fredag 20. mai 2016

Amaras Lov

Amaras Lov. I utgangspunktet brukt innenfor teknologi, og basert på den antagelse/faktum at ein har ein tendens til å overvurdere effektar av ny teknologi på kort sikt, men undervurdere effektane dei kan ha på lang sikt. Det slo meg her om dagen at i mange samanhengar så er dette tilfellet med korleis vi menneske agerar, tenkjer og oppfører oss også . I alle fall ein del av oss. Det er for eksempel ikkje måte på kort fort det går og pusse opp kjøkkenet for eksempel, men det tek som regel fryktelig mykje lenger tid og medfører mange uforutsette utfordringar på vegen. Det er heller ikkje måte på kor gale ting egentlig kan gå, men det går som regel bedre enn frykta i den andre enden. Og det er som regel ikkje så farlig og utsetje ting, når ein tross alt kan ta det att, med det resultat at det ofte ikkje blir gjort i det heile. Mange av oss har difor ein lei tendens til og overvurdere/undervurdere eigne evner/utfall, krisemaksimere ting og utsette ting som medfører eit resultat i enden som ikkje var i nærheten av den opprinnelege intensjonen. Andre skurar gjennom livet meir eller mindre på autopilot, på vanar og rutinar, slik at livet generelt er heilt lik dagen før. For mange kan det vere heilt nødvendig berre for å komme seg gjennom den, dagen altså. Men gjere ein akkurat det samme dag etter dag, så blir det i alle fall ikkje endring/utvikling/progresjon i andre enden. Å bryte det mønsteret kan ofte vere ei utfordring i seg sjølv.

Eg har ein lei tendens til krisemaksimering. På mange måtar. Alt som kan gå gale, går som regel gale. Murphys lov. Slik er det berre. Men det går sjeldan så gale som eg trur det kan gå. Eg har også ein lei tendens til å vere generelt skeptisk til eigne evner, som i utgangspunktet medføre at eg stundom blir positivt overraska til slutt sidan det som regel går bedre enn ein trur. Men det gløymer ein til neste gong. Andre gongar går det beint til helv....og då får tilbøylegheita til krisemaksimering ny næring. Mange kallar ein viss skepsis sunn fornuft, men det har sine ulemper også. Det gjere at ein bekymrar seg lett. For borna for eksempel, eller for andre ting som eit viktig møte på jobben. Ein kvir seg til ting, sånt er ganske energitappande. Og ikkje bra i lengda. Per Fugeli har difor sikkert mykje føre seg når han ber om at folk må lære å gi litt meir faen.....det å vere er som regel meir enn godt nok, eller at ein ikkje må gløyme og leve og så vidare. Eg krisemaksimerar vertfall mindre, men oppussing undervurderer eg framleis.....skal male hus i år. Har outsourca det. Pareto - regelen er hovudsakleg årsaka, i tillegg til at maling for meg ikkje er like gildt som for han malermesteren i Tid for Hjem. Det må for øvrig vere eit filmtriks, maling er nemlig ikkje SÅ gøy.... Det er uansett viktig å få folk i arbeid.

Eg var rimelig sikker på at Facebook var ei døgnfluge, eg meina sjølv eg gav fenomenet nokre månedar. I dag er det verdt x antall gongar meir enn Statoil. Eg bomma litt der altså, Amaras lov med omvendt forteikn. Men eg er ikkje den einaste. Det internasjonalt anerkjende konsulentbyrået Mckinsey vart spurt på 80 talet om å bereikne antall globale mobiltelefonabonnentar ved inngangen til år 2000. Etter tunge bereikningar og analysar kom dei vel fram til omlag 900.000, totalt globalt. Det faktiske antallet var vel snarare 145 millionar, ein mild bereikningsfeil der altså. Rundt 1900 trudde ein heller ikkje at bilen ville få ei viktigare rolle enn hesten innan transport, noko som vart snudd opp ned i USA berre 10 år seinare, i 1910. Så teknologiske skift skjer fort, og det fins sikkert mange andre artige eksempel på feilslåtte spådomar.

Samfunnet står nok ein gong ved eit veiskille. Eg er rimelig sikker, omlag Facebook sikker, på at vi står føre ei periode med omvendt Amaras Lov, med andre ord at vi undervurderer dei kortsiktige endringane vi står ovanfor, og overvurderer dei på lang sikt. Eg trur ting vil skje fortare enn ein trur. Eg meinar for eksempel at eg er ein relativt dauande rase, meklar i tradisjonell forstand.....eg burde vore ingeniør, og helst ein smart ein. For eg slit med å halde følge i alle endringane som skjer. Det verste er at det sikkert forventast at eg lærer barna mine alt det nye som kjem, det har eg korkje haud eller økonomi til. Eg er ein diltar, ein som er moderne ti år etter den faktiske trenden.....eg kjøpte flatskjerm for kun 5 år sidan.....smarttelefon fyrst for knappe fire år sidan.....og mobil nettbank fekk eg fyrst i fjor. Som økonom. No er det delingsøkonomi, endring av marknadsplassar, simplifisering, digitalisering og gud veit kva. Ting vil gå ufattelig fort, og vil endre måten vi tenkjer, handlar, kjøper, samhandlar, organiserar og lever livet på i veldig stor grad dei neste 5 åra....eg trur det skjer fortare enn vi anar, og vil snu opp ned på masse. På lang sikt trur eg derimot vi overvurderar effektane...eg trur ikkje det blir massearbeidsløyse, eg trur ikkje menneskeleg interaksjon blir mindre viktig i framtida. Eg trur folk alltids vil trenge ein ven eller to, og at ein jobb alltids vil trenge folk. Gjennom interaksjon og kommunikasjon blei problemløysing og utvikling muleg og utan hadde vi vel framleis i beste fall vore apar. Eg trur derimot at tid ein ikkje fysisk benyttar på jobb i stadig større grad vil måtte benyttast til personleg utvikling for å halde tritt med endringar i tida. Personleg fritid vil i framtida bli effektivisert for å bli meir produktiv. Ikkje fordi dei fleste vil, men fordi fleirtalet kanskje ikkje vil ha noko val. Snodig, meir om det om litt.

Teknologiske framskritt gjere ikkje folk nødvendigvis berre overflødige, men stimulerer også til nye verksemder som har behov for arbeidskraft. I media står det stundom at fleire i større grad lever livet sitt einsretta på sosiale media, men statistisk sett har vi heller aldri brukt meir tid på kafe/restaurantar enn i dag. Ein sit som regel ikkje der aleine.... Teknologiske nyvinningar kan isolert sett eventuelt føre til noko meir fritid. Fordi produktiviteten alt anna like då i utgangspunktet blir betre. Ein gjere det samme og det nye meir effektivt, ting tek kortare tid og frigjer kapistet. Og ein god del av den frigjorte kapasiteten blir nok tatt ut i meir fritid, som vi også brukar sosialt, forhåpentlegvis. Som i eit heldig augneblink kan føre til det nye google, facebook, Uber eller noko anna ein eller ein gjeng finn ut at det er behov for.

Ved meir potensiell fritid trur eg derimot det er lett og bruke tida på gamle vanar og rutinar som nødvendigvis ikkje er særleg produktive, i staden for å sysselsettje seg sjølv med noko som har verdi og skapar framdrift. Dette vil føre til stagnasjon, og i verste fall resignasjon. Det er for eksempel ein grunn til at folk utan noko handfast å ta seg til, noko å gå til, ofte slit meir på det personlege plan enn folk som har det. Og om situasjonen er av varig karakter blir det stadig tøffare og brattare over kneika. Å ha folk sysselsatt er difor kanskje det mest samfunnsnyttige ein stat kan bidra til, for folk flest. Meir fritid er difor potensielt fordummande fordi uviklinga av velstandsamfunnet har gjort at minste motstands veg er normen og ikkje unntaket frå regelen. Ein vil difor i større grad sjå ein serie ekstra på TV i staden for å ta på seg oppmannvervet i idrettslaget. Ein vil heller lese ei krimbok i stadenfor å lære seg eit nytt språk, til dømes, og satt på spissen. Det er slik sett ei fårleg utvikling. Eldsjelene fins, men det blir stadig færre av dei....har eg inntrykk av. Det største problemet med meir fritid i eit godt uvikla velstandsamfunn er at ein i stor grad produserar sofagrisar på laupande band. Diverre. Det har folk flest ikkje godt av. Og i framtida vil det strengt tatt heller ikkje vere tid til. For dei som skal ta del i karusellen, og om velferdssamfunnet skal oppretthaldast på tilsvarande nivå.

