onsdag 11. mai 2016

Borna og den frie utfaldinga.

Eg undrast, og har gjort det ei tid. Det er godt mogleg at eg tek fullstendig feil og at eg med dette innlegget er heilt ute på viddene, men eg meinar og ha observert nokre få ting. Kvar er det blitt av den uorganiserte leiken? Den frie utfoldinga? Eg har i det siste hatt god tid til å observere. Eg ser knapt folk i aktivitet i hagar lenger, om ein ser bort i frå det som omhandlar ei trampoline. Og når eg dreg forbi Klenkarberget er der knapt ei sjel å sjå. Kun Øystein som regel, i ferd med å stelle bana, som han for øvrig er særs flinke til. Dette slo meg seinast no i helga. Førre laurdag var det ein kjempefin dag, og for 10-15-20 år sidan ville det vore yrande liv på Klenkarberget ein slik dag. Ein ser det samme inn på Eid, på Stårheim, i Langevåg, på Giske og i andre bydelar i Ålesund der eg er i kvardagen. Det ville vore folk som spelte ball, proff/loff, nokon som hoppa lengde, nokon som sprang 60 meter, nokon som heiv seg i slynga, nokon som klatra i trea. Ikkje organisert, men av eigen fri vilje, i lag med ein ven eller fleire venar. Dette ser ein knapt lenger, det skjer sjølvsagt, men ikkje i samme utstrekning som tidligare. Etter mi oppfatning. Veit born i det heile tatt eigentleg kva proff/loff er? Har dei høyrt om spark på boks, kvitt lys/blått lys? Har dei bygd ei trehytte i skogen, laga seg si eiga fiskestong for å pilke i elva? Eg veit ikkje, men eg har inntrykk av at aktivitet i stadig større grad sjeldnare og sjeldnare kjem på eige initiativ frå borna si side og at den i større grad må stimulerast enten via organisert idrett eller gjennom ivrige foreldre. Kva då med kreativiteten, fantestrekane, meistringsevna og så vidare? Eg meinar at dette kanskje ikkje er like heldig alltids.

Det er ikkje det at born flest ikkje er aktive, eit gløtt på fjesbokja eller heimesidene til idrettslaget så ser ein at ungar er med på både det eine og det andre. Eg ser min generasjon ha med seg borna ut, på fjellet, i fjøra, på fotballturneringar, handballkampar, i klatreparkar, friidrettstevner og meir til. Dette er sjølvsagt veldig bra, men det eg synes er uheldig er at mykje av aktiviteten er generert av foreldre/idettslaget og ikkje nødvendigvis av bornas eige initiativ. Det meste av aktivteten er dermed stimulert eller organisert. Eit tenkt eksempel kan kanskje vere at om foreldrene vel å tilbringe sundagen på terrassen, ville hovedsakleg borna sitte inne på Ipaden, eller vore i hagen dei også og hoppa på trampolina, aleine eller med ein ven eller to. Dei ville som regel ikkje vore i kjellaren og funne hammar, spiker og resteplank for å bygge hytte i skogen. Dei ville hovedsakleg ikkje tatt seg ein tur på Sethaugen, Sulafjellet eller Naustdalkamben, eller på eple- og plomeslang. Dei einaste som går på epleslang i disse dagar er hjorten virkar det som. Dette er sjølvsagt ei fryktelig generalisering frå mi side, eg veit, men generalisering er ofte naudsynt for å få fram eit poeng. Muleg poenget mitt er feil, men det er i alle fall mitt inntrykk av utviklinga dei siste åra.

Ser eg tilbake på min eigen barndom så kunne ein knapt vente med å kome seg ut av dørene ein finværsdag. No må ein nesten be ungane om å kome seg ut døra. Ein hadde heller ikkje særskilte forventingar til at foreldrene skulle vere med ut og finne på ting. Ein var i stor grad overlatt til seg sjølv, og til sin eigen fantasi. Ein måtte fyllje sine eigne dagar med innhald, og andre hadde det like eins og ein fann difor saman. Enkelte dagar var det vanskeligare enn andre dagar, og i kjedsamheit vart det sjølvsagt også funnje på ein del faenskap. Eg har kosta foreldrene mine nokre krone i erstatning reiknar eg med. Det ligg læring i det også. Ungar i dag gjere omtrent aldri noko gale. Ikkje som før i alle fall. Dei veit knapt kva husarrest er, det er snarare ei belønning. Det einaste som smertar er å kutte internett, men det er sjeldan at dei gjere noko så gale at det er naudsynt. Men stort sett gjorde vi ting som ikkje medførte skade på andre eller andres eigedom. Vi gjekk i fjellet, vi bygde hytter, vi sparka på boks, vi hoppa i høyet, vi var på fotballbana til det vart mørkt, vi plukka krabbe i fjæra, vi laga hoppbakkar og akebakkar. Vi hoppa frå 10 meter på tømmerkaia og gud veit kva. Vi gjorde det sjølve, utan at det var stimulert av voksne. Og hadde dei voksne visst om det, så hadde vi sikkert ikkje fått lov til halvparten. Men vi overlevde det også, det var fritt, og det var som regel godt. I tillegg trur eg det var stimulerande for kropp, haud og sjel.

