søndag 8. november 2015

Farsdag

I dag er det farsdag. Eg har tre born. Ingen av dei er her i dag. Eg fekