lørdag 23. februar 2019

40 år....plutseleg.

Då var dagen her. Ein dag ein eigentleg har kvidd seg litt til. Dagen ein fylle 40. Den har bygd seg opp, eg har kjent den komme. Hovudet er derimot 25, og har vore det nokre år. Eg har eg eigentleg 15 års erfaring med å vera 25. Eg likar best det. Å vera 25. Men papiret seier noko anna. Hårveksten også. Det veks hår alle andre plassar enn der eg treng det. Og morgonane, når ein stiv som ein stokk prøvar karre seg ut or senga, og ein slit med å få på seg sokkar sidan ein ikkje klarar få føtene i nærleiken av hendene. Og stadig hyppigare når kvelden kjem, der senga og sofaen er meir freistande enn å gå ut ete, ei treningsøkt, eit kompisbesøk, ein skitur. Då skjønar ein at ein bikkar 40. Og ein spør seg sjølv kor dei 40 åra blei av, kva ein har fått til, kva ein strengt tatt har bidrege med. For å seie det slik så er vel ikkje svara på dette nødvendigvis alltids dei svara ein ville ha.

Om eg daudar i morgon har eg vel ikkje satt store spora etter meg. Tre herlege ungar er vel det nærmaste eg kjem. Slik er det vel for dei fleste av oss. To fadderborn mistar månadleg støtte. Ungane arvar ein haug med gjeld, nokre tome kontoar, eit par bilar og nokre eigedomar dei mest truleg vil selje. I det minste for å dekke gjelda, og site att med ein slant som dei sannsynelgvis vil bruke på noko alt anna enn noko fornuftig. Så godt er det difor at eg framleis bør ha minst 40 år til å gjere ein noko meir forskjell. For mine, og for forhåpentlegvis nokre andre folk langs vegen.
Flokken min.
40 år går tilsynelatande fort. Det verkar ikkje så lenge sidan eg spelte fotball med kompisar på løkka, dansa fjellsidene ned for å prøva kome i mål på best mogleg tid, poker i friminutta og hjå han Øystein, dagar på knea i ein jordbæråker, på haudet under eit plometre, overnatta hjå besteforeldre med ein varm murstein innpakka i avispapir under dyna for å halda varmen på føtene midtvinters, hopping i høyet oppe i Tuna....med kronisk høysnue, rennande nase og raude auge, haldt på kutta av meg fingeren på ein ljå, sprukka panne etter å ha konkurrert med Tore Hellesø om å springe raskast frå stova til kjøkkenet der eit kjøkkenskuffe og knotten sørga for at det vart bom stopp, kløyvde augebryn etter å bli klubba til med ei golfkølle under ein mingolfkonkurranse som utarta i Sverige, sumarar på ski på strynefjellet, hausten på Juvass, Harpefossen og Klenkarberget store delar av året, flakedansar i Kjølsdalen, studiar og fine fotballår i Bergen, Stryn og Ålesund. Det verkar eigentleg som i går mykje av det. Medan andre ting diverre er fullstendig gløymt, men som ein kjem på att når ein blir det attfortalt. Og brått verkar det like klårt som dagen i går att det og. Hugsen er vertfall rimeleg bra, då er det verre med andre ting.

Som hårveksten. Det veks hår alle andre stadar enn det skal. På hovudet blir ein stadig snauare....diverre slektsrelatert, frå eine sida, men heldigvis noko seinare råka enn yngste bror min. Det verkar som eit uungåeleg faktum at det for framtida vil bli eit område som i staden for å klippast bør dekkast regelmessig med solkrem.....ikkje kler eg bli snau heller har eg ei oppfatning av. Ikkje dama mi heller. Ho er vertfall flink påpeika det. Kor glissent og tynt det er. At det røne. Dog med eit glimt i auga. Det merkverdige er at det er ho som alltid likevel tetta baderomssluken...... Det bør kanskje gjerast noko. Rimelege alternativ i Istanbul såg eg på TV her om dagen. Knappe 1500 EURO for tjukk og fin manke, ekslusiv flyreise og innlosjering på fem stjerners hotel. Når ein eventuelt skal operere 6-8 timar skal eg vertfall bu standsmessig under rekonvalensen. Et kupp verkar det som. Bestille i måra. Kanskje. Sannsynlegvis ikkje.

