mandag 19. november 2018

Øyvind Løkling - ein ekte fjording.

Vorspiel. Det har blitt nokre av dei opp gjennom åra. Eit nachspiel i ny og ne og. Men det er relativt sjeldan at idear påkome og drodla rundt i slike fora faktisk har gitt verda noko nyskapande. Bortsett frå på hauane då, gjennom nittitalet, og seinare på studentfestar i Bergen og Oslo. Ideen i seg sjølv var fornuftig den. Det er logisk at Noreg som land med dei råvarene vi har burde kunne lage betre kremlikør enn folk frå Irland. Det var vi stort sett samde om heile gjengen. Det vi kanskje ikkje var like samde om, var vel om lerretet var for longt å bleikje før ein faktisk tjente pengar på det. Enkelte av oss skjønte relativt fort at dette måtte bli internasjonalt om det verkeleg skulle kunne kaste av seg. Noreg blei vurdert til å vere for lite.....men mogleg vi tok feil.

I den seinare tid har ein vel funne ut at det selgast ein del kremlikør i dette landet.....der ein trumfar alle andre. Bayl...eg har ikkje lov seie namnet..... Ein treng eigentleg berre ta sin skjerv av kaka for å bli lønnsame, og det her heime på bjerget. Ideen var dermed ikkje berre god, den kan til og med vere rimeleg lønnsam også. Kjekt er det difor at den som kom på ideen, dog med noko promille, er ein du faktisk kjenne og har kjent sida han var gutstrik.

Det paradoksale er derimot er at han som kom på det, gjennom barne og ungdomsåra var særs bedageleg anlagt. Eg vil hevda på kanten til lat. På kanten til bortskjemde. På kanten til det meste eigentleg. Eg sto på haudet i ein jordbæråker, oppreist i bringebæråkeren og sidan på haudet att i plome- og eplehagen. Jimmen snekra med sin far, Hellesø var på Bjørhovde og sytte for at slektsgarden gjekk rundt også sumarstid. Asgeir, fødd og oppvaksen som bonde, hadde meir enn nok og drive med, og Kristoffer fekk vel sine oppgåver i og rundt Nordfjord hotell. Det same gjaldt Trond og Robert, som og hadde fedre som sytte føre at dei var i arbeid. Løkling derimot, han levde livets glade dagar sumrane. Ikkje snakk om sumarjobb der i gården. Han låg på løkja og såg på gibbe dajar, han låg i hagen og såg humlene suse, han gjorde eigentleg minst mogleg. Av og til måtte han derimot slå plenen, mogleg Nils Helge, faren, betalte han for dette, det hugsa eg ikkje, men meina vertfall at den plenen ikkje vart slått umiddelbart. Øyvind var som regel ein fyr som ikkje reid den dagen han sala.

Men Øivind har alltid vore av den sosiale typen. Medan vi andre sumrane hadde ræva fullje i forpliktelsar venta han på oss. Då var det proff loff på klenkarberget, det var krokett i hagen, det var bading i fjæra og det var kortspel. Mattis og Poker, det var som regel det vi spelte, og det er mange friminutt og tysktimar som gjekk åt skogen på grunn av kortspel. Artium fekk vi derimot samtlege, men det var nok mang ein lærar som reiv seg i håret over at vi ikkje kom tidsnok til time....seie seg eigentleg sjølv, ein må sjølvsagt sjå floppen med par i ess på hand. Då får tysk vera tysk, og matte få vera matte tenke no eg. Kunne trass alt dra inn 25 kroner i potten. Vi levde i nuet, med Øyvind som primus motor i mange samanhengar.

Mogleg vi hugsar Øyvind som lat, men med det han no har stelt i stand viser han også at han er uredd. Han tobarnsfar, har hus og heim i Oslo...ikkje akkurat verdas billigste by, og så finn han ut satsa på kremlikør. Det krevje nokre ballar. Og han har sjølv kun to, såvidt eg veit. Men han har heldigvis funne ei dame i livet som er raus, gir han friheit til å gå for noko han brenn for. Det står respekt av det også. Øyvind hadde aldri fått dette til utan Mariann. Øyvind hadde heller sikkert ikkje turt satsa hadde det ikkje vore for Mariann. Trur eg, utan at eg veit det eller eg har spurt han. Det eg derimot veit er at Øyvind ikkje hadde gått for dette, om han ikkje følte ein viss balanse og tryggheit i livet. Mariann gir han det. Og difor gjekk han all in.....

Og det er respektfullt i seg sjølv. Ikkje minst det at ein del av fortjenesten brukast til å framheve og ikkje minst bevare fjordhesten som ein del av det norske kulturlandskapet. Øyvind har alltid brukt mykje tid med besteforeldrene sine, ikkje minst bestefedrene. Dei betydde mykje for han, og han brukte mykje tid med dei, og ikkje minst var dei flinke med å ta Øyvind med seg. På hesteryggen, på ski og på setra. Øyvind veit kvar han kjem frå, og til tross for 20 år i Oslobyga og andre urbane strok så veit han setja pris på dei små og viktige tinga. Eingong hauar, alltid hauar, og han veit kvar han høyrer heime. Det å gi litt av salsprisen til å fremje fjordhesten er nok ikkje berre for fjordhesten si skuld slik eg oppleve det, men mest like mykje for å heidre sin bestefar på Bjørhovde, og friheita i livet slik Øyvind kjente det i gamle dagar. For Øyvind trur eg, handlar det om å gi noko attende, for rotkjensla som hauar, nordfjording og ikkje minst som ein fyr av Sogn og Fjordane trur eg set sterkt i han. Øyvind er trivsel, og triveslfylkjet høver han godt. Det er der han høyrer heime.


Eg er glad for at Øyvind har funne sitt lodd i livet. Eg er glad for at han hoppa i det, og tok sjansen. Så får det gå som det går, men eg trur han veit at vi rundt han vil gjera det vi kan for at han lukkast. På kvar sin måte, entan med kapital, eller for å mase vinmonopola i hel. I ca 20 veke no, har eg vore innom polet i Langevåg og etterspørt fjording....førre veke var det i hylla...men eg må nok mase litt meir, sidan fjording var på hylla lågare enn bayl.....sånn skal det ikkje vera. Det må vi få gjort noko med. No på minst 75 pol i landet, då må vi vel syta føre få det på øverste hylle. Slik har det vore hjå bekjente over heile fjøla. Alkohol er ikkje lett marknadsføre utan "word of mouth". Øyvind treng difor oss alle.

Og går det til helvete, som eg trur det ikkje gjera, så veit han uansett kvar han høyre heime. Og vi vil vera her uansett. Med og utan Fjording på bordet.

Så Øyvind, må seia eg er imponert over kva du har fått til.

Du er ein ekte Fjording.













tirsdag 16. oktober 2018

Her må vi setje ein dragar Asbjørn Mannset......

Asbjørn Mannset. Bonde og Alpinist. Kanskje fyrst og fremst Alpinist, og så bonde medan han venta på at snøven skal legge seg i Hjelmelandsdalen og på Harpefossen. Greit å ha noko å pludre med innjimyllja portsetjinga. Eg kjøyrte alpint frå eg var 6 til eg var 16 år.....eg hugsar mykje av dei ti åra med glede, men fyrst og fremst hugsar eg Asbjørn Manseth. På den tida var det gysla viktig å kjøyre med knekk i hofta....vinkel i knea, og ikkje minst stå godt over ytre ski. Å stå godt over ytre ski gjeld framleis den dag i dag, det andre er eg derimot litt usikker på. Med carving trur eg både knekk i hofta og vinkel i knea hadde medført nokre seriøse kneskada. Asbjørn har derimot lært mange å stå bra på ski, meg sjølv inkludert, og om ein er i bakken på Harpefossen vintrane er han der enno. På ski med døtrene, i gong med ein eller annan skiskule for born og voksne, eller rett og slett fordi han er gysla glad i å stå på ski sjølv.