Amaras lov. Teknologisk utvikling eller innovasjon generelt skjer hurtig. Mykje hurtigare enn tidligare, og bedrifter/folk som ignorerer dette temposkiftet vil etterkvart sakte akterutseilt. Dette skjer ikkje long term, det skjer i morgon, i overmorgon, og vil ikkje i så stor grad ha effektar om 10 år. Då vil det nye i morgon allereie vere long gone....utdatert, datostempla og mest sannynsleg forkasta for lenge sidan for noko anna, som er betre, meir spennande og meir effektivt. For folk flest. Amaras lov er difor i ferd med å bli snudd på hovudet. Ein undervurderar effekten av nyvinningar i dag, og overvurderar dei i framtida. Framtida er ikkje funne opp enno. Det blir den fyrst når ein er der. Ein må difor gripe det nye i dag for å henge med, både økonomisk, sosialt og ikkje minst for personlege muligheite/progresjon yrkes- og relasjonsmessig.

Eg snakka om fritid tidligare, men då mest som ein digresjon. Tida der nyvinngar førte til effektivisering, produktivitetsauke og potensielt meir fritid er i ferd med å gå over, etter mi meining. Over tid trur eg at den tempoauken ein ser innan nyvinningar kun vil føre til at folk i større grad må ta ansvar for eiga tid. "Fritid" er tid som ein i vesentleg grad er avhengig av blir meir produktiv, for samfunnet blir stadig meir omkalfatrande, konkurranseprega og hardare å få fotfeste i. Ein må difor vere der det skjer, henge med på det som skjer, NÅR det skjer. Dette vil setje stadig større krav til fagleg og relasjonell oppdatering også utanfor den klassiske 8 til 16 jobben. Personleg utvikling og progresjon om ein vil, for rett og slett få muligheiten til å ta del i karusellen. Ein vil i framtida bli vesentlig meir sin eigen lykkes smed, skape sitt eige inntektsgrunnlag, i ytterste konsekvens vil det ikkje eksistere eit A4 liv med jobbtid 8-16 om 20 år. Stadig fleire vil bli sjølvstendig næringsdrivande, behovet for å organisere bedrifter som no vil avta dramatisk, marknadsplassar eksisterer nærmast overalt, og behovet for å organisere slike fysisk og behovet for personleg oppmøte der vil meir eller mindre forvitre. Alt satt heilt på spissen, kva veit vel egentlig eg, men det er kun knappe 5 år sidan meir eller mindre all handel foregikk med kontantar. Eg skal innrømme det, eg slit, eg heng ikkje med på alle disse endringane. Eg leve framleis på 90 talet. Då ting gjekk seint, då ein kunne dilte etter trenden og likevel vere nokolunde kul og up to date.... No heng eg rett og slett ikkje med i svingane, men eg innser at eg etterkvart må gjere noko med det. Eg har nemleg ikkje noko val for å vere med, der det skjer og når det skjer. Alternativet er å bli akterutseilt, pensjonist lenge før pensjonsalder, sofagris, og ikkje attraktiv for nokon korkje yrkesmessig eller sosialt. For plutseleg er ein nettopp det, før ein omlag anar det.

Det hjelper nemlig ikkje å dilte lenger, å følge etter trenden, 5 år etter den var der. Tida forandrar seg, hurtig. Ting skjer ikkje gradvis lenger, men i byks. 5 år etter i dag, vil kanskje eigentleg seie 20 år etter i praksis, diverre. Det er som å klippe seg hockeysveis i 2016, det gjekk til nød på 90 - talet, 10 år etter den faktiske moten, men med hockysveis i dag hadde ein spelt seg sjølv fullstendig utover sidelinja i dei fleste samanhengar.

Internett er diverre ikkje berre ein fase som går over. Det er visstnok kome for å bli. Kven trudde det? I si tid. I alle fall ikkje fleirtalet av papirprodusentane.

Eg vurderar difor å kjøpe meg ein slik I-padd som det kallast.....som ein start i alle fall. For å hive meg på karusellen.







   


 
     

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar