mandag 5. september 2016

Posession eller rom - ei norsk tragedie.

Fotball. Eit rimeleg komplekst spel, 11 mot 11, som Tyskland til slutt vinn. I følge Gary Lineker, og ofte også i praksis. Greit nok. Tyskland er gode, veldig gode, men ein trenger vitterleg ikkje å gjere dei betre enn dei er. Som Norge i går. Fotball handlar i bunn og grunn om to ting, enten å dominere i form av posession, eller å dominere i forhold til rom. Tyskland, Barcelona, Bayern Munchen er gode eksempel på dei to fyrste og Atletico Madrid, Dortmund(under Klopp) og Leicester kan vere gode døme på det siste. Som Drillos i si tid, eller Lagerbäcks Island under EM. Lat oss difor byrje der.

Eg har ikkje eit einaste trenarkurs. Ikkje er eg professor i fotball heller, som Høgmo, men eg har sett ein del fotball, skjønar litt fotball, og eg trur eg er som dei fleste andre i dette landet...veldig god til å vurdere fotball frå sidelinja. Ekstremt god, på høgde med det beste i utlandet. Eg har derimot lyst å ta trenarkurs, formalisere alt det eg trur eg veit, men har over tid, med rette, vore skeptisk til alt som foregår av utdanning i NFF regi. Fordi eg meinar at mykje av det i stor grad er komod, og på veg, i feil retning. Noko landslaget dei siste tre åra er det ultimate eksempelet på. Difor har det ikkje blitt, og blir dermed kun om eg må, for å kunne trene, mine eigne ein eller annan gong. Så når eg må, så må eg.

I denne omgang ynskjer eg kun å fokusere på to ting. Mangel på kontroll sentralt i bana, samt mangel på kontrollering av rom. Tyskland, som kanskje er det einaste laget i verden som er i stand til å dominere fotball i begge dimensjonar, i både posession og i rom, møter vi på Ullevål i en 4-4-1-1 formasjon, tiltenkt 4-5-1 defansivt. Min fyrste konklusjon før kampen; Tap, og truleg med ein del mål. Tyskland spelar i bunn og grunn med to "pivotes", to sittande midtbanespelarar i form av Kroos og Khedira. Sittande blir derimot litt feil sidan dei tyske midtstopperane i beste fall er minimum 40 meter frå eiga dørlinje. Kroos og Khedira er dermed godt inne på Noregs halvdel som defansive midtbanespelarar. Med andre ord, Tyskland legg linja si om lag på norsk midtsirkel. Kvifor, jo fordi dei ynskjer å dominere posession og rom, og det er sjølvsagt best å gjere på motstandaren sin halvdel. I tillegg har dei ferdigheitene til det. Men for ein motstander er det verste ein gjere å tillate det, og for å kunne hindre det, må dei overbefolke midtbana/sentralt i bana. Stikk i strid med det Norge gjorde i går. Øzil, fri rolle, spelar like mykje på sidene som sentralt i bana. Falsk nier, Gøtze eller Müller, dei bytta på, trekker ned i indreløperrolla for å skape overtall, trekantar, sentralt i bana for å spele seg gjennom mellom stoppar og back, eller skape overtall breidt for innlegg/gjennombrot. Så i går måtte Tettey og Johnsen dekke fire tyske midtbanespelar i praksis, iannafor det mest kritiske området på ei fotballbane, mellom siste tredjedel og midtsirkelen. Det blir diverre rått parti. Tettey er som han er, ein særs begrensa fotballspelar. Johansen som har mykje føre seg, er diverre ei vandrande katastrofe. Han er jo overalt, og skjønar ikkje at uansett kor mykje han spring så åpner han opp like mykje rom som han dekker, fordi han vandrar for mykje, og fordi han ikkje får med seg dei rundt seg. Vingane, Berisha og Diomande, som burde trekke ned og inn, men som kun spring opp og ned som ein linjal gjere situasjonen vesentleg verre. Og vår hengande 10-er, Henriksen, som skulle bidratt i midtbanleddet, men som av ein eller annen grunn gløymte og møte til kamp, gjorde heile greia til ei einaste stor tragedie. Punkt ein, med andre ord, er at å gi frå seg intiativ, overtall, sentralt i bana mot ein motstandar som Tyskland er i praksis sjølvmord. For dei som ynskjer å styre kampar med possesion ynskjer sjølvsagt å dominere alt som skjer sentralt i bana. Vi prøvde ikkje matche det ein gong, vi satte oss sjølv heilt på sidelinja, frå start. Det er ikkje godt nok, og eit leiarproblem. Allereie frå start var vi tallmessig i undertall sentralt i bana. Og det mot verdas beste landslag.......det er fatalt.