Plenen til Anny og Oddvar har no fått kvile nokre år. Den er grøn og fin. Buskene i skråninga er grøne og står i fred. Dei siste 20 åra har blomstrane også rukke å bløma, og dei står ikkje lenger nakne heile året. Eg tippar uansett dei saknar dei klassiske Everton- Leeds oppgjera på Sambrauta stadion, eller Goodison Park som det ofte var simulert som. Ei bane som aldri fekk kvile, ein slapp å slå graset, det vart takla og slitt vekk, og den framsto meir brun enn grøn i årevis. Tore i blått, og underteikna i kvitt. I mål, som regel Neville Southall, i form av ein spjelen Jonny Hellesø. Han vart vertfall ikkje skotredde den karen. Vi kunne halde på i timevis, kun avbrutt av heimelaga bollar og saft. Ballen øydela alt på sin veg, og buskene i skråninga vart brukt som handtak når vi måtte fire oss ned for å hente ballen etter ei av Hellesø sine klassiske silopasningar. Vi var ofte i skråninga for å seie det slik......så det måtte hardhause plantar til om det skulle grønast sommarhalvåret. Og skikkelig gjerde, som kunne tåle ein trøkk eller eit fantastisk skot i vinkelen. Eg saknar brune plenar. Eg saknar heimesnikra mål. Ein ser det knappast lenger, og der dei står er det som regel igjengrodd. Som hjå Trond Hatlenes. Han hadde eiga fotballbane. 1 * 30 meter, med to mål. Der var det kampar regelmessig. Ungar frå Indre mot Ytre Torvik, Nedre mot Øvre Torvik, og så ein slentrar som meg frå indre Hafsås som fekk vere med til nøden. Eller vi organiserte oss sjølve, på Stårheim Stadion, på Klenkarberget, på Harpefossen, på Heida, i Gryta eller på løkjaneset.

Vi lagde bordtennisbord av sponplate. Med internasjonale mål, men den bua kraftig på midten. Ballen var dermed uregjerlig å kontrollere, men vi lærde nokre fysiske lovar etterkvart og tok det på gefühlen. Etterkvart vart det ballvekslingar på topp lavt nivå. Vidar Øien handterte det betre enn dei fleste. Ofte spelte ein med lommelykt i eine handa så ein kunne spele til langt på kveld, sjølv om ein var alvorleg redd for mørkna og måtte sykle dei to kilometerane heim att. Det gløymde ein alltids midt i det avgjernade settet, men ein kom tidsnok på det.....Det gjekk bra det også.

Eg meinar at dagens ungar får litt mykje opp i henda, dei får ting altfor mykje tilrettelagt. Eg ser ei utvikling der borna som regel blir stimulert i det meste av det som foregår av aktivitetar, av andre enn seg sjølve. Det er det fleire grunnar til;