Eg veit ikkje kor mange år Asbjørn har vore involvert som trenar i alpintsporten i Haugen idrettslag, men det er i alle fall ikkje få. Han var trenar alle mine ti år, og sikkert mange år både før og etter, så om vi summerar blir eg ikkje overraska om ein snakkar ein plass mellom 20 og 30 år som alpintrenar i Haugen Il. Det er rimeleg imponerande. Den fyren har bore nokre portar, lada nokre batteri til løypedrill og walkie talkies, han har stukke- og sklidd nokre løype, samt arrangert nokre krinsrenn den karen. Og han har kjøyrt på nokre samlingar. Fortrinnsvis på Juvass, men også på Strynefjellet, til Valdres, til Filefjell, på Hodlekve, til Hemsedal, til Hafjell, til Strandafjellet, og gud veit kvar vi ikkje har vore med den gullfarga mitsubishien hans. Bilen er jo eit klenodium i seg sjølv. Den har vore ut for mykje, mykje moro, og relativ tung belastning. Noko firhjulstrekkar var det ikkje, og vi sat trongt, vi karane han hadde med seg stort sett. Og hadde vi ikkje lasta tungt hadde vi heller ikkje kome av flekken trur eg på vinterstid.

På taket var der som regel ørten par ski, og bunkar med portar. Bagasjerommet var full av skisko og kle, samt drill, walkie talkies og gud veit kva. Men av ein eller annan grunn fekk vi alltid plass til det vi skulle ha med oss. Både for slalom og storslalomtrening må vete. Fleire gongar når vi skulle på juvassbreen tidleg på hausten kunne ein vere sikker på at det var kome snøv langt ned i fjellsida. Til tross for tung last, vinterdekk, og Mitsubishi, truleg kjøpt på Stårheim Bilverkstad tidleg på 80 talet, vart som regel bakkane for bratte for den vesle forhjulsdrevne bilen. Då vart gode råd dyre, og vi måtte ty til utradisjonelle metodar for å kome oss opp til heisen og bakken. Vi løyste det på fortreffeleg vis. Asbjørn plasserte oss gutstrikane framme på panseret slik at vi fekk god tyngde på forhjula, og det fungerte.....eg var heldigivis yngst, og ergo lettast, så eg slapp som regel unna pansertjenesten.....for det var ikkje berre berre. Vegen opp var ikkje rett, den var kronglete og svingete. Og for å kome opp måtte ein sjølvsagt ha fart, og klarte ein kurvene kunne ein for all del ikkje stoppe før neste flate, for då hadde ein stått der, og ikkje kome seg korkje opp eller ned. Men gutane på panseret klarte sjølvsagt ikkje kurvene, dei sklei rett ut til venstre i fyrste høgrekurve...og fall omkull i grøfta.....men då hadde ein klart å skaffe såpass moment at ein likevel kom seg opp....og Asbjørn stoppa ikkje før flata var nådd, så det seie seg sjølv at stundom vart det nokre meter i høgde og i veg på oss gutstrikane før ein fekk klyve inn i bilen att. Men det var moro, og vi lo oss skvett i hel på dissa turane.

Utbytte fekk vi og. Asbjørn var tidleg oppe. Vi hadde tross alt lagt ned nokre tusen i reise og heiskort, så vi skulle jaggu utnytte dagane. Vi var ofte omlag dei fyrste i bakken, og nokre av dei siste til å reise derifrå. Vi låg sparsommeleg, på hytte, ofte utan eige toalett, kokemuligheite eller vatn. Ofte i Lom, eller i Oppstryn ein stad. Og det gjekk i skjeve, med rimeleg begrensa pålegg. Men vi sakna ikkje noko, vi var vande til rimeleg begrensa standard, vi var der tross alt for å stå på ski. Det hadde vel knapt skjedd i dag trur eg. Sjølve var vi berre glade for å kome oss litt vekk frå Eid kommune. Vi var stort sett dei samme folka på tur. Det var sjølvsagt Asbjørn og meg sjølv, og så var det stort sett Ole Stig Bjørhovde, Tor Egil Meland og Thomas B Strand. Ikkje store flokken, men rett og slett ein triveleg gjeng reisa på tur med. Og om Mannseten verkeleg var i støtet la han som regel inn ei barmarksøkt på kveldstid.....berre for å slite oss heilt ut så vi sovna tidleg og slapp finne på noko jævelskap på kvelden. Det lukkast han som regel med. Og når han ikkje gjorde det er det ikkje alt som egnar seg på trykk.

På krinslagssamling derimot var det oftast noko betre standard. Hytte med eigen dusj og dass var luksus. På krinslaget hadde vi som regel det. Som på Hafjell eine året. Men på krinslag er det ofte ymse med folk. Sogninga og sunnfjordinga og sånt pakk, som ofte ikkje var like kultiverte som oss nordfjordinga. Det er sjeldan ein ser Asbjørn sint, men det eine året på Hafjell var han tilnærma raud i kjaken når ei sognejente ringte på hyttedøra og meir eller mindre tømte eit brannapperat i entreen vår. Som trenar og leiar var ikkje det nødvendigvis så moro, men synet av karane som vart dynka i pulver og vandra rundt som kvite geiter var vertfall moro fram til Mansnseten sto på døra. Kven som vart nedspruta hugsa eg ikkje lenger, det er trass alt 25 år sidan. Det eg derimot hugsar er at det var så kaldt den helga at det våte håret vårt vart rimfrosta av ein tur på badeland på Lilleputthammer...når vi kom heim på hytta var det berre knekka det rett av. På nittitalet var nemleg piggsveis på moten. No hadde eg ikkje fått piggsveis om eg prøvde ein gong. Til det er vikane og fjordane for djupe. 

Den same helga der såg eg snøkanonar for fyrste gong, og eg fekk sjølvsagt lyst kjøyre under ei....Det fant eg ut ikkje var så lurt, for eg var ikkje før komen under før skina stod blegg i ro og eg fall omkull i rundkast etter rundkast i 60 km i timen ca. Og den snøven klebra, så eg såg ut som michelinmannen der ei stund før eg vart hamra laus frå dei verste snøvklumpane. Det kosta meg nokre veke med skulder i fatle, samt nokre skuleprøver som måtte lesast inn på diktafon. Høgrehanda er diverre ubrukeleg. Moro var det lell, i alle fall ei stund etterpå. Og diktafornprøvene stod til meget godt. Hugsa eg.

Asbjørn trente oss tre gongar i veka heile vinteren, om det var snøforhold vel og merke, og vi var vel på fire fem snøsamlingar sumaren/hausten igjennom. Det var stort sett han og oss, vi fire som er nemnt, på tur.....men vintrane var det sjølvsagt fleire på trening. Ein 10-15 i talet. Og vi var ein fin gjeng. Asbjørn styrte showet, men Rune Espe var som regel med som leiar i Alpingruppa, og foreldre som Kjell Bjørhovde, Nils Sønderland, Kjell Meland og min far, dog som regel utan ski på beina var som regel til stades. Dette var sjølvsagt på byrjinga av 90-talet, då alpingruppa var noko mindre enn midt på 80 talet, så eg ber om unnskyldning for om eg har gløymt nokon.  Dei siste åra, når vintrane vart snøfattige og det vart stadig meir utfordrande med stabile treningsforhold blei miljøet markant mindre. Eit år fant ein til og med ut at ein kanskje skulle prøve produsere snøv med forhaustar....det vart med praten heldigvis.....men det seie litt om kor utfordrande det var med snøfattige vintrar. For eigen del kosta det stadig meir tid og krefter og halda på med alpint, ein måtte stadig lenger og lenger vekk for å finne snøforhold og for å få trent, og til slutt vart ein rett og slett metta. Og drit lei. Asbjørn derimot overlevde både snøfattige vintrar og tunge sesongar, og var ein bidragsytar til mange av dei gode nasjonale og regionale resultata Haugenløperar har hatt dei siste 20 åra. Om ikkje direkte, så indirekte for at han haldt opp ei alpingruppe i lag med Rune Espe i mange år der alpinsporten ellers ville låge brakk. Det fortjena han og Rune honnør for. Det var ikkje berre berre på den tid, men takk og lov vart ikkje dei siste optimistar pessimistar.

Eg veit ikkje om han har tenkt noko på det sjølv. Men Asbjørn stakk som regel løyper med god rytme. Eg er jo av den oppfatning at rytme er viktig i idrett. Det som skiljar klinten frå kveiten i idrett har ofte med rytme og gjere. Det er ein grunn til at Brasil har vunne VM flest gongar, det er ein grunn til at dei beste fotballspelarane kjem frå land der dans og rytme står i førarsete. Messi har rytme, Xavi likeså. Og Zinedine. Zidane. Lasse Kjuus hadde rytme, eller kjensle for underlaget. Det har med timing og gjere, å gjere ting til rett tid. Johan Sigurdsson for eksempel vant sikkert 8 av 10 haudeduellar i si tid for Stryn....lagets minste spelar. Timing. Sivert Heltne Nilsen vinn som regel 9 av 10 andreballar, timing.....og rytme. Asbjørn stakk løype med rytme. Det rare er at når Asbjørn stakk løype så vant som regel ein haugenløpar....i krinsregi....det var kjent og forutsigbart og ein visste kva som kom. Det var difor alltid kjekkast konkurrere på Harpefossen. Då fekk ein vertfall ei skikkeleg løype....då kunne ein kjøyre med ei viss rytme. Og møtte han Asbjørn ei hindring, ein kul, eller ein kant, så satt han berre ein dragar......for å kome i rytme att. Det har vi hatt mykje moro med.