To. Kontrollere rom. Sjølv om Høgmo messar om utvikling og at ein ynskjer i større grad og styre kampar, så må fyren snart akseptere det faktum at det er ein ikkje gode nok til. Ergo må vi prøve og styre rom, det har vi vertfall forutsetningar til å kunne meistre. Under Drillo var vi periodevis verdas beste til dette, men under Høgmo nærmar vi oss verdens verste. Det er ikkje mykje samhandling i press, lagdelane sett under eitt, eller lagdelane samla, det blir fryktelig mykje ein og ein. Ergo blir vi som ei åpa låvedør, og lett og spela gjennom, forbi eller rundt. Tyskland spela i praksis ikkje med spiss, kvifor då starte med fire bak? Dei spelar heller ikkje med fire mann i forsvar, i praksis, to full- backs med høge backar. Eit slags 2-4-3-1 system. Måten å møte slike lag på er dermed å starte med tre stoppera. Fem midtbanespelarar, og to spissar, som Nord - Irland gjorde utover i 2 omgang i EM mot samme motstandar. Kvifor? To spissar tvingar dei tyske backane lavare i bana, fordi dei slepp ikkje begge backane med to spissar mot to stoppera. Dette begrensar i tillegg våre kantars arbeidsområde, som i går var frå dørlinje til dørlinje, som i praksis er umenneskeleg, til ein noko kortare radius. I tillegg slår Tyskerane om lag aldri i bakrom, ergo så kan ein tillate seg ei færre og høgare backlinje. Gevinstane ved dette er at ein teoretisk sett får ein definert trio sentralt i bana som tallmessig i alle fall bør vere i overtall mot den tyske midtbana, og ikkje minst, vi er bedre i stand til å ta overgangar når vi får dei. Det hjelper ikkje med overgangar når ein får dei 20 meter inn på eigen halvdel. Overgangar må takast høgre i bana. Då må ein også posisjonerere seg for det. I praksis betyr det å tvinge Tyskland til å stå noko lavare, då hjelpe det ikkje å legge ti stykk innanfor eigen 40 meter, som vi gjorde i går. I tillegg må ein ha eit klart definert spel når den ballen vinnast i gunstige situasjonar, slik eg ser det, så har vi diverre ikkje det.

I mitt haud, var formasjon og lagoppstilling ved kampstart i går totalt feil. Spelar for spelar er vi diverre milevis unna Tyskland, men vi burde i alle fall forsøke og matche dei på område vi har forutsetningar for å kunne vere jamnbyrdige. I stadenfor og prøve og dominere rom, gav vi frå oss akkurat dei romma Tyskerne ynskja og utnytte, rom mellom eigen 16 meter og midtsikrelen. Folk må handle saman og i flokk, frå 20 meter og ut er det vanskeligare enn om vi får det til lenger opp på eigen halvdel. Det har ein psykologisk effekt også, det er lettre å vinne ball og gjere noko fornuftig med den på 50 meter eller på 30. Sånn er det berre. I går burde vi spelt med to spissar, 5 på midten, og tre bak. Det var 90 % sikkert at vi tapte, så vi kunne i alle fall gjort det med stil, og forsøkt og gi dei trøbbel, i stadenfor å signalisere kapitulasjon allereide ved startoppstillinga. Eg savnar eit landslag med tru, med innstilling, med ærgjerrigheit. Men mest av alt savnar eg Myggen. Spelaren. Boksåpnaren. Kunstnaren. Ein fyr som traff ein medspelar kvar gong, med ei pasning, som spelte mellom ledd, og som tok ballen i frå Zidane, Gazza, Bergkamp....som om han ikkje hadde gjort anna heile livet. Vi treng ein som Myggen, fordi det var han som verkeleg tok oss til sluttspel. Eigentleg.

Eg ynskjer Noreg i VM og EM. For min del spelar det ræva rolle korleis vi kjem oss dit. Landslaget i dag er eit resultat av at det tydeligvis gjere det for andre. Vi skal tilsynelatande kome oss dit ved å spele som Brasil. Sjølv om enkelte har 30 mill i året, så treff dei framleis ikkje medspeslar med ei einaste pasning. Så sorry, det er vi ikkje gode nok til, og det vil vi ikkje bli på eit titals år enno. Og no bør det vere nok. Vi har prøvd i 14 år. Sjå på Island, i EM, eg trur vertfall ikkje det var ein jævla Islending som var misfornøgd med korleis dei spelte der.....det var ein fest....frå A til Å. Men dei hadde ikkje ballen. Som regel. Men dei dominerte rom. Som vi, på 90 talet. Då vi var gode.

Så lat oss dominere rom igjen. Og av den grunn er det på tide og få inn Lagerbäck.

Alljereide heute morgen.