torsdag 4. februar 2016

Harpefossen

Harpefossen. Min barndoms paradis. Som son av ein jordbærbonde og gardbrukar så kom ein seg ofte som regel ikkje lenger på sumarferie enn hytta til mormor og morfar der oppe. Det var rett og slett ikkje tid til sånt oftast. Det var det, eller ein kjapp tur til Bismo. Av og til kom vi oss heilt til Lom, eg har blitt fortalt at ein gong var vi visstnok til Sverige....men Harpefossen eksisterte det alltid tid til, sumarane. Då gjekk vi tur på Ryggjen kvar dag med mormor, leika i myllja campingvognene på campingplassen med tilreisande frå Vågsøy og Selje, drog på oppdageslsesferd til Grimeskaret eller Svartevatnet, og bada i Hjalma. Det var aldri kaldt i Hjalma. Den tida. No får eg frostbyger berre av navnet. Hjalma er kald. Bikkjekald. Sumarane var finare før. Himlen var meir blå og sola meir gul. Det står klart føre meg. Og varmare. Det var fleire shortsdagar. Frå mai av.

Harpefossen er for meg synonymt med ferie eller trening. Ferie sumarstid, og trening om vinteren. Alpint. Kalde timar i trikot, opp og ned til lyslighogjen, som då var så langt ljoset var utbygd den tida. Tirsdag, torsdag, fredag, og helgane, om det ikkje var konkurranse på Heggmyrane, Hodlekve, Bjørkelia, Blomlia eller Utvikfjellet ein plass. Då var det kort veg ned til mormor på hytta. Ho hadde alltid noko å ete på, og det var varmt i stova. Så ein fekk kvilt seg litt i myllja slaga. Morfar hadde stappe og pølse. Eigenprodusert. Eg har syskjenbarn enno som forast opp på denne stappa. Den er god, og vidgjeten. Og der var Monopol og sjakk. Og ludo. Det vart nokre timar rundt disse bretta. Hovedsaklig ilag med tanta, eller systa. Eit spel kunne vare i dagevis. Ein måtte tross alt stå på ski og. Helst nedover, eg var mest anlagt slik. Bedageleg. Sjeldan bortover, men det hendte. Særskilt i påska, når det var varmare i veiret og stoppa vart hyppige for kosens skuld. Då kunne det hende at ein gjekk heilt inn på Bjørhovdesetra til slutt. Favoritten var likevel nedoverski i utforløypa, skrått ut mot Ljøsurelva, og sidan skrått tilbake igjen før ein måtte nytte gamle postvegen tilbake til anlegget igjen. Det var påska si det.

Årets høgdepunkt på Harpefossen var likevel Super G renna. Som starta på toppen av Hovedtraseen og bukta seg rundt Dalenakkjen og vidare inn i Olaløypa. Då var det som regel med livet som innsats. For det var sjeldan preparert utanfor løypa, det gjaldt og holde seg i sporet. Alternativet var bom stopp i lausnøen etterfulgt av nokre C-moment ut i periferien. Då var det kniving med dissa sogningane...som alltid var litt større enn ein sjølv. Det var stort sett jamnaldrande på den tida uansett kor dei kom i frå, men dei frå sogn var alltid størst. Eller kraftigst bygd. Dei hadde ein definitiv fordel av tyngdekrafta i fartsretninga for å seie det slik. Men på Harpefossen hevda eg meg, eg gledde meg alltid særskilt til dei renna. Sikkert fordi løypa var nokså krevjande, teknisk sett, alderstrinnet tatt i betraktning. Disse renna er det diverre slutt på. Olaløypa er omlag også grodd att, og krevjer store snømengder for å tuktast. Store snømengder er det nesten slutt på også, så Olaløypa ligg i dvale....og ventar på å bli tatt i bruk.

Harpefossen også. Eigentleg. For 10-20-30 år sidan traff ein alltid kjentfolk der oppe, i bakkjen, eller på vegen over Brekka sumrane. No er det langt mellom kjentfolka. Det er mest synnjatebøvlar, folk frå møre, men godt sør frå Ålesund, eller folk og familiar frå ytre Nordfjord. Det er hovedsakleg dei som nyttar Harpefossen i disse dagar. Folk frå Eid kommune synes det å bli stadig færre av. I gamle dagar var vel Harpefossen omlag det einaste alternativet vinteren, og eit godt nytta turområde sumaren. No finnast det andre alternativ. Det virkar som det urbane kafelivet fristar meir enn frisk luft på knappe 800 meter, Fotball er blitt heilårssyssel, handballsesongen er sannsynlegvis blitt stadig lenger og andre meir stillesitjande aktivitetar meir spanande. I idrettshuset, og på krøllgraset er det vertfall god aktivitet, og det er vel og bra, men det virkar også å gå på bekostning av det som byr seg oppe i Hjelmelandsdalen, på Harpefossen, på skisenteret, i langrennsløypene, og også i Stigedalen. Mykje må dårlige og ustabile vintra ta delar av skulda for. Men til tross for regn og bar mark på Nordfjordeid, så er det stundom opphald og ypperlege vinterlige forhold i dalen. Det er ei årsak til at anlegget ligg der det ligg. Forrige vinter var ein omtrent aleine i bakken på Furuhogane  i 11 tida om dagen, med pudderforhold og heilt kurant veir. Det er kjekt ein to tre turar, men så er det berre trist. Der burde vore kø.

No for tida må det omlag vere knallblå himmel før anlegget fylljast. Om eit tilbod ikkje blir brukt fell det til slutt bort, og då er det trasig om ein tek det for gitt. For det er eit anlegg dreve av få, det er ein destinasjon tufta på dugnad og frivilljuge. Og for ein som har tråla det meste av anlegg i fylket og andre stadar, står det ikkje tilbake for noko i forhold til dei det er naturleg å samanlikne seg med. Men det må nyttast. For at det skal leve, for at dei tross alt få frivillige skal gidde, og lage til noko såpass bra for så mange..  

Harpefossen er eit interkommunalt anlegg og burde utvilsomt hatt slik status også på papiret. For hadde det ikkje vore for kystfolket, er eg neimen ikkje sikker på om Harpefossen hadde eksistert lenger. Ære vere dei for det.

Med ein halv meter med pudder siste veka så kan det vere greit å kjenne si besøkelsestid. Harpefossen treng alle kundar dei kan få for å vere eit vinterparadis også i framtida.

Sjåast i bakkjen.