Andre stadar kan ein berre ta fram plenklipparen. På ryggen verkar det vere perfekte vekstforhold. I øyra, langs øyreflippen også. Og utan regelemessig overvåkning og EU kontroll er det kort veg til monobryn. Eg vart difor særs nøgd når ei av 6 års jentene eg trena meinte eg hadde jentebryn. Det tok eg som eit kvalitetsteikn, då er dei vertfall nokolunde stelde. Sjølv om eg i etterkant fekk ei kjensle av at dei kanskje var FOR godt stelde..... Og hadde eg ikkje strigla rygg og nakke ville det lugga i ræva etterkvart kvar gong eg bøygde nakken. Satt noko på spissen. Ufrivljug hårvekst tek søren meg litt tid fjerna for tida. Tid eg helst hadde benytta på andre ting. Som å klippe meg, på hovudet. 90 krone betalte eg førre frisørtime. Då skjønar ein at det er rimeleg tynt. Sikkert einaste tjenesta eg betalar for som eg skulle ynskje var dyrast mogleg :-). Den tid er nok forbi. Det er vel berre å stålsetja seg for kranselippar framover.

Som kroppen. Den kjennast tidvis eldre enn knappe 40 år. Blitt nokre operasjonar i kne og skuldrar, og ein kranglete rygg gjere stundom at hovud og kropp ikkje alltid er like einige. Hovudet vil som regel gjera det meste som er gøy, men kroppen brukar som regel å svara med renter dagen etter. Blitt nokre dagar der ungane og arbeidskollegaer har måtte hjelpt meg med sokkane. Går sokkelaus til jobb eg då. Sumrane går det greit, men i 10 minus er det rimeleg kaldt utan. Fotball, som er definitivt gøyast, er verst. Det er nestan det same som å be om ei sjukemelding. Prolaps og skiveutgliding er nærmast bankers. Sånn sett så kan ei intensiv fotballøkt, ein bedriftskamp stundom ikkje vere så gale at det ikkje er godt for noko.....:-). All anna trening eller mosjon har derimot ein forbetrande effekt. Så det gjeld eigentleg berre koma seg ut og halde seg i bevegelse. Det er derimot ikkje like gøy, så då nektar stundom haudet og lystre.....Ei utfordring med å fylle 40 er difor at hovudet og kroppen konsekvent er ueinige med kvarandre. Eg skulle ynskje at dei tidvis var noko betre venar.

Eg har brukt dei siste par åra til å gjere klassiske 40 årskrise ting...fant ut at ein like gjerne kunne gjere det skikkeleg...Kjøpte cabriolet, min andre gjennom livet, skal selga den snart, men frykteleg kjekt for ungane :-)... Eg har meldt meg på diverse løp som eg har fullført, blant anna fjelløpet Hornindal rundt, eg har sprunge ei mil på tid, meldt meg på halvmaraton som eg valgte stå over for det regna og blåste så innmari... Så har funne ut at krisa ikkje har vore større enn at eg framleis set mest pris på å ha det behageleg og bedageleg. Det kan eg leve med. Eg har trass alt ikkje meldt meg på Birken. Det positive er at kroppen er i betre form no enn når eg runda 30. Eg er 10 kilo lettare, og vesentleg strammare i fisken.. Er truleg nærmare sixpack enn onepack, og det må eg seia meg rimeleg godt nøgd med. Det hjelper også på å ha fått ein treningsglad jente i hus som er i betre form enn deg sjølv. Det striglar liksom varene.....dørstokkmila blir lettare og kosthaldet sunnare.


40 år. Mykje ein helst skulle gjort annleis. Medan andre ting har ein gjort rimeleg bra, og er noko ein
kan vera stolt av. Kjenner meg uansett heldig som har stor familie, friske og tidige ungar, ein jobb som eg styrer meir eller mindre som eg vil, pengar så eg klare meg, ein sambuar ein er glad i og einhund som tidvis plaga livskiten av deg, men som regel er snill og grei. Samt ei nokolunde bra helse  som ikkje begrensar meg nemneverdig....Og ikkje minst ein god dose venar, der dei beste diverre bur eit stykke frå og ein ser og finn på ting med altfor sjeldan. Kvardagane et ein litt opp i forhold til det, diverre. Og kanskje er ein heller ikkje flink nok prioritera det, ta seg tid til det.

Fyrste 40 er uansett past with distinction, og eg ser fram til å skrangla meg gjennom dei 40 neste. Dei fyrste 40 er det berre erkjenne flaug forbi, medan dei neste 40 truleg vil foregå i noko meir slow motion....i alle fall etterkvart.

No merka eg at eg byrja kvi meg til å bli 50.....

Men det er trass alt kun 10 nye år med erfaring på å vere 25.

Så vonar at kropp og hovud vil spela ball og på lag nokre år til.

Livet er nemleg gøyast når det kan leikast.