Ei av utfordringane er sjølvsagt det organiserte tilbodet. Dei har frykteleg mange ting å velje mellom, mykje meir enn på mi tid. Det synes eg uansett er bra, men eg lurer likevel på om ein ikkje gjere borna bjørnetjenestar ved at dei deltek på alt. Akkurat her er eg ikkje heilt einig med meg sjølv, då eg er av den generelle oppfatning av at mest mogleg aktivitet er bra. Dette er også todelt. Antall tilbod er utvida, i tillegg har eg ei oppfatning av at det er fleire organiserte treningar/samlingar per veke i kvar aktivtet. Totalt sett trur eg dette går utover den frie utfaldinga. I tidleg alder trur eg det er viktigare. Eg ser for eksempel ikkje poenget med fotballtreningar for fem-åringar som enkelte klubbar har starta med. Og det til tross for at eg er fotballidiot.
Eg meinar også at skule er ei utfordring. Eg hugsar sjølv aldri at eg hadde noko særlig med lekser fram til vidaregåande, eg var som regel ferdig med dette på skulen. Eg vonar dette også gjaldt for andre jamnaldrande. Ungar som sit timevis på skule kvar dag burde ikkje ha lekser når dei fyrst var komne heim. Det synes eg er ein uting. Vaksenlivet og forpliktelsar kjem tidleg nok. Då er det betre at dei går to tre timar lenger på skule i veka, og har leksetimar og leksehjelp der, og får tida heime til fri utfalding. På skule er dei også meir motiverte for læring, når dei kjem heim er dei motiverte for å ha fri. Då trur eg borna ynskjer tida til seg sjølve. Når borna må bruke ein time på lekser er det snart ikkje tid til anna enn middag og det organiserte aktivitetstilbodet før leggetid. Eg tur det er ei ekstra belastning for borna, og kostar mykje energi, også mentalt. Mange er sikkert ueinig med meg her. Tida born har til lystbetonte aktivitetar er dermed begrensa, også tida dei har til å henge med venar utanom det organiserte aktivitetstilbodet, eller til rett og slett og slappe av.
Foreldre/besteforeldre. Det er ei ny tid der vi stimulerer borna både i leik, med aktivitetar, med ting, med tang, og vi overlet veldig lite til tilfeldigheitene, til spontaniteten, til kreativiteten. Vekene, og helgane er som regel planlagt til minste detalj. Noko som også ofte krevst til ei viss grad for å få kabalen til å gå rundt for familien, men eg er stundom litt redd for at vi stimulerer og planlegg i hel, eller gapar over for mykje.

Eg er ikkje betre enn nokon andre, eg gjere sikkert ungane mine bjørnetjenestar heile tida. Det slår meg sjølv eigentleg ganske ofte. Eg og har nymotens Au Pair; trampoline, og eg skulle helst sett at dei brukte mindre tid på den og heller fann på noko anna. Men den står tross alt ute. Dei får i det minste frisk luft.
Eg opplever at mine born har ufatteleg store forventningar til meg i leik og til aktivitetar, både som deltakar og som igongsetjar. Det trur eg ikkje nødvendigvis er så positivt heile tida. Av og til sjølvsagt, men ikkje kvar gong. Sjølv om vi ynskjer det beste for borna våre til ei kvar tid kan slike forventningar vere krevjande for oss som foreldre. Eg kan kjenne litt på det, sjølv om det ofte også er ustyrteleg moro. Sjølvsagt skal ein bruke tid på ungane, men eg trur ungar har godt av å kjenne litt på det å kjede seg, eller prøve å aktivisere seg sjølve. Det trur eg berre set i gong nokre tankeprossesar hjå dei, at dei finn på ting på eige initiativ, utfordrar kreatvitieten og gjere dei meir nyfikne og oppfinnsame. Det trur eg er bra. Eg prøvar og hugse å seie ja til all aktivitet/tiltak ungane set i gong på eige initiativ, sjølv om det kostar meg nokre kroner, ein god del tid, eller at dei øydelegg noko på vegen. Då har dei vertfall kome på det sjølv, og ikkje på forslag av meg. Det trur eg også gir dei ei heilt anna glede, og ikkje minst ei heilt anna kjensle av meistringsevne.

Eg ynskjer born som tenkjer litt utanfor boksen. Då må dei lære seg å tenkje sjølve, og ikkje la meg som far tenkje føre seg. Då må dei prøve og feile, og gjerne gjere noko gale som dei må ta konsekvensane av for å utvikle seg vidare. Dei må lære og kjede seg, i så stor grad at dei til slutt finn på noko på eige initiativ, ut i frå eigen kreativitet og eigen oppfinnsamheit . Og dei skal alltid få ha med seg folk heim, så ofte dei vil for å lære seg å samhandle med andre i leik og tiltak utanfor dei organiserte rammene. Dei må få utfalde seg mest mogleg fritt, og kjenne gleda av å meistre det dei set seg føre og prøvar på. Gjerne slå seg litt, men ikkje meir enn at dei prøvar igjen. Så skal eg heller vere der, i nærleiken, hjelpe dei litt på vegen og sørge for at dei er like heile når dagen er omme. Dei få gongane eg ikkje er 100 % med i sjølve sprella.    













Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar