torsdag 28. juli 2016

Malakoff

Malakoff. Eg må seie at eg er imponert. Ikkje av musikken. Nei, for ca 70 % av den er nok litt bråkete for min smak. Men det er min smak. Eller min mangel på smak, innan musikk, alt ettersom. Eg likar musikk, men noko musikkjennar eg eg aldeles ikkje. Heilt ærleg, så har eg rett og slett ikkje peiling. 50 % av banda som var der i år har eg sikkert ikkje høyrt om ein gong. Topp 20 på VG lista har eg derimot ganske grei kontroll på, og Høyem, Nordstoga, Iggy Pop og dei karane der. Samt nokon av dei nye computer-musikarane, som eksempelvis Matoma. Dei kan tidvis rykkje litt i rockefoten min med ein slager eller to. Grei skuring der altså. Men Yelawolf, Tiebreaker og den pakka der, ikkje i det heile. Andre har tydeligvis det, og dei likar at det brølast og ikkje syngast inn i mikrofonen. Ære vere dei for det altså. For min del blir det litt for svart, litt for mykje metall, og litt for utydeleg. Høyre ikkje eit ord av det dei synge om, korreksjon; brøle om, og det er umogleg å få med seg teksten. Alt ein kan konkludere med er at det sikkert er mørkt og dystert, eller at ein er forbannja på noko, eller nokon, og at det sjølvsagt må forløysast mot noko eller nokon, i form av brøling og skråling frå ei scene. Gjerne med langt hår og ustelt skjegg, i lakk og lær, eller noko i den dur. For liksom verkeleg å få fram poenget, for å verkeleg setje eit standpunkt. Stålbrev. Det er tross alt ein rockefestival, og ikkje ein populærmusikk-festival. I mange samanhengar, blir det likevel for mine øyre vel og merke, litt hardt og litt mykje metall. Rocken har tydelegvis utvikla seg, og eg og min smak heng ikkje med i tida, og er sikkert gått ut på dato. Uansett, eg er likevel frykteleg imponert. Over Malakoff, Over Eid, Over dei friviljuge.

Eg er imponert over dei som steller og styrer med denne festivalen, med Arnt Ivar i spissen, og alt dei får til. At dei på årleg basis klarar og få profilar til den vesle bygda Eid. Dei betalar sjølvsagt føre seg, men mange av dei har sikkert eit utall destinasjonar/festivalar og velge i myllja, og likevel kjem dei til vesle Eid. Ikkje trur eg at ein overbetalar artistar heller for å få det til. Eg trur heller at mange no etterkvart berre blir glade for å bli spurt, set pris på det omlag, og at ein nærmast prioriterer Malakoff fyrst sjølv om det eksisterer eit tilsvarande og kanskje noko betre betalt alternativ. Det er rimeleg godt gjort. Det fortel litt om merkevara Malakoff, som ikkje har kome av seg sjølv, men er bygd opp gjennom hardt og målretta arbeid over mange år. Å byggje ei merkevare er frykteleg vanskeleg, på ein liten stad som Eid er det enno vanskelegare, fordi Eid er ikkje akkurat på kartet, korkje nasjonalt eller internasjonalt. Og i alle fall ikkje innan rockemusikk. Det har ein etterkvart blitt no. Malakoff er på kartet, vidgjetne, som musikkfestival, for dei som faktisk er heilt avgjerande for å få dette til. Artistane, banda, singer/songwritarane, dj`ane. Dei som skal fylle helga med innhald. Det er ikkje berre godt gjort. Det er fantastisk godt gjort. Og det fortjenar dei ansvarlige for festivalen all honør for, allje, heilt tilbake til den spede starten for 13 år sidan.

Merkevara Malakoff. Den er er synonymt med eit fantastisk festivalområde, ein godt tilrettelagt festivalcamp, god stemning, fantastisk god logistikk, alt som tel er på stell, ein inkluderande og tilrettelagt festival også for born og unge, og artistane blir sikkert tatt umåteleg godt vare på. I tillegg har bygda trykt festivalen innerst i hjarterota, og står nærmast på hovudet denne helga i året, og minst i veka før. For å få dette til. Ambisjonen virkar å være at alle skal ha si beste helg heile året, alle er smilande og glade, hjarterommet er stort, hagar og rom er åpne, alle er velkomne, alle hjelper til, og ingen oppgåver verkar umoglege. Malakoff er bygda, og bygda er Malakoff. Sånt smittar, og over tid har ein blitt litt bedre år for år. Fordi i motsetnad til mange andre så har ein lært undervegs, og progresjonen har vore deretter. Sånt blir lagt merke til. Ein veit kva ein får. Og ikkje minst, ein veit kva ein slepp; lange køar både på toalett og i bar, gjørmete underlag, dårleg billetthandtering og irriterte vakter. Malakoff er smil, frå øyre til øyre, i solskinn, og i stiv kuling når det regnar sidelengs, kor som helst, når som helst. Uansett.