På Malakoff for eksempel, når ein møter dette gamle reisefølget att. Då har vi som regel stukke ein dragar....eller ei hårnål for å minnast om gode gamle dagar. "Her trur eg vi må setje ein dragar" har blitt eit uttrykk som for oss minnar oss om den gode gamle tida. Då Asbjørn tok oss med på tur. Då Asbjørn lærte oss og stå godt på ski, og ikkje minst lærte oss gleda med å vere på ski og det å setje pris på kvarandre. Vi var få, og avhengig av kvarandre. Difor var det viktig ha det kjekt langs med. Det hadde vi til gagns.

Så utan Asbjørn Manseth og Rune Espe tvilar eg på alpingruppa hadde overlevd snøfattige vintrar på nittitalet. Dei har stort sett vore Haugen Alpint. Det fortjena dei all mykje ære for, og ikkje minst for all aktivitet dei har stått for utanom mine ti år som alpinist. 10 fine år der eg fekk oppleve dei fleste skianlegg i Norge og den gode kjensla av å meistre det å danse nedover fjellsidene.

Det er ikkje mykje som slår det. Og etter fem år utan ski på beina etter eg slutta byrja eg omsider setje pris på det det att.

Og lære det til mine.

Det er ikkje så mykje som slår ei perfekt svingkurve med ski på beina.

Rytme.

Og om det kjem ei hindring...

Set Asbjørn ein dragar.....

For at det skal vere kjekt stå på ski.

















torsdag 11. oktober 2018

På linje med Totti...

Øystein har ein lei uvane med å la ting forbigå i det stille. Litt rart eigentleg sidan han ofte er den flinkaste til å fortelje om kvar skapet skal stå, eller burde stå. Men det er som regel vi andre som må sørge for at ting gjerne skjer med eit smell. Dog klarte vi ikkje det denne gongen. 9 oktober 2018 hevda han sjølv vertfall at det vart siste kamp i Haugendrakta. På sin eigen jebus. Han fant vel ut at det var på tide og slutte sidan han trass alt vart eit heilt år eldre denne dagen. 52. Kvantesprang det frå 51. Etter 28 år som spelar på sebratrøyene sidan debuten i 1990, jfr statistikar og mr Haugenfotball Stig Høynes. Med 361 kampar skulle det bli knappe 12,9 obligatoriske kampar i sesongen.

Ingenting smakar betre enn siger og 3 poeng......foto: Stig Høynes

Med andre ord, det burde ha vore god tid til restitusjon myllja kampane, om han kun hadde vore spelar. Men som oppmann, trenar, leiar, formann, kaptein, vors- og nachspiel arrangør, klubbkontakt, kioskvakt, dommar, linjemann, fotballekspert, fotballkritikar, ballgut, banemannskap, sjåfør, dugnadsarbeidar, tilskodar, supportar, rørleggar med klassisk rørleggarsprekk så har det vore meir enn nok å ta tak i. Og det meste av dette vil han sannsynlegvis fortsette med.....slik at Haugen Idrettslag framleis vil vere på fotballkartet i Sogn og Fjordane. Dog nede i divisjonane, for folk som ikkje gidd trene så mykje, som likar å sparke ball, for ungdom der Eid blir for seriøst eller ein ikkje er god nok, for spelarar på hell, for våre nye landsmenn, for folk som strengt tatt er for gamle og burde lagt opp, (ref Geir Dale :-) ), for folk som har familie der ei trening og ein kamp i veka er det maksimale av kva ein kan forsvare på bruk av tid til ein hobby, og for folk som Øystein, som er opptatt av at Haugen har eit lag i seriesystemet.

