tirsdag 16. august 2016

Mr Haugenfotball.no

Du har sikkert sett han ein stad med kameraet sitt. Ofte på ei fotballbane. Ein stad i fylkjet. Stig Høynes, Mr Haugenfotball.no. Fylkets best oppdaterte lokalfotballside. Eller landets for den del, og sannsynlegvis verdas utan samanlikning for øvrig. Daglege oppdateringar, omlag daglege fysiske tilstadeværingar på fotballkampar/idrettsarrangement, senior som aldersbestemt i sesong, redigering av bilder, skriving av tekst, samanfatning, planlegging, reising og publisering. Det blir det timar av.  Det er alvorleg mykje jobb det, for om lag ein slikk og ingenting, berre fordi ein har ei interesse for fotball og idrett. Snakk om kjærleik til fotball og lokalmiljø. Det står det umåteleg respekt av, og er noko mange har hatt glede av dei siste åra. Ikkje minst ungar, mine og dine, som tykkjer det er umåteleg kjekt at Stig møter opp på diverse arrangement og kan sjå seg sjølv att på haugenfotball.no på kvelden. Det trur eg betyr mykje for dei. Den anerkjennelsen ungar får av det trur eg dei leve lengje på. At Stig brukar si eiga fritid til glede for så mange har ein kanskje etterkvart tatt som ei sjølvfølge, det burde ein truleg ikkje gjere, sidan dette er nitidig arbeid som kostar både tid, pengar og krefter. Det ynskjer eg verkeleg å slå eit slag for.

Sjølv har eg kjent Stig sidan eg var gutstrik. Systra hans var til og med barnevakta mi i si tid. Vi voks om lag opp i samme nabolag, Hafsås kontra indre Røed. Det er grisgrendte strøk på Stårheim, så såkalla naboar bur ofte fleire hundre meter frå kvarandre. Mellom våre to hus vil eg hevde det var ein 4-5 gode Flo-pasningar på 60 meter, dog med rett adresse. Stig er 5 år eldre enn meg, men skal likevel ha sin del av fortjenesta for fotball- og idretts- interessa mi. Til tross for aldersforskjellen hang vi litt i hop, det var ikkje mange borna på Hafsås/Røed så selektiv utvelgelse av leikekameratar var framandord. Ein sosialiserte seg med dei som var tilgjengeleg. Stig var tilgjengeleg, og vi delte mykje av dei same interessene, og ved å bruke tid i lag forsterka vi nok desse på mange måtar. Det gjekk i fotball, Olympiadar på Commodore 64, luftgeværskyting og hesteskokasting. Alt sjølvsagt konkurransebefengt og med avsindig innsats. Eg fekk ikkje aldershandicap. Vi konkurrerte på like vilkår. Stig lærte meg å tape, ofte, men også den enorme gleda av å vinne, sidan eg i kvar konkurranse var fysisk underlegen. Eg levde lenge på å slå Stig i ein fotballkamp. I luftgeværskyting tapte eg derimot alltid, til tross for at han laga meg ei støtte til geværet. Ligg til familien, skjelvesjuke. Også med kvilepuls.

Stig voks opp i eit klassisk husbankhus. Slike hus var skreddersydd for gangfotball. Gangen var long, og endte opp i ei dør på kvar side. Perfekte mål. Knappe 7 meter bane, med 1,2 bredde. Ofte sto eit telefonbord i vegen, men det rydda ein vekk. Veggane fungerte som medspelarar, perfekt for trekantar. Der gjekk det både EM og VM kampar. Fyrst til 10 mål. Med livet som innsats. Eg var sjølvsagt Maradona. Alltid Maradona. Sjefen over alle sjefar. Stadig. Stig var nok meir tilhengar av Brasil, om eg hugsar rett. Sokrates og Zico og dei karane der. Mot Maradona vart det sjølvsagt litt knapt.....:-). Stig har alltid vore fotballidiot. Han hadde ei enorm samling med BOING blad, no Kickers, fotballkort frå England og diverse mesterskap samt ein rekke EM og VM sluttspel på VHS. Dette hugsar eg at eg hadde stor glede av, og det var ein del kampar og mål som fekk gå på repeat på VHS spelaren i gamle dagar. Platini, Maradona, Zico, Elkjær, Boniek, og kampar som Brasil-Italia i frå VM i 82. Klassikarar.

Foto; Yngve Tolaas - Fjordabladet.

Sjølv spelte han aldersbestemt på Stårheim, eg trur til og med vi har eit par kampar i lag også. Eg meinar eg fekk hospitere på gutelaget eingong som siste års miniputt, og vi reiste ut på Skaredammen eller Revikja og blei banka av Tornado Måløy 19-1. Det største tapet eg har vore med på. Eivind Iversen og Co vart berre litt for gode. Men meina det var dritvær med stiv kuling slik at heimebanefordelen utgjorde vel eigentleg 15-0 allereie ved kampstart, i tillegg mangla vi Asle Myrold som sikkert hadde scora 10 mål aleine. I botn og grunn var det difor ein jamn kamp, og kunne fort ha bikka begge vegar:-) På seniornivå blei det eit par sesongar på Stårheim i gamle 5 divisjon på Mister Høynes. Fyrste sesongen fekk han til og med prisen for årets mest framgangsrike spelar. I følge seg sjølv gjekk han frå heilt komod til kun komod det året, noko som seg høyr og bøyr sjølvsagt måtte markerast av klubben i form av ein flott pokal. Den har æresplass på peishylla i lag med Stig sin NM tittel i hesteskokasting for par-lag, med stallkompis Kristen Lotsberg i 2005. Multitalent. I tillegg fekk Stig 54 kampar og 6 mål for Haugen, som regel som ivrig rundingsbøye på ein av backane, dog likevel med eit akseptabelt scoringsnitt, 0,11 mål per kamp. I tillegg til fleire gjesteopptredenar for eit slagkraftig Heggjabygda under diverse VON-cupar i Holmøyane på 90 talet. Uansett, både Stårheim og Haugen har hatt stor glede av Stig både på bana og i kulissane på 90- og 00- talet, før hesteskokasting, internett, og opprettinga av fotballsida Haugenfotball.no tok laust for alvor. Der har han også verkeleg kome til sin rett.

Stig starta med eiga nettside i 1999, samme året som den vidgjetne Haugenkarriera starta. Den vart seinare Haugenfotball.no i 2004, om lag eit år etter Stig sin siste Haugenkamp. Og sidan 17 juli 2006 har det vore daglege oppdateringar på sida. 10 år med oppdateringar, på eige initativ, til glede for alle fotball- og idretts- interesserte i heile fylkjet. I tillegg har han ivrige følgjarar frå folk med tilhøyring til Sogn og Fjordane som bur andre stadar, meg sjølv inkludert, samt frå søre Sunnmøre. I dag er nettstaden den best oppdaterte sida på fotball i heile Sogn og Fjordane, det som er verdt og vite finn ein der. Godt støtta opp om via Haugenfotball på sosiale mediar som Fjesbokja og Instagram, med knappe 4400 og 1400 følgjarar. Her finn ein resultat og komande kampar i seniorfotballen, tippekonkurransar, hesteskoturneringar, overgongar, spelarbursdagar, dekning frå andre større idrettsarrangement, bilete frå miniputturneringar og alderstfaslagde kampar, dommar-rekruttering, fotballseminar- og kurs, og gud veit kva. Haugenfotball.no innheld alt ein treng vite om det som foregår rundt særskilt fotballen frå Nordfjord til Sogn. Det er ei side ein er inne på dagleg, i likhet med Fjesbokja, VG, Dagbladet, E24, Nettavisen, Finn etc. Sider med vesentleg større administrasjonar, sider med vesentleg større budsjett, sider med vesentleg fleire ansatte og kildegrunnlag. Men for folk med idrettsinteresse er Haugenfotball.no eit like kjærkoment innslag i nyheitsfeeden, og ligg på favorittlista på dei fleste PC`ar i fylkjet. Det er godt gjort for ei sjel og ei skjorte. Og eg trur ikkje folka anar kor mykje ressursar dette krevjar, for å vere der oppe, som ei side fotballinteresserte i fylkjet stikk innom på dagleg basis.