Eg kan ingenting om musikk. Eg har likevel vore ein del på festivalar. Ålesund og omegn har også sin skjerv av dei blant anna. Det er forksjell på festivalar. Det er forskjell på hotell i syden også. Om prisen er den samme for to intensive dagar, så vel ein hotellet med fem stjerner kontra det på tre. Malakoff er som eit fem stjerners hotell. Folk som kjem er der hovedsakleg for å ha ei umåteleg triveleg helg, og ein forventar dermed at fasilitetane er sånn nokolunde. Toaletta blir reingjort regelmessig, kapasiteten er god, ein får kjølt seg ned utan lang ventetid i baren, kapasiteten er god, ein får kjapt og enkelt stoppa hungeren, kapasiteten er god og personalet er jamt over umåteleg hyggelege og hjelpsomme. Forskjellen på å fem og tre stjerner er i bunn og grunn mangelen på noko og klage på. Mangel på irritasjon. Klart det blir god stemning av sånt. Difor er også Malakoff så populært og så godt likt. Eg reiknar med det foregår ein del erfaringsutveksling festivalar i myllja allereie, men Malakoff har heilt klart meir og lære vekk......

Dei frivilljuge. For ein gjeng. 1000 stykker i talet. Omlag. Kanskje meir, kanskje noko mindre, kva veit eg. Det spela heller inga rolle. Folk frå bygda og utanfrå, ganske longt også. 1000 stykker i ein kommune med 6000. 16,67 %. Det er beint fram avsindig i seg sjølv. Enkeltsjeler og lag, bedrifter og organisasjonar, vennegjengar og kjærestepar, ektepar, besteforeldre, einsame, skilde, åleinemødre, ungkara og spelemenn.  I ein synkron harmoni, for å få denne festivalen opp å gå, for å gjennomføre den, og for å avslutte den, rigge den ned, og rydde, knapt utan spor av at omlag 20.000 menneske har trakka på eit begrensa område over to dagar. For å ikkje snakke om alle som set hagar og rom til disposisjon, alle dei som passar ungar, dei som driv handelstand og butikkar. Det er mange involverte, og alle spelar ei viktig rolle, for ei samla målsetjing om eit vellukka arrangement for absolutt alle. Store og små.

I år meldte eg meg til tjeneste, og fekk med meg dama. Eg følte det var på tide, for min del etter å ha kome til duk og dekka bord i omlag 10 år, og kanskje til og med å ha tatt det litt som ei sjølvfølge. Eg følte eg skyldte festivalen såpass, også fordi eg satte festivalen litt i vanry med eit idiotisk krumspring for eit par år sidan. Eg ville rett og slett gi litt tilbake, det var det minste eg kunne gjere, å setje av litt tid, for å bidra så godt eg kunne. Det gav meg meir enn det kosta for å seie det slik. Det var eigentleg veldig kjekt heile greia. To vakter i lag med kjekke folk i baren. Kun smilande folk og sjå på alle kantar, både foran og bak disken. Og det ein satt igjen med, var nestan at det var FOR godt organisert. Det gjekk meir eller mindre på autopilot, og det var kun litt antydning til kø når det var dags for ny artist og sceneskift. Veggen. Då tappa ein heile fat utan å stoppe krana, ein fylte berre på langs med så godt det lot seg gjere. Det gjekk nokre liter for å seie det slik, folk var generelt tyste. Det var vel varmen.... Ellers så gjekk det jamt, og ein fekk tid til å ta innover seg stemninga, musikken, atmosfæren, prate med kjente og kjære, og andre friviljuge. Å vere friviljug kan eg heilt klart anbefale. Har ein anledning er det berre å melde seg til tjeneste. Merkevaren Malakoff lagar seg ikkje sjølv. Det hadde ikkje vore Malakoff slik vi kjenner det, det hadde ikkje vore Iggy Pop, yrande liv i Eidsgata, kanonstemning i 48 timar, like mange sunnmøringar, bergensarar og austlendingar på Eid, utan dei friviljuge. Det er viktig å ta vare på. Det er eigentleg heilt avgjerande. Og det er alltid ein fordel å byte litt på, for å bevare entusiasmen, engasjementet og lysta også i framtida.

Og medan eg stod der, ved tappekrana mi, og såg utover folkehavet, så kjente ein litt på at ein var stolt... Av å vere frå Eid. Av Malakoff. Av det denne vesla bygda får til. At Eid både inviterar og leverar. Til dei grader. Eg trur fleire kjente litt på det.

Og at ein kan slå seg til ro med at neste gong ein er ute i verda og folk spør kvar ein kjem i frå, så kan ein nok eit år seie Eid, Nordfjordeid, der Malakoff er.

Å ja, der ja. Da vet jeg hvor det er. Litt utenfor ring 3 er det ikke?.........

Merkevara.

Malakoff er bygda. Bygda er Malakoff. Slik det må vere for å få noko til.



















<a href="http://blogglisten.no/blogg/saasen79.blogspot.no/"><img src="http://blogglisten.no/img/blogglisten.png" alt="Blogglisten" /></a><img height="0" border="0" width="0" alt="hits" src="http://hits.blogsoft.org/?eid=2322" />
  

1DDB4ADF-9A87-4496-959CA60D16805A12-AFB89F78-3EB2-4CF1-9B9167C64984335B

onsdag 27. juli 2016

Borna og paradokset ved val

Val. Dess fleire dess betre. Er det virkelig slik? Er det virkelig slik at dess fleire val vi har så får vi det betre? Det verkar å vere slik om ein orienterar seg i dagens samfunn, i media, på nett, og med likesinna. Eg er neimen meg frykteleg usikker. Å gi born mange val er eg derimot rimeleg sikker på ikkje er særskilt bra.

Det å ha mange alternativ, og fridom til å velge blir stundom sett på som avgjerande for eit godt liv. Vår generasjon har fleire valmuligheite enn samtlege generasjonar før oss, men det er ikkje alltid slik at vi nødvendigvis dreg fordelar av det. For mange fører uttalige valmuligheiter til beslutningsvegring, og rett og slett til nokså ulykkelege liv. Mange val gir grobotn for å undre om det ikkje er slik at det alltid finnast noko betre lenger framme, ein betre ting, ein betre partner og kjærast, ei betre løysing, ei betre utdanning eller ein betre jobb. Med andre ord så kan dette bli ganske belastande for enkelte sidan utallige valmuligheite også alltid innebære ein kostnad eller eit tap om ein vil. Valets paradoks. For med ein gong ein har tatt eit standpunkt, eit val, så mister ein muligheita til eit anna - dei forspelte muligheitene, det forspelte alernativet. I økonomiske termar så vil difor stadig fleire valmuligheite gi stadig større alternativkostnad, fordi dei vala ein tek har stadig fleire alternativ som ein då vel vekk. For mange er dette vanskeleg å handtere, og for å sleppe å ta stilling til å eventuelt miste muligheite ved å velge eit alternativ, så ender ein opp med å ikkje ta eit standpunkt i det heile. Redselen for å velge feil blir rett og slett for stor, og bekymringa for å låse seg til ei viss retning i livet på bekostning av ei anna kan difor potensielt føre til belsutningsvegring og resignasjon.

Det er eit faktum at born i stadig større grad bur lenger heime med mor og far, det er eit faktum at ungdom i stadig større grad har vanskelegare for å bestemme seg for endeleg utdanning, det er eit faktum at stadig fleire, spesielt ungdom slit psykisk, og det er eit faktum at frafallet i ungdomsidretten er frykteleg stort etter 14-15 års alderen, og det er eit faktum at ein i stadig større grad slår seg til ro med ein livspartner stadig seinare i livet. Alle vala, alle muligheite sloss om den samme merksemda. Og det blir stadig meir av dei. Av den grunn er det mykje som skal rekkast over, mykje som skal opplevast, og mykje som skal tas stilling til. Det skjer kun på bekostning av noko anna. Dei store vala er difor lette og utsetje så lenge ein har muligheite til det. Det kan for så vidt vere bra på visse områder, livet er longt, men utfordrande på andre. Særlig når det å ta eit val på bekostning av noko anna blir skremmande i seg sjølv. Eller at den evinnelege streben etter noko bedre, flottare, finare, større lenger opp og fram blir ein evigvarande karusell ein aldri kjem seg av.

Sjølv har eg det best dess mindre val eg står ovanfor. Eg treng ikkje 14 ulike typar sjokoladepålegg. Eg tek det samme kvar gong likavel. Eg treng ikkje 150 TV kanalar. Eg treng kun ein leverandør som gir meg muligheten til å sjå det eg vil, når eg vil. Det daglegdagse livet gir ein konstante påminngar om at det finnast sikkert noko bedre lenger framme, noko kjekkare, noko finare. Ein blir bombardert med ting å ta stilling til. Det er slitsomt, og fører for mange ikkje alltid berre godt med seg. Sjølv slappar eg best av utan noko å ta stilling til, eller minst mogleg å ta stilling til.  Slik er det vel for dei fleste. Eg prøvar difor å organisere livet deretter, både for meg sjølv og borna. Ein kan ikkje vere vellukka på alle områder, eller prioritere alt, det går rett og slett ikkje. Men ein kan vere vellukka på få, prioritere noko, dei/det som faktisk betyr noko, og dei/det ein har eit brennande engasjement for. Om ein lukkast er ei anna sak, men eg trur i alle fall at det er ein utvilsam fordel og ha eit bevist forhold til det. I det minste stå ved dei valga som er tatt utan å kike seg tilbake, utan å angre, men å vere mest mogleg dedikert til det ein har bestemt seg for. Det trur eg er mest hensiktsmessig over tid. Alle er nemlig profetar om ein ser seg attende, men det hjelpe ikkje å grine over spela mjølk. Feilvalg gjere ein heile tida. Det viktigste er at ein lære av dei, og vel betre i framtida.

Vi leve i ei forholdsvis kald og konkurranseutsatt verd, uansett i kva felt det er snakk om. Survival of the fittest er meir på agendaen enn nokonsinne, om ein lika det eller ikkje, og vil bli enno viktigare i framtida. Slik er det berre. Ein må i stadig større grad syte for seg sjølv, og for meg er det viktig å førebu mine på det, utan at det treng gå på bekostning av å vere rause med andre. Eg prøvar difor å inspirere ungane til å finne ting dei engasjerar seg for, eller rett og slett påverke dei til å finne ting dei engasjerar seg for. Eg har ikkje tru på at ungar i dag må vere med på mest mogleg, snarare tvert i mot. Dess meir enn er med på jo leidare blir ein fordi ein ikkje er i stand til å legge ned den innsatsen som er nødvendig for å skape meistringsevne, og til slutt sit ein att med å ikkje finne glede i noko, og ein sluttar med alt. Satt på spissen. Kjensla av og ikkje strekke til er nemleg ikkje god, uansett på kva område det gjeld. Det viser seg at for å bli god/flink/lykkast til/med noko så må ein investere tid og innsats. Det gjeld det meste i livet, ein kan ikkje flyte på talent og sporadisk innsats, uansett kva det er snakk om. Utan rett innstilling får ein ikkje til noko som helst, og eit tankesett der halvveis er godt nok vil gi dårleg innstilling over tid. Så då hjelper det ikkje å vere med på alt, for ingen kan gjere alt 100 % heile tida med mykje og konsentrere seg om. Etterkvart vil noko gå utover noko anna, og dess eldre ein blir dess verre blir det. For krava vil bli høgre, til å lukkast, til å bli dyktig, til å bli god, til å gjere noko 100 %. Halvveis er ikkje godt nok. Det held ikkje. Ting skal gjerast skikkeleg, så godt ein kan ut i frå forutsetningane, og då er det ein fordel ha minst mogleg å konsentrere seg om. Slik er det berre. For meg i alle fall, og for det eg ynskjer for mine. Om det er bra nok å gjere ting halveis, så påvirkar det alt anna i livet også, trur eg. Det hjelper ingen å sy pute under armane på folk. Det hjelper ingen å gi ungar mange alternativ å velge i mellom, fordi då vil ein berre undrast om kva ville skjedd om ein i staden valgte dei andre. Å ha minst mogleg å konsentrere seg om trur eg alltid vil vere ein fordel, for det som verkeleg utviklar folk, born og god innstilling, er eg overbevist om kan summerast opp i eit ord; meistringsevne. Å meistre noko, gjere ein ved å gjere ting skikkeleg, og då krevst det tid, engasjement og innsats. Det stiller også krav til kvile mellom slaga. Uansett kva det handlar om.