Men det er slutt på den gode venstrefoten. Den som kunne skru cornera rett i mål. Eller eit frispark klin i vinkelen. Det er slutt på det beste han kunne gi ein god ven, ein medspelar, den strøkne pasninga frå kort og langt hald. Som traff der den skulle. Presist tima i tid og rom. Øystein var fin slik. Gav du han ballen kunne du vere sikker på at du fekk den igjen. Det er som regel det fotball handlar om. Relasjonar og samhandling. Både på og utanfor bana. Gav du Øystein ballen, viste du at han var på nett, og du fekk ballen igjen nøyaktig der du ville ha den. På instinkt, og gjerne i blinde. Korkje meir eller mindre. Øystein hadde fotballforståelse, det er viktig uansett kva nivå ein snakkar om. Det verste som fins for ein fotballspelar er å slå frå seg ballen, ta eit initiativ og aldri få den igjen. Det veit han Øystein alt om. For om ballen ikkje kom der den skulle, var Øystein som regel flink å seie i frå......slik at ein haurde det. Ein gong for alle.....Barcelona hadde Xavi, Roma hadde Totti, og Haugen hadde han Øystein. Utan samanlikning for øvrig. Kvar sin epoke og kvar sin æra. Stødige føte alle tre. Øystein trur eg uansett er morsomst av dei utanfor bana.....i garderoben, på veg til og frå kamp, etter kamp og ikkje minst på trening.

Øystein etter å ha drilla ein tre...fire...fem mann. Foto : Stig Høynes.

Så får vi håpe at han fortsett med det....å trene....og å vere i kulissane.....for det er kun knappe 8 år til neste testimonialkamp. Om det blir i form av ei høgtideleg turnering i STIGA Fotballspel eller live på Klenkarberget får tida vise. Blir ikkje yngre nokon av oss, diverre. Øystein vil uansett framleis vere eldst og fyrst i alt.

Sånn sett er det fortjent at skoa leggast på hylla. Han har trass alt holdt det gåande ei stund. 26 år lenger enn underteikna. I alder. Imponerande i seg sjølv. Sjølv blir eg meir eller mindre sengeliggande etter ei skotfinte, så eg kan godt forestille meg kroppsmertene etter trening og kamp. Men eg er usikker på om skoa vil ligga like stødig på hylla i mai, når møkalukta ligg duggfrisk over Klenkarberget, når fylkets potensielt finaste grasmatte er nyslått, innbydande, grøn og strøken. Då vil det nok krible i venstrefoten att.....og freistelsen til å stige ut på bana vil nok med stort sannsyn verte stor....;

Enten for Haugen eller kun for seg sjølv;

I det minste for å skru den ballen klin i vinkelen.

Med venstrefoten. For syns skuld. Rett og slett fordi han kan.

For idrettslaget og fotballen i Haugen... heilt på linje med Totti.....

Godt spelt Øystein, og takk for dansen.

Så snakkast vi når graset grønar i mai.....


















torsdag 8. februar 2018

Pappatrenar


Det er andre fotballtrening i 2018. Vi trenar inne, det er framleis kaldt ute, og vi er heile 17 jenter i talet. Langevåg jente 5. Ein herleg gjeng prega tidvis av fullstendig kaos, men likevel ein herleg gjeng. Som glise når dei kjem, som er overraskande lydhøre når dei er i gong, og som smile svette og slitne etter treninga er over. I glede over å ha hatt det kjekt, etter å ha fått til noko, etter å ha scora eit mål, etter å ha blitt betre kjent med ei lagveninne, etter å ha truffe med ei pasning, vore meir involvert enn treninga før. Det er det barneidrett handlar om. Å ha det kjekt. Å meistre noko, gi dei kjensla av å meistre noko. Gi dei ros for at dei prøvar. Gi dei ei klapp på skuldra når ting går på tverke og be dei prøve att. For det går sikkert betre neste gong. Gi dei ein high five når dei lukkast, gi dei ein high five for å få dei til å lukkast. Gi dei ein high five berre fordi dei møter på trening. Hilse på dei, seie at det er kjekt å sjå dei.. Rettleie dei, utfordre dei, rose dei. Fordi dei traff ballen, fordi dei prøvar, fordi dei ikkje gir seg sjølv om det ikkje lukkast fyrste gong, fordi dei bryr seg om ei lagveninne, fordi dei jubla når motstandaren scora, fordi dei kom. Fordi kjem dei, så er dei motiverte, då trivast dei på trening, dei synes det er kjekt, dei er glad i lagveninnene sine. Det er tross alt viktigst. At dei kjem. At dei har det så kjekt som dei kan.