Litt statistikk. I løpet av ein sesong dekker Stig om lag 150 kampar, i tillegg ei rekkje turneringar. I løypet av eit år køyrer han ca 12.000 km i Haugenfotball.no`s øyemed. Med 10 års daglege oppdateringar vil det seie ein knappe 1300-1500 kampar og minimum 100.000 kjøyrte km over desse 10 åra. På sida er det publisert ca 108.000 bilete, det vil seie at det er tatt rundt ein million sidan kun ca 1/10 del blir publisert. For at eg og du skal få med oss høgdepunkta frå toppkampen Hyen - Haugen, målscorarar og gule kort. For at eg og du skal få vite at Selje nok ein gong vart årets Fair Play klubb, at Anders Midthjell nok ein gong skiftar beite, at Stryn arrangerar nok ei proffveke, at Bjørn Totland ser eit lag i utvikling, at Florø har stø kurs mot opprykk, kven frå fylkjet som når lengst i Norway Cup og kven i frå kretsen som blir tatt ut på aldersfastlagde landslag. For dette vil eg tru at han set igjen med knappar og glansbilete , samt eit stort verdifall på bilen....... All honnør til dei få gode lokale annonsørane han trass alt har på sida si, eg vil tru at det er særs kjærkoment. Alt dette for at eg og du til ei kvar tid skal få fyrstehandskunnskap om lokalfotballen i Sogn og Fjordane. Det trur eg ikkje vi skal ta for gitt, og eg ynskjer med dette innlegget å takke Stig for det, samt kanskje bidra til at det blir nye 1500 kampar, og nye 100.000 km dei neste 10 åra.

I den forbindelse vil eg også hevde at Stig spelar ei viktig rolle for fotballen i Sogn og Fjordane, og i Nordfjord spesielt. Det ville blitt ei noko stusseligare tilværing utan Haugenfotball.no. Det vil ein fyrst skjønne den dagen det er slutt, den dagen sida ikkje blir oppdatert meir, den dagen sida blir svart. Særskilt for aldersfastlagd fotball, der Stig gjerne gir ein lilleputtkamp, ei aldersfastlagd turnering og ei sonesamling like mykje merksemd frå Haugenfotball som ein toppkamp i 3 divisjon. For lokale born og unge er difor Stig meir kjent enn nøkkelspelarar på Sogndal. Det skal ein ikkje kimse av, eller undervurdere. Eit bilete av seg sjølv på Haugenfotball.no i ein duell på miniputt-turnering gjere mykje for eit barnesinn, og ungars sjølvkjensle. Den innsatsen synes eg vi bør setje pris på, kanskje også kretsen i form av ein eller annan anerkjennelse. Kanskje ein blå diplom? Han bør i det minste vere på lista.

Eg ynskjer i alle fall og gjere mitt, og starte ei kronerulling for Haugenfotball.no og Stig Høynes, der private, lag og organisasjonar, bedrifter kan bidra. For å heidre framifrå innsats, og for å sørge for at det gjere det noko lettare og halde fram i vonaleg 10 nye år med Haugenfotball.no. Det er nemleg ikkje gratis, snarare tvert i mot. Det har han fortjent, og er på mange måtar det minste eg kan bidra til.

Eg startar med mine 500 kroner. Alle monnar dreg. VIPPS til 91739879, eller før over pengar til 6550.11.93989. Merk med navn.

Mr Haugenfotball.no fortjenar kvar ei krone.

Som takk for innsatsen. For fotballen,

På grasrota,

I Sogn og Fjordane.











 


4 kommentarer:

  1. Takk for alle bidrag i kronerullinga så langt. Kjekt å sjå at mange set pris på hugenfotball.no.

    SvarSlett
  2. Denne kommentaren har blitt fjernet av forfatteren.

    SvarSlett
  3. Trur nok ein del sunnmøring også er innom denne sida ofte,eg er innom fleire ganger I veka og Stig legg ned ein fantastisk jobb her.

    Mvh Børge Hansen
    Fotballidiot

    SvarSlett
    Svar
    1. Ja, nevner vertfall søre sunnmøre i innlegget🖒😀

      Slett