Det verste eg veit er ungdom som stiller opp på idol og blir latterligjort av ein heil nasjon fordi ein ikkje har øyre for ein einaste tone. Og det er ikkje ungdomen sin feil, dei har jo tydeligvis fått høyre kor flinke dei er av nært og kjært. Slikt kan umogeleg vere sunt og kan sikkert stundom vere skadeleg for eit barnesinn. Kvifor? Jo, fordi folk rundt ein har gjort ungen ein bjørnetjeneste, både no og ikkje minst for det som møter ein seinare i livet. La sjølvsagt ungen få lov til å synge, men hald han/ho henne unna TV- ruta i beste sendetid.......Av og til må ein kalle ein spade for ein spade. "Du kan diverre ikkje synge særlig godt, men eg er umåteleg glad i deg for det". Verre er det vel strengt tatt ikkje trur eg. Eller så får ein sørge for at dei lærer det, og gjere alt ein kan for det, om engasjementet og innsatsen til vedkommande er stort nok til å forsvare det. Det kostar tid, pengar, og engasjement for oss som foreldre. Men om ikkje vi investerar det i borna våre, i det borna våre verkeleg brenn for, i det dei verkeleg legg ned tid, engasjement og innsats i, uansett kva det er, kven skal gjere det då?

Verda er kald og hard. Det er den berre, diverre, om ein lika det eller ikkje. Ein kan syte for at ein sjølv og dei ein har ansvar for bidreg til å gjere verda varmare, og det prøver ein sjølvsagt på. Det er uansett viktig å sørge for at ein gjere borna klare for å møte dei utfordringane verda byr på slik at ein er i stand til å møte dei på ein god måte. Det viktigaste då trur eg er å inspirere borna til at ein følgjer interessene sine og draumane sine på ein meir dedikert måte. At ein overbeviser dei så tidleg som muleg om at dersom ein skal lukkast med noko, så krever det innsats, forpliktelse og engasjement, og at det kjem med ein pris, eit offer av noko anna og at ein allerede i ung alder får eit bevisst forhold til det. Eg ynskjer å påverke ungane mine til å ta sjølvstendige valg, og ansvar for eiga utvikling så tidleg som muleg. Det er i alle fall det eg håpar på. Rett og slett fordi det i samtlege tilfeller, uansett kva område det gjeld, så vil dei som verkeleg lukkast med ting søke kunnskap, læring, trene meir, lese meir, jobbe meir, utfordre seg meir enn enn den gjengse flokken innanfor det feltet det gjeld. Rett og slett ta eigarskap til det ein driv med, utfordre seg sjølve til å bli betre innanfor det ein brenn for og forhåpentlegvis også som medmenneske. Og dess tidligare eller yngre dess betre. For det er fyrst då ein kan ha eit bevisst forhold til kva område ein treng utvikle for å nå det nivået, måla, ambisjonane ein har satt seg. Samt at ein sjølv gjere dei nødvendige grepa som trengs for å trigge denne utviklinga. Det hjelper ikkje at noko fortel ein det, det må ligge i dei sjølve, dei må finne det ut sjølv, om det skal bli ei varig endring. Meina eg. Dette handlar ikkje berre om ferdigheiter, men eg trur også dette er viktig for personligheit. At born og unge veks enormt som personar ved å kjenne eigarskap til det dei driv med i tidleg alder, å kjenne meistring av eige initiativ og eigne forsøk. Alt eg kan gjere er å legge mest mogleg til rette for det. I tid, støtte, eventuelt pengar og nødvendig engasjement.

No er det ikkje alltid slik at born og ungdom nødvendigvis har funne sitt engasjement, sin draum, eller si interesse tidleg i livet. Som foreldre meinar eg likevel ein då har eit ansvar for at ein stimulerar til å generere det. Eg meinar at ein då må introdusere dei for ting, og vise såpass med engasjement og forpliktelse for det ein introdusererar dei for at borna over tid naturleg vil finne glede og entusiasme for det. Ingen born likar å gå lange turar, men med små steg kvar gong, med små milepælar, med litt sjokolade som bonus, med ivirge foreldre, så vil borna etterkvart synes sånt er heilt topp. Sånt trur eg gjeld andre ting også. Som ein viss idrett for eksempel, eller det å lese bøker, eller å hjelpe til heime, eller snakke varmt om folk, eller noko heilt anna. Det handlar om tid og entusiasme, å aldri gi opp. Sånt smittar, uansett kva det handlar om, trur eg. Sånt trur eg ungar veks enormt på.

Det er ei generell oppfatning i dette landet om at dersom ein skal bli flink/lykkast til/med ting så må ein vere oppriktig glad i det ein driv på med. Etter mitt skjønn så er dette tull. Sjå på John Carew, han er knapt interessert i fotball. Det finnast sikkert 100.000 andre dedikerte fotballsupportarar i dette landet som er oppriktig glad i og interessert i fotball, men ingen av dei er så vidt meg bekjent på landslaget. Eg trur ikkje det er slik at ein treng å vere oppriktig glad i noko for å bli flink i det. Det er sjølvsagt inga ulempe, sidan ein då er meir tilbøyelig til å prioritere dei tinga og setje av den tida som trengs for å bli flink, men det er ikkje avgjerande. Eg tvilar nemlig på at mange Kenyanara spring marathon fordi det er så steikje kjekt. Det handlar vel om at dei sprang til og frå skulen, fant ut at det var dei flinke til, såg det som ein mulighet til ein veg ut av fattigdom, lærte og like det, gjorde den innsatsen som trengtes, og som førte til eit godt liv for seg sjølve og familien, og gjerne landsbyen rundt. Eg trur det like gjerne går an å lære seg å like noko, og at det samtidig går an å vere fryktelig dårlig på noko ein er verkeleg glad i, jfr fotballsupportera. Uansett kva det gjeld i livet.

Det eg verkeleg trur på er at alle har behov for å kjenne på kjensla av å meistre ting - meistringsevne. Uansett kva det er, å gi born og ungdom mulighet til å kjenne på det å meistre noko, det trur eg har enorme samfunnsmessige fordelar, spesielt på det personlege plan i form av betre sjølvkjensle etc. Uansett kva område det gjeld. Det å få kjenne på den verkelege gleda ved å meistre noko krevjer likevel tid, innsats og engasjement. For folk i ung alder gjennom tilrettelegging, påverknad og rettleiing frå foreldre. I tillegg til det åpenbare som å bruke tid, krefter og engasjere seg i borna sine.
Av den grunn er det ikkje slik i mitt hovud at borna absolutt skal vere med på alt, eller like ting dei driv med umiddelbart. Det er ikkje slik at dess fleire val ein har dess betre er det. Ikkje gi borna noko alternativ, vis glede og entusiasme og dei følgjer deg til månen.

Ein kan rett og slett ikkje bli flink til alt, ingen kan meistre alt, og foreldre har rett og slett ikkje tid, pengar, engasjement til alt. På eit eller anna tidpsunkt vil derfor gleda forsvinne, fordi ein sakkar akterut i forhold til dei som prioriterar nokre få ting. For uansett kor ein snur og vender på det så er det slik at skal ein meistre ting så må ein prioritere, og for å gi borna gleden av å meistre ting så må foreldra prioritere. Slik er det berre, i alle fall i mitt hovud. Det har ein pris, men det er betre å lære borna den prisen før enn seinare.

Ein må velge, og er ein ung må foreldra ofte velge for ein, av ymse årsaker. Gjennom meistring kan ein lære seg og like noko. Gjennom meistring så opplever ein utvikling, og over tid vil dei unge etterkvart føle eigarskap til det dei driv med. Når den tid kjem så vil dei også ta sjølvstendige val og ansvar for eiga utvikling vidare. Prioritere dei rette tinga, fordi ein veit kva glede det gir i andre enden av å få til noko. Då har ein lukkast, for då vil borna i større grad leve godt med dei alternativa ein
valgte å prioritere vekk. Og det er tross alt det livet hovedsakleg består av; og akseptere alt ein av ymse årsaker ikkje kan få/ nå.

Ein kan ikkje få med seg alt, bli god i alt, nyte godt av alt. Ein treng ikkje gjere alt som andre gjere, eller ha alt som andre har.
Utan at livet treng vere fattig av den grunn. Heldigvis.

Som foreldar har eg ansvar for å lære mine det. Difor ser eg det som mi plikt og begrense antall alternativ, antall val dei trenge å gjere. For å gjere valgets kval mindre, og for å sørge for at eg har tid,pengar,innsats og engasjement il å følge dei opp 100% på dei få tinga dei verkeleg bryr seg om og viser innsats i. For om ikkje eg engasjerar meg i det, kven gjere det då?

Om ein klarar det er ei anna sak. Det er i alle fall ambisjonen. Det som vertfall er sikkert er at det betyr at ein må velge bort noko. Valas paradoks. På akkurat dette er det noko eg leve godt med.