Å snakke om ferdigheiter for 5 åringar er meiningslaust. I den alderen handlar alt om å skape og bidra til motivasjon. Det er stor forskjell på femåringar, i det aller meste. Men det som er felles for dei, er at samtlege blir motiverte av å få til ting. Sjølv om det kan vere forskjelleg nivå på det ein får til, eller ynskjer å få til. Men det er vertfall det som er målet mitt. Å gi jentene ei kjensle av å meistre noko. Om det for nokon er å treffa ein ball, for andre å treffa nokon med ei pasning, for andre å runde ei kjegle, eller å score eit mål, så er det min jobb som ein av trenarane for Langevåg jente 5 å bidra til det. Ikkje for ein, men for alle. Det kan stundom vere utfordrande og krevjande, men vi prøvar så godt vi kan. Å sjå og rettleie alle like mykje. Men i tillegg er vi kun friviljuge pappatrenarar og mammatrenarar, så dine eigne krevjer stundom noko ekstra merksemd....fordi dei slo seg, er tyrste, må på do...fordi du viser andre merksemd dei er vande med å få aleine. Å vere trenar i borneidrett gir ein stundom ei kjensle av dårleg samvit. Såg du alle like mykje? Gav du like masse ros til alle? Lærte alle noko nytt i dag? Fekk alle til noko dei ikkje har klart før? Såg du dine eigne også i all viraken? Smila i eit småraudt fjes etter trening fortel det meste....om korleis treninga var, og korleis dei har hatt det. Ser ein jentene smile etter trening....då veit du at det har vore nokolunde bra. Eg ser etter smila. Dei fortel som regel meir enn ord.
Jorunn Sofia i Langevåg sine fargar, men her i Brasil drakt. 

Sjølv har eg vokst opp med min far som trenar. Det har ikkje alltid vore like lett. Som regel var stort sett ingenting bra nok. Eg følte det i alle fall stundom slik. Scorte eg 3, burde eg scora 4. Scorte eg 4, burde eg scora tre fordi eg burde slått pasning på det siste målet sidan medspelar var betre plassert. Hadde eg 4 målgivande pasningar burde eg kanskje hatt fleire. Og sånn gjekk treningane, kampane og dagane. Det har vore mange oppheta diskusjonar rundt middags- og kveldsbordet opp gjennom åra for å seie det slik. Men alt han eigentleg meinte med det var vel at eg skulle strekke meg litt lenger, ta ei ekstra trening, gjere dei riktige valga, få ut potensialet. Eg såg ikkje det då. På den tida. I tillegg vart det kanskje kommunisert feil, sjølv om det utvilsomt var med gode intensjonar. Han forsøkte i praksis å skape motivasjon. Eg tok det derimot stundom som kritikk. Det drep motivasjon. Til slutt small det. Han lærte nok litt av det. Og han kanaliserte ting difor annleis når det gjaldt bror min. Som han tross alt motiverte, på eit vis, til å finne ein eigen indre drive til å bli så god som overhode mogleg. Og det i skiskyting. Ein idrett som far min på den tida ikkje kunne ein skit om. Men som han no meir eller mindre kan alt om. Medan bror min gleda seg mest til trening, gleda eg meg mest til tomatsuppa mor mi hadde klar når treninga var ferdig. Der har ein forskjellen på oss. Smerte ligg ikkje for meg.

Men det skal far min ha. Han var tilstede. Også i ting eg dreiv med der han ikkje var aktiv involvert. Eg dreiv med alpint. Han kjørte meg på skitrening tre gongar i veka heile vinteren. Han stod i to-tre timar kvar gong og såg på. Utan ski på beina. Kun med ein haug med klede og petterøes 3 i kjeften. Men han var der. Han tok ansvar. Også trenaransvar. I ting han kunne noko om. Som fotball. Han skapte gode lag, gode samhald, gode venskap og gode opplevingar. Han stilte kanskje litt store krav til son sin, men der ligg også litt av utfordringa som pappatrenar sikkert. Det og ha eit bevisst forhold til ikkje å forfordele....ein kan stundom dra den strikken for langt, trur eg. Sjølv har eg har mest tru på fyrst og fremst vere pappa, så trenar. Også på trening. Trur det løner seg mest i lengda. I alle fall opp til ein viss alder.

