torsdag 17. desember 2015

Kompisjulebord

Kompisjulebord. I år det tjuande julebordet i rekkja. Vanskelig å seie om det er udelt positivt eller om det også har eit snev av tristesse. 20 års jubileum er jo eit resultat av at åra flyge og soleis er det kanskje litt på den triste sida. Kvar vart liksom dei siste 30 åra av? På den andre sida er det jo ganske bra at den same gjengen, stort sett, til tross for ulike vegar i livet har prioritert ei sådan stund i 20 år for å bevare og dyrke sine barndomsvenskap. Eg vel difor å sjå på dette som ein veldig stor prestasjon. Vi er same gjengen, meir eller mindre. Enkelte av oss pratar nesten kun med kvarandre denne eine gongen i året. Kanskje noko meir, men då gjerne på fjesboka. Det blir ofte slik. Vi er tross alt menn. Å plukke opp denne telefonen er ofte ei byrde. Mange av oss sit også i den heile dagane, Då gidd ein ikkje sitte i den heime. Ein vil gjerne ha litt fred også. Tungvint og reise nokon stad også. Ein kjem tross alt heim til jul, eller til sumars, ein treffe jo nokre sjeler ei sådan stund. Men til tross for at mange kun snakkar med kvarandre kun denne eine gongen i året, så merkast ikkje det. Snarare tvert i mot. Det er ofte som om ein pratast seinast i forgårs, praten flyt lett. Det er rart det der. Gamle venskap rustar som regel ikkje.

På kompisjulebord dyrkast den gode samtalen, eller rettare sagt ein fortel gamle historier om igjen. Like morsomme kvart år. Det blir litt som grevinna og hovmesteren. Det blir liksom ikkje jul utan. I tillegg er det maten. Ofte lagd med vyrdnad, og ofte ambisiøst planlagt, så ambisiøst at det som regel kokar ut i kålen. Men det høyrer med det også. Det er ein del av tradisjonen, og tradisjon er viktig. Som runden, der kvar og ein oppdaterar dei andre på året som har gått. Det er gjerne enkelte som har meir og fortelje enn andre. Dei samme går ofte igjen, og det har ikkje nødvendigvis noko med at dei andre slit med å prate føre ei stor og stivpynta forsamling, men enkelte liv er stundom noko meir spanande, litt meir turbulente eller litt meir innhaldsrike enn andre. Slik er det berre, på godt og vondt. Andre igjen er ofte personar av mange ord, med god forteljarstemme. Nokon fortel strengt tatt meir enn nødvendig, og gjentek seg sjølv. Andre likar seg i bakgrunnjen, og har kanskje ikkje meir å meddele enn at ein var særs nøgde med slåtten i år, eller at det har vore eit godt konnjår slik at kvaliteten på julebrygget har vorte godt. Men det er nyttig informasjon. Det er rett og slett kjekt å vite, særlig for dei som kava i særs urbane strok i kvardagen og som då treng nokre påminnelsar om dei viktige grisgrendte verdiane, for å kome tilbake i godt gamalt nordfjord modus. Det går seg som regel til. Raskt.

Runden. Det er som oftast ein ny unge på veg. Eid har enten rykt ned eller opp. Haugen har sagt frå seg opprykket eller stilte ikkje lag i år. Lambinga gjekk fint. Asgeir har slutta og røyke, eller begynt på att. Enkelte vurderar å flytte heim att, andre er dritleide av Eid. Folk har det travelt, med kjæring, ungar, og jobb. Eller opppussing. Nokon har ny jobb. Med Øystein er alt med det gamle. Den kjappe kommentaren sit laust. Mange historier, enkelte meir morosame enn andre. Men ei historie, om året før. Ei oppsummering som får gjengen oppdatert på året som har gått. Vi blir inkluderte i våre veners liv. Det erstattar på mange måtar hyppige telefonsamtalar, eller tungvinte reiser for venebesøk.. Vi har fått vite det vi trenger å vite, for å vere venar eit år til. Til neste julebord. Til neste oppsummering. Det er godt, og alle er glade, og alle kjenner at ein har gjort ein uvurderleg innsats for å bevare venskapa også for det neste året. Meir treng vi ikkje. Slik går dagane, slik går åra, slik blir dei samme historiane holdt ved like. Og venskapa, som om vi møttes i forgårs. Snodig, men likevel veldig bra. Det er vel det som er venskap. Det som ikkje er slitsamt og halde ved like. Det som berre er slik. Det som berre er der uansett kva omlag. Nokon å støtte seg på. Nokon ein veit stiller om det tynger. Eller som stiller om ein vil dele noko bra, noko fantastisk, eller finnje på noko med. At det kanskje hadde vore sunnare og hatt meir kontakt er eit anna spørsmål. Venskapa hadde kanskje vore enno betre då, misforstå meg rett. Men vi er tross alt menn, eller gutar. Og det enkle er ofte det beste.

I år skal eg likevel våge meg litt meir fram på, sjølv om det mest sannsynleg vil bli tolka som eit overtramp . Eg ringer ikkje ned folk i utide, det skal eg innrømme. Har bestemt meg for å bli flinkare til dette. I 2016. Ikkje for at det sikkert er nødvendig, men eg vil trass alt ikkje bli oppfatta som eg tek nokon for gitt. Det er i alle fall ikkje det som er meininga, med all denne tausheten. Eg vil berre ikkje forstyrre. Folk har det travelt kan ein skjønne, eg har det travelt sjølv eg. Men dykk karane på julebordet er viktige for meg, nokon eg set pris på, enkelte dagar kan eg til og med vere ganske glad i dokke. La det ikkje vere tvil om det. Men kun enkelte dagar. Vi skal trass alt ikkje overdrive. Og nei, eg har ikkje tatt ein mister Kardashian eller Jenner som han strengt tatt heite...eg er ikkje blitt Kaylinn. Eg skal berre bli noko hyppigare i kontakten, sjå på det som eit prøveår. Kanskje det kjem noko bra ut av det. Trass alt, sjølv om det høyres travelt ut.    

Vi snakkast på julebordet, rundt gamle gode historiar. Då er vi vertfall uansett vener eit år til. Vi same 12,13,14,15,16,17 karane. Alt ettersom.