onsdag 6. januar 2016

SK 2016

Tittelen kan minne mykje om ein flyavgang til SAS, men det har ikkje så mykje med det å gjere. Det handlar om sommarkroppen 2016. I bunn og grunn er dette og misvisande, så HK 2017 burde kanskje vore den eigentlege tittelen. Heilårskroppen 2017. Etter eit rimelig utfordrande 2015, korkje meir eller mindre, så er eg på 1997 nivå vektmessig, men av ein eller annen grunn har kroppen fått totalt feil proporsjonar. Vekta ligg med andre ord på feil plass. Eller feil plassar om de vil. Fortrinnsvis på magen, i form av feitt, men ræva dissa litt også, spesielt når eg hoppar. Ansiktet er derimot visstnok radmagra ifølge slekta, eg ser visst rett og slett sjuk ut. Muleg det. Men når eg var på mitt feitaste, knappe 86 kilo på ein guttetur til Florida i 2008, omlag 10 kilo over matchvekta i glansdagane, så hadde eg visstnok heller aldri sett sunnare ut i følge den same slekta. Kompisane derimot, dei sto og lo. Det kjem med andre ord ut på augo som ser. Sjølv konstatera eg at vekta er i knappaste laget, 72.7 kilo, 75 er nok der eg bør ligge, minst, og har funne ut at dette må eller bør eg gjere noko med. Proporsjonane må endrast. Eg må flytte litt frå magen opp på brystkassa og gjerne litt ut i armane, og skyve litt frå ræva ned i beina. Det bør kunne gå det, meinar eg. Det bør i alle fall vere muleg.

Eg vel difor å legge haudet på blokka gjennom dette innlegget, både for å ha litt press på meg til å kome meg ut og i trening, men også for konstruktive slag i trynet i form av "kva var det eg sa" når prosjektet sannsynlegvis går ad skogen. For det gjere det. Innerst inne veit eg at ræva blir større, og at magen ikkje klarer å motverke tyngdekrafta....eller godbitane i kantina....over tid. Men eg skal gjere eit forsøk. Ta ein Aarskog. Som det etterkvart heiter på Eid. Det blir ikkje Crossfit på denne karen, sånt har han ikkje tid til, men det kan bli trening i rykk og napp, når ungane er med mora, og når dama masar om ein spasertur som eg til no hovedsakleg har avvfeid med å åpne ein pøse chips. Med andre ord. Eg startar frå scratch. Ikkje bokstaveleg talt, men i forhold til mitt aktivitetsnivå gjennom livet i snitt, så er det omlag frå scratch. Aktivitetsnivået har sunke proporsjonalt med åra, ikkje eksponentielt, det er framleis futt i denne gamle kroppen, men dørstokkmila blir tøff. Og været, på Giske. Det regnar aldri på Giske. I alle fall ikkje ovanfrå. Det kjem frå alle kantar, med vinden hovedsakleg, og gjerne rett i ansiktet i 90 grader, og bøyer du deg litt fram for å halde deg oppreist i blåsten, så treff regnet ansiktet likevel...vinden løftar den frå bakken og piskar deg i trynet uansett korleis ein snur og vender seg i dei verste bygene. Det har sin sjarm det også, men ikkje i januar, eller februar. Då er det berre tungt, og det freistar meir med Maarud ost og løk og nokre episoder av Banshee på HBO. Men no er det ingen veg utanom. Proposjonane må tilbake i vater.

RYP. Release your potential såg eg noko om på nett. Tenkte eg skulle prøve dette. Ta grunnprogrammet i alle fall...for å sjå om det skjer noko...med denne ballen av ein kropp. Muleg eg ikkje har noko potensial i det heile. Muleg det ikkje lar seg gjere å endre på denne blomsterkvasten, få den til å bli prydbusk eller i slå ut i full blomst. Det vil i så fall tida vise. Basert på dette bør eg vertfall trene tre gongar i veka. Eg må dermed rydde kalenderen. No ryk både kvalitetstid på ramma, på sofaen, enkelte seriar eg følger med på og enkelte fotballkampar på TV. Eg må prioritere, eg må setje av tid til bevegelse. 3 timar i veka totalt sett. Eg skjønar ikkje kor eg skal ta tida i frå. Berre det blir ei utfordring. Kanskje berre det også blir for tøft. Kanskje eg berre allereie no skal forkaste heile planen. Legge det på is. Ta meg ei ny episode med Ray Donovan og tenkje meg om ein gong til, om dette er så lurt. For å vere heilt sikker. I tillegg står det i RYP at eg skal ete sunt, berre det kan jo ta livsgnisten frå ein. Eg skal kun ete eit visst antall kaloriar. Eg gidd ikkje vere hysterisk og telje kaloriar, litt sunn fornuft får halde. Men fråtsing er med andre ord uaktuelt. Alt som er godt også. Det blir fiber og kli til eg omlag skite sponplate, jfr eit gamalt Oluf sitat. I helga må eg dermed ete opp alt i snopskapet - rydde vekk julelageret. Legge grunnlaget for maksimalt utbytte. Starte på topp.

Eg blir kort fortalt sleten berre av å tenkje på det. Dørstokken blir både for høg og for lang på same tid. I tillegg virkar døra låst, og eg veit ikkje om eg har nykjel. Men eg brukar å få til ting eg set meg føre. Eg bør difor gjere eit forsøk. Få orden på proporsjonane att. Få kroppen i vater. Det verste som kan skje er jo at ein faktisk mislukkast. Men det har no før den tid blitt nokre timar av det, kanskje feitt har blitt forbrent og er ein særskilt heldig konvertert til muskelmasse. Det får eg trass alt med meg, og det må litt kvalitetssofasliting til for å bryte det ned att. Berre det kan jo vere verdt å sjå fram til. Før året er omme er eg ein av to ting; Ein definert mann, eller potensielt noko dvaskare enn status quo.... Det er med andre ord ein vinn vinn situasjon, slik eg ser det, ein sjanse det er umogeleg å la gå i frå seg

Eg byrjar mandag. Fyrst må sesong 3 av House of Lies på HBO knekkjast. Det handlar om å prioritere.

Godt år forresten.