torsdag 5. november 2015

Sjølvrealisering - det blir som regel med tankjen.

Har tenkt mykje på å realisere meg sjølv i det siste, men det har blitt med tankjen. Eg er full i forpliktelsar. Eg har knapt tida til meg sjølv i det heile. Eg har ungar, dei kreve sitt, eg har jobb, som kreve sitt. Og eg har mykje anna som kreve sitt, men det er no berre slik det er stundom. Eg likar likevel tankjen ; Sjølvrealisering. Det er eit fint ord. Sjølv veit eg ikkje heilt kva det innebære. Men eg antar at det er å gjere ting ein har lyst til. Ting ein brenn verkeleg for. Eg har veldig lyst til mange ting. Problemet er tid og pengar. To alen av samme stykkje eigentleg. For dei heng i hop. Ein må for eksempel bruke tid for å tjene pengar. Eller bruke pengar for å kjøpe tid. Eg kunne tenkt meg å fått begge deler samtidig. Hatt både tid og pengar. Det hadde vore noko. Då kunne eg muligens også sjølvrealisert meg, gjort fleire ting eg har lyst til. Gjort fleire ting eg har lyst til å gjere noko saman med. Misforstå meg rett.

Sjølvrealisering framstår difor som noko umogeleg. I alle fall i dei baner eg ser føre meg. Eg må vente til ungane blir store tenkje eg, då får eg tid til meg sjølv, tid til det eg har lyst å gjere. Men det er vel strengt tatt berre å skyte seg i foten. Då er det barnebarn kanskje, eller dårleg helse, eller det at oljeprisen er så lav at halve landet er arbeidsledige som muligens står i fokus. Og gjere at det ikkje fins tid, eller at det er knappheit på pengar. Dette er ein evig spiral. Det virkar dermed aldri og høve seg dette med sjølvrealisering. Om ikkje anna enn i liten skala.

Som i dag. Når eg skal på konsert. Lars Vaular. Eg blir sikkert blant dei eldste i lokalet. Men dog, Lars er kul han. Han skriv om relevante ting. Gode tekstar, med eit snev av samtidsrealisme, og Gary Speed. Daglegdagse situasjonar og betraktningar. Ting og tenkje på, ting og tenkje over. Det likar eg. Det er litt sjølvrealisering. Ikkje går det utover forpliktelsane heller. Korkje i tid eller pengar.

Dei store tinga derimot slit eg litt med. Storskala realisering. Kanskje skulle ein blitt sin eigen lykkes smed. Kasta korta og begynt med noko lystbetont. Som investor for eksempel. Solgt alt og begynt i det små. Bygd seg opp etterkvart liksom. Men kva om den fyrste investeringa går feil. Og ein ender opp på bar bakke? Men det hadde voro noko, det kunne eg hatt lyst til. Men eg anser sjansen for suksess eller fiasko til 50/50. Til det har eg.....for mange forpliktelsar, og for lite pengar.

Men eg har draumar. Om ting eg har lyst til. Men eg slit med å ta steget. Ofre alt for nå det eg ynskjer meg. Eg trur mange har det slik. Eg er omtrent midt i livet. Og tenkjer mykje på dette. Vegen vidare. Kor er den, og er det honndalen - hellesylt eller er det motorveg med fire felt og belysning? I hovudet er det fire felt og belysning, men i praksis kjøyrer eg honndalen-hellsylt enno. Med andre ord, ein står på staden kvil. Vegen blir likevel delvis utbedra, men det går ikkje raskt nok. Så det kjennes ut som ein står stille. Eg likar ikkje å stå stille, men forpliktelsane bremsar meg. Og ansvaret.

Eg har ein kompis som skriv bok. Det er kult. Han tok ei avgjerdsle om å ta fri ein dag i veka og skrive bok. Han jobbar kanskje fullt igjen. Men han tok ei beslutning, og prøvde. Det står respekt av det også. Boka kjem den. Før eller seinare, det viktigaste er at den kjem. Det er vågalt å gjere ting ein har lyst til når ein har forpliktelsar ovanfor andre. Det er vågalt og gjere ting for seg sjølv når forpliktelsane strengt tatt skriker at ein burde prioritert annleis. Eg og kunne tenkt meg å skrive bok. Men eg har ikkje storyen enno, ikkje tida heller. Eg kan heller ikkje skildre godt nok. Stemninga eller personar. Det er tross alt nokre sider som skal fyllast ut. Ikkje har eg pengar til å kjøpe meg tid heller. Ikkje ein dag i veka eingong. Forpliktelsar.

Mange av dei har eg valgt sjølv. Eg har hus og hytte. Ikkje for eigen del, men hovedsakleg for bornas del. Altfor fine ting for ein som strengt tatt burde prioritert annleis. Men eg ser det betyr mykje for borna. Det er barndomsheim og nærmiljø, det er er muligheite til friluft, familiesamankomstar og skikjøring. Det er stabilt, trygt og godt for dei, og dyrt for meg. Eg lika meg der eg også, misforstå meg rett, men eg treng det ikkje. Ikkje egentlig. Ikkje dei heller, strengt tatt. Men for deira del ynskjer eg å behalde det. Det er livet deira, det er livet deira med meg. Sånt betyr litt - uansett. Det er det dei er vant til, og eg kan ikkje bare rive det bort. Sjølv om eg no sit aleine med ansvaret.

I tillegg er det skremmande. Det ukjente, det bortanfor rutiner, stabil inntekt og det vante. Kanskje gjere eg meg best i ein 8 til 16 jobb, kanskje er eg for lite strukturert til å styre eiga tid, eigen kvardag og generere mine eigne inntekter. Eg veit ikkje, men det virkar stundom håplaust å ha gått gjennom livet utan å i alle fall ha forsøkt. Eg trur det ligg ein draum hjå oss alle og styre sitt eige liv i størst mogleg grad. Å vere sin eigen lykkes smed. Å starte for seg sjølv. Skape noko, gjere det ein virkelig brenn for. Men ein torer ikkje. Pga forpliktelsane og ansvaret, pga redsla for å mislukkast, pga redsla for å skuffe andre og seg sjølv.

Eg burde likevel solgt alt eingong. Satsa hus og heim på noko eg brenn for, for å potensielt komme ut betre og friare på andre sida. Eg må berre ta ei runde med forpliktelsane fyrst.

Det er trass alt dei som bestemmer. Sjølvrealisering i stor skala blir dermed med tankjen.










Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar