torsdag 8. februar 2018

Pappatrenar


Det er andre fotballtrening i 2018. Vi trenar inne, det er framleis kaldt ute, og vi er heile 17 jenter i talet. Langevåg jente 5. Ein herleg gjeng prega tidvis av fullstendig kaos, men likevel ein herleg gjeng. Som glise når dei kjem, som er overraskande lydhøre når dei er i gong, og som smile svette og slitne etter treninga er over. I glede over å ha hatt det kjekt, etter å ha fått til noko, etter å ha scora eit mål, etter å ha blitt betre kjent med ei lagveninne, etter å ha truffe med ei pasning, vore meir involvert enn treninga før. Det er det barneidrett handlar om. Å ha det kjekt. Å meistre noko, gi dei kjensla av å meistre noko. Gi dei ros for at dei prøvar. Gi dei ei klapp på skuldra når ting går på tverke og be dei prøve att. For det går sikkert betre neste gong. Gi dei ein high five når dei lukkast, gi dei ein high five for å få dei til å lukkast. Gi dei ein high five berre fordi dei møter på trening. Hilse på dei, seie at det er kjekt å sjå dei.. Rettleie dei, utfordre dei, rose dei. Fordi dei traff ballen, fordi dei prøvar, fordi dei ikkje gir seg sjølv om det ikkje lukkast fyrste gong, fordi dei bryr seg om ei lagveninne, fordi dei jubla når motstandaren scora, fordi dei kom. Fordi kjem dei, så er dei motiverte, då trivast dei på trening, dei synes det er kjekt, dei er glad i lagveninnene sine. Det er tross alt viktigst. At dei kjem. At dei har det så kjekt som dei kan.

Å snakke om ferdigheiter for 5 åringar er meiningslaust. I den alderen handlar alt om å skape og bidra til motivasjon. Det er stor forskjell på femåringar, i det aller meste. Men det som er felles for dei, er at samtlege blir motiverte av å få til ting. Sjølv om det kan vere forskjelleg nivå på det ein får til, eller ynskjer å få til. Men det er vertfall det som er målet mitt. Å gi jentene ei kjensle av å meistre noko. Om det for nokon er å treffa ein ball, for andre å treffa nokon med ei pasning, for andre å runde ei kjegle, eller å score eit mål, så er det min jobb som ein av trenarane for Langevåg jente 5 å bidra til det. Ikkje for ein, men for alle. Det kan stundom vere utfordrande og krevjande, men vi prøvar så godt vi kan. Å sjå og rettleie alle like mykje. Men i tillegg er vi kun friviljuge pappatrenarar og mammatrenarar, så dine eigne krevjer stundom noko ekstra merksemd....fordi dei slo seg, er tyrste, må på do...fordi du viser andre merksemd dei er vande med å få aleine. Å vere trenar i borneidrett gir ein stundom ei kjensle av dårleg samvit. Såg du alle like mykje? Gav du like masse ros til alle? Lærte alle noko nytt i dag? Fekk alle til noko dei ikkje har klart før? Såg du dine eigne også i all viraken? Smila i eit småraudt fjes etter trening fortel det meste....om korleis treninga var, og korleis dei har hatt det. Ser ein jentene smile etter trening....då veit du at det har vore nokolunde bra. Eg ser etter smila. Dei fortel som regel meir enn ord.
Jorunn Sofia i Langevåg sine fargar, men her i Brasil drakt. 

Sjølv har eg vokst opp med min far som trenar. Det har ikkje alltid vore like lett. Som regel var stort sett ingenting bra nok. Eg følte det i alle fall stundom slik. Scorte eg 3, burde eg scora 4. Scorte eg 4, burde eg scora tre fordi eg burde slått pasning på det siste målet sidan medspelar var betre plassert. Hadde eg 4 målgivande pasningar burde eg kanskje hatt fleire. Og sånn gjekk treningane, kampane og dagane. Det har vore mange oppheta diskusjonar rundt middags- og kveldsbordet opp gjennom åra for å seie det slik. Men alt han eigentleg meinte med det var vel at eg skulle strekke meg litt lenger, ta ei ekstra trening, gjere dei riktige valga, få ut potensialet. Eg såg ikkje det då. På den tida. I tillegg vart det kanskje kommunisert feil, sjølv om det utvilsomt var med gode intensjonar. Han forsøkte i praksis å skape motivasjon. Eg tok det derimot stundom som kritikk. Det drep motivasjon. Til slutt small det. Han lærte nok litt av det. Og han kanaliserte ting difor annleis når det gjaldt bror min. Som han tross alt motiverte, på eit vis, til å finne ein eigen indre drive til å bli så god som overhode mogleg. Og det i skiskyting. Ein idrett som far min på den tida ikkje kunne ein skit om. Men som han no meir eller mindre kan alt om. Medan bror min gleda seg mest til trening, gleda eg meg mest til tomatsuppa mor mi hadde klar når treninga var ferdig. Der har ein forskjellen på oss. Smerte ligg ikkje for meg.

Men det skal far min ha. Han var tilstede. Også i ting eg dreiv med der han ikkje var aktiv involvert. Eg dreiv med alpint. Han kjørte meg på skitrening tre gongar i veka heile vinteren. Han stod i to-tre timar kvar gong og såg på. Utan ski på beina. Kun med ein haug med klede og petterøes 3 i kjeften. Men han var der. Han tok ansvar. Også trenaransvar. I ting han kunne noko om. Som fotball. Han skapte gode lag, gode samhald, gode venskap og gode opplevingar. Han stilte kanskje litt store krav til son sin, men der ligg også litt av utfordringa som pappatrenar sikkert. Det og ha eit bevisst forhold til ikkje å forfordele....ein kan stundom dra den strikken for langt, trur eg. Sjølv har eg har mest tru på fyrst og fremst vere pappa, så trenar. Også på trening. Trur det løner seg mest i lengda. I alle fall opp til ein viss alder.

Eg kunne ha dreve med kva eg ville innan idrett trur eg, og eg veit at far og mor mi ville stilt opp. Dei ville vore aktivt til stades på ein eller annan måte. Det er viktig. Å vise interesse. Det er motiverande. Der har eg vore heldig. Dei er idrettsidiotar. Og det kjekkaste dei veit er idrettsarrangement. På alle nivå. Til og med på repriser på TV er dei engasjert om nordmenn er involvert. Kan fort ryke ein vase i golvet på reprisa.....når utfallet er kjent. Sjukt hevdar enkelte. Tilbøyeleg til å vere einig. Spent på kor masse dei ville fulgt meg opp om eg hadde valgt å gå heile vegen innan korpsmusikk??.... Då trur eg det hadde vore glissent med foreldre i salen. Mor mi hadde kanskje stilt opp. Med bomull i øyra. Sånn for syns skuld.

Langevåg jente 5. Eg tok på meg det delansvaret fordi eg veit at eg likevel ville vore til stades. Eg ville vore på treningane uansett. Fordi det er viktig for meg å vise interesse for det døtra mi vil drive med. På Langevåg J5 er foreldre flinke til det. Eg har i tillegg delar av grasrotkurset, eg følte difor ein viss forpliktelse til å bidra. Men også fordi eg er oppvaksen med å ha ein forelder som trenar, fordi eg vil teste korleis det er, og fordi eg ynskjer å sjå om eg kan gjere det betre. Men det som kanskje trigga meg aller mest, er å bli kjent med folk som døtra mi skal tilbringe store delar av barne og ungdomstida si med. Det som far min meinar er mest givande med å vere borneidrettstrenar. Det å følge folk frå ung til vaksen. Gi dei gode og trygge miljø, gode haldningar, gode verdiar, gode venar, gode opplevingar og ikkje minst kjensla av å meistre noko. Det veks folk på, uansett på kva felt det er. Det å sjå at dei du trente veks opp til å bli flotte sympatiske personar, gode medmenneske, og gode bidragsytera. Idrett kan gi nokre medaljar, men det viktigaste er å skape fine folk.

Eg skjønar litt om kva han meinar når nokon av jentene eg trenar kjem bort til meg på butikken når vi handlar....det kan gå litt som det her;

""Hei Kay! Veit du ka....
Hei xxx, nei det veit eg ikkje....har du det fint då?
Eg ja....eg har det kjempefint...men tipp då Kay....tipp då....
Eg tippar du har klart to i triksing seier eg.....
Nei, eg har blitt storesyster!!!
Har du xxx, det er jo kjempekjekt......men ho skrik vel heile tida så sikkert litt travelt også?
Ja Kay, ho er litt slitsom....men ho e no litt søt då....når ho ikkje grine vertfall.
Ja, det vil eg tru seie eg. Men du har vel ikkje tida til å kome på trening på onsdag du då, sia du e blitt storesøster og greier?
Eg jo, eg skal på trening, og då skal eg skyte mange mål!!
Supert xxx, det gleda eg meg til, det blir kjekt.
Men du Kay?
Ja xxx,
På onsdag skal vi ha haien kommer til oppvarming.....
Greit, ka vi skal gjere etterpå då?
Då skal vi skyte mål Kay....det veit du.
Supert. Ser deg onsdag då xxx
Ja, det blir kjempekjekt!!""

Eg er kun inne i mitt fyrste år som trenar for born og unge. Min far har haldt på i minst 30. Eg bøyer meg i støvet. Eg kjem ikkje til å halde på så lenge. Men eg er glad i idrett, og eg vil sjølvsagt bidra ein del. Eg spurte mi eiga dotter om ho var fornøgd med at pappa var trenar, eller om det hadde vore betre om pappa berre satt og såg på.

Ditta veit du pappa. Eg vil at du skal vere trenar....sånn som heime. Meg og deg pappa.

"Ok, fint. Ka er draumen då Jorunn Sofia?"

"Barcelona pappa, Barcelona.....det er draumen......og drakt nummer 10....det seier du jo alltid :-)"

"Sant det, men det viktigaste er at du blir super."

"Som kun Jorunn Sofia".