan også brukast til å forklare at ulikheitene i samfunnet aukar. Når 20 % av befolkninga eig 80 % av ressursane virkar det det nærmast omogeleg å få ei likare fordeling av ressursar. Eksempel; Av ei befolkning på 5 eig ein mann 80 % av 5 Mill. Dvs 4 mill. Dei andre eig 1 Mill, 20 %, dvs 250.000 på kvar. Mannen på 4 Mill har dermed større forutsetningar for å auke sine ressurar enn dei med 250.000. Det er lettere og tjene 1 mill med 4 million enn 250.000. Ergo vil forskjellane ha ein lei tendens til berre auke. Då må staten inn og regulere, skattlegge, pålegge etc, for å redusere skeivdelinga. Til ein viss grad kan ein gjere dette, men sjeldan i så stor grad at forskjellane blir redusert. Ytre faktorar kan også føre til ei fordelingsendring, eksempelvis teknologiske nyvinningar, nye produkt, nye behov som andre fyller på ein bedre måte etc...som reduserer viktigheten til dei opprinnelige 20%. Forskjellen viser seg i beste fall kun å vere konstant likevel. Samensetninga av dei 20% som kontrollerar 80 % er likevel annleis, og kanskje 15 vs 85. Dette er rimelig forenkla, og ein sannhet med modifikasjonar, men likevel eit grweit bilde på denne samfunnsutfordringa. Det gir ein vertfall ei tankerekke, og samtidig eit håp om man er blant dei 80% :-).

Eg prøvar å lære barna mine dette, the pareto rule. Ikkje bokstavelig talt, men å prioritere tid mot det som faktisk betyr noko, eller det ein faktisk har mest igjen for. Eller å gjere noko som har positiv verdi for flest mogleg Det er ikkje alltid så enkelt, men om det ligg i bakhaudet, så er mitt håp at dette er noko dei tek med seg i det vaksne liv. Ei god gjerning har potensial til å spre seg. Å gjere noko riktig for seg sjølv har potensial til å styrkje både sjølvfølelse og meistringsfølelse. "The pareto rule" har derfor potensial til å vere noko riktig bra.

Utfordringa med the pareto rule er også at 20 % av alt det dumme man gjere står for 80 % av problema eller utfordringane ein står ovanfor. Eg veit litt om det også. Det får vi derimot ta ein annan gong.