tirsdag 23. mai 2017

Hornindal Rundt

Hornindal Rundt. Eller halve Hornindal rundt for å vere temmeleg nøyaktig. 38 kilometer. Knappe 2300 høgdemeter om eg har reikna rett ut i frå løypeprofilen, og då har eg ikkje tatt med nedoverbakkane. Som visstnok er der mjølkesyra brenn mest, og slik sett er det verste med heile turen. 8 Juli, klokka 08.00. I Grodås  sentrum. På startstrek, og rimeleg malplassert; Meg sjølv. Den såg eg ikkje kome, men eg har visst meldt meg på, dog på rein impuls, ein tung og kjedeleg mandag. Eg har strengt tatt ingenting der å gjere, eg havnar nok rimeleg fort i det dei kallar oppsamlingsheatet i rally- og ro-sporten, eller i bussen på sykkelspråket, og eg treng nok både hare, noko godt i sekken og bærehjelp for å kome meg i mål. Men i mål kjem eg, eg er ein eitel sånn sett. Om eg då ikkje fell omkull og gjere meg skade. Kan fort skje det og, kjenne eg meg sjølv rett.

Hornindal Rundt har eg ikkje sprunge sidan 10 års alderen, den gongen var det 800 meter i Sparebankleikane eller noko på Hornindal stadion. Det føltes vertfall ut som Hornindal Rundt. Kjentes frykteleg longt ut hugsa eg. For ein gutstrik, lav av vekst, plattfot, med ekstremt kort steglengde og med ein teknikk som fekk Marius Bakken til å sjå ut som ei Kenyansk gaselle i si tid. Det var han ikkje, men samanlikninga er reell nok, i denne samanheng. Eg var dårleg. Det låg ikkje for meg. Dette med uthaldenheit. Difor kjørte eg alpint, og sparka ball, hovedsakleg innanfor midtsirkelen. Tok heisen opp, og kontrollerte stort sett midtbana :-), dog på lavare nivå. Nokon må gjere det og. Eg er likevel ein av få, som er kretsmeister i to disiplinar. Alpint og Skiskyting. Nestan tre disiplinar, sidan vi tapte to KM finalar i fotball. Så Sogndal og Årdalstangen skulda meg sikkert ein nominasjon til Ekebergs Ærespris...... KM tittelen i skiskyting, i stafett, skuldast hovedsakleg at vi var einaste deltakande lag, men eg var likevel særs involvert som lagets desidert svakaste ledd. Tittelen skjemmer uansett ingen. Grunnlaget for 38 km og 2300 høgdemeter burde derfor finnast der inne ein stad. Meinar eg. Eg trur sjeldan eg skal bli gladare av å sjå Hønndøla bru enn 8 juli...








Det er kjekt med arrangement som skapar litt folkestemning lokalt. I gamle dagar var det stort sett kun Eidamessa, Strynemessa, Måløydagane, Romjulsdisco på Majoren, 5 dagsfest på Alex og Hingsteutstillinga som skapte litt kontinental stemning i fjorden.. No er det Hornindal Rundt, Motorfestival, Treskifestival, Malakoff, Opera, Tall Ship i ny og ne, Oktoberfestival, Irsk Fest og gud veit kva i tillegg. Det har skjedd litt i fjorden dei siste 10 åra. No går det faktisk an å bu der. Også for ein som ikkje trudde det då han forlot bygda for 20 år sidan. Det er difor kjekt å hive seg med av og til, på ting som folk i fjorden arrangerar, også på ting ein slett ikkje har noko grunnlag for å delta -eller -hevde seg i. Den tida, om den nokonsinne har vore der, er i alle fall definitivt over. 

Eg har derimot fått med meg ein hare, eller ein medhjelpar/medgongar om de vil, han seie han skal vere med vertfall. Han må berre sjekke veiret fyrst, om det blir sol, Typisk humørløpar tydlegvis. Men han pirta nok berre, han melde seg nok på. Tjellaug. Jon Terje. Han dreg meg nok i mål tenkje eg. Formmesssig trur eg han er hakket føre, eller eg veit han er hakket føre, eg er berre usikker på kor mange hakk føre. Muleg han forsvinn av syne allereie ut av Grodås sentrum. Mogleg han knekkje meg allereie på dei 50 meterane mellom bensinstasjonen og Raftevolds hotell. Då blir det ein lang tur. Fyren er idrettslærar, fotballtrenar, nett gjett seg med aktiv fotball, driv med Randonee og trena sikkert mykje ved sidan av som han ikkje har fortalt til meg og omverda via fjesbok eller instagram. Kort oppsummert, fyren er aktiv. Det er det einaste eg veit. Det er ikkje eg. Minst 10 år sidan eg dreiv med noko som kan karakteriserast som aktiv trening. Dei siste åra har den kun vore sporadisk, knapt nok mosjonistisk og det einaste som har blitt dreve aktivt, er dank. Eg har difor ein veg og gå. Men ho mormor har alltid sagt at eg er rimeleg lettrent så i dette tilfellje stolar eg fullt og heilt på ho.  

Eg er godt i gong med førebuingane, sjølv om eg allereie etter økt nummer to skjønar at her har eg tatt meg vatn godt over haudet. Så lettrent er eg nok ikkje....Vi snakkar tross alt om ein som knapt har gått på ein einaste fjelltopp i heile sitt liv. Vi snakkar om han som gjekk seg inn i tåke på Grimeskaret i fjor sommar og måtte ringe ein kollega på jobb for å få GPS hjelp ned att, såg ikkje ein skit der oppe...Han som aldri har vore på Hafsåsvarden ein gong til tross for at fjellet er kalla opp eine og aleine etter slekta....sorry dykk Hjelmeland....det står Hafsåsvarden på kartet....Så når det gjeld fjellknausar og bestiging av sleke har eg minimalt med erfaring. Eg tek heis eg, og fjell som ikkje har heis har liksom aldri tiltala meg.  Men no ser det ut til at eg faktisk får meg ein tur på fjellknausen Hoven inni fjorden også, kjekt....Heis...huka den av på lista. 

Treningstur Sula. Utsikt til Sukkertoppen på Hessa, Godøya og Giske


Basert på føre var prinsippet virka det difor lurt å sende ein prewarning til fastlegen og be han gjere klar papirarbeidet. For Sjukmelding. I 14 dagar med verknad frå mandag 10 juli. Det gjeld å vere godt forberedt, også på konsekvensane. For ein med artrose i dei fleste ledd og eit bekken konsekvent ut av stillje er prognosane særs dårlege. Sokkar kan eg nok gløyme og få på meg fyrste veka, det å stå oppreist vil nok ta ein tre fire daga, det å kome seg ut av sengja er vanskeleg nok i kvardagjen og reikna med det blir bortimot umogleg etter dette løpet. Men med eit par tre kiropraktor timar med Nerland, og litt knaing på det lokale instituttet reiknar eg med kroppen er i full vigør att til eg skal stilje som friviljug på Malakoff 12 dagar etter. 

I motsetnad til anna trening vil ikkje dette gjere godt etterpå. Bere himla låkt, lengje. Men det lika vi, og det kan vi leve med. Det blir sikkert gysla kjekt. I alle fall ei stund. Det viktigaste er likavel og delta seie ho mor, sjølv om ho nok ikkje hadde Hornindal Rundt i tankane...ho frarår det på det sterkaste...men eg skal krysse Hornindal Rundt av på lista, been there done that, og mest sannsynleg aldri stillje igjen. Det blir litt som han Øystein, eg meina det var han, sa ampert til ein servitør ein gong han var misfornøgd med servicen på ein restaurant ; "eg skal kjøpe dokke, og legge dokke ned"......Ein gong er liksom nok.  

Det kunne fort blitt fristande og ta ein Bielsa. Den geniale men galne fotballtrenaren som har gjort det for vane og trekkje seg før laget han har tatt over har spelt ein einaste obligatorisk kamp. Men det er trass alt berre halve distansen Henning Haugen sprang for ei nobel sak i fjor, og sjølv om Haugen nok er litt fittare for fight, så må då vitterleg underteikna kunne klare halve distansen tenkje eg. Med dette innlegget sikrar eg også at sjølve gjennomføringa meir eller mindre er skreve i stein. 

Så då er det ikkje noko anna alternativ, 

enn å fullføre,

men steik kor eg kvir meg. 

Godt laup. Til meg sjølv. Og Tjellaugen. Som må slite med meg. I samtlege og fryktelege 38 km.