Eg kunne ha dreve med kva eg ville innan idrett trur eg, og eg veit at far og mor mi ville stilt opp. Dei ville vore aktivt til stades på ein eller annan måte. Det er viktig. Å vise interesse. Det er motiverande. Der har eg vore heldig. Dei er idrettsidiotar. Og det kjekkaste dei veit er idrettsarrangement. På alle nivå. Til og med på repriser på TV er dei engasjert om nordmenn er involvert. Kan fort ryke ein vase i golvet på reprisa.....når utfallet er kjent. Sjukt hevdar enkelte. Tilbøyeleg til å vere einig. Spent på kor masse dei ville fulgt meg opp om eg hadde valgt å gå heile vegen innan korpsmusikk??.... Då trur eg det hadde vore glissent med foreldre i salen. Mor mi hadde kanskje stilt opp. Med bomull i øyra. Sånn for syns skuld.

Langevåg jente 5. Eg tok på meg det delansvaret fordi eg veit at eg likevel ville vore til stades. Eg ville vore på treningane uansett. Fordi det er viktig for meg å vise interesse for det døtra mi vil drive med. På Langevåg J5 er foreldre flinke til det. Eg har i tillegg delar av grasrotkurset, eg følte difor ein viss forpliktelse til å bidra. Men også fordi eg er oppvaksen med å ha ein forelder som trenar, fordi eg vil teste korleis det er, og fordi eg ynskjer å sjå om eg kan gjere det betre. Men det som kanskje trigga meg aller mest, er å bli kjent med folk som døtra mi skal tilbringe store delar av barne og ungdomstida si med. Det som far min meinar er mest givande med å vere borneidrettstrenar. Det å følge folk frå ung til vaksen. Gi dei gode og trygge miljø, gode haldningar, gode verdiar, gode venar, gode opplevingar og ikkje minst kjensla av å meistre noko. Det veks folk på, uansett på kva felt det er. Det å sjå at dei du trente veks opp til å bli flotte sympatiske personar, gode medmenneske, og gode bidragsytera. Idrett kan gi nokre medaljar, men det viktigaste er å skape fine folk.

Eg skjønar litt om kva han meinar når nokon av jentene eg trenar kjem bort til meg på butikken når vi handlar....det kan gå litt som det her;

""Hei Kay! Veit du ka....
Hei xxx, nei det veit eg ikkje....har du det fint då?
Eg ja....eg har det kjempefint...men tipp då Kay....tipp då....
Eg tippar du har klart to i triksing seier eg.....
Nei, eg har blitt storesyster!!!
Har du xxx, det er jo kjempekjekt......men ho skrik vel heile tida så sikkert litt travelt også?
Ja Kay, ho er litt slitsom....men ho e no litt søt då....når ho ikkje grine vertfall.
Ja, det vil eg tru seie eg. Men du har vel ikkje tida til å kome på trening på onsdag du då, sia du e blitt storesøster og greier?
Eg jo, eg skal på trening, og då skal eg skyte mange mål!!
Supert xxx, det gleda eg meg til, det blir kjekt.
Men du Kay?
Ja xxx,
På onsdag skal vi ha haien kommer til oppvarming.....
Greit, ka vi skal gjere etterpå då?
Då skal vi skyte mål Kay....det veit du.
Supert. Ser deg onsdag då xxx
Ja, det blir kjempekjekt!!""

Eg er kun inne i mitt fyrste år som trenar for born og unge. Min far har haldt på i minst 30. Eg bøyer meg i støvet. Eg kjem ikkje til å halde på så lenge. Men eg er glad i idrett, og eg vil sjølvsagt bidra ein del. Eg spurte mi eiga dotter om ho var fornøgd med at pappa var trenar, eller om det hadde vore betre om pappa berre satt og såg på.

Ditta veit du pappa. Eg vil at du skal vere trenar....sånn som heime. Meg og deg pappa.

"Ok, fint. Ka er draumen då Jorunn Sofia?"

"Barcelona pappa, Barcelona.....det er draumen......og drakt nummer 10....det seier du jo alltid :-)"

"Sant det, men det viktigaste er at du blir super."

"Som kun Jorunn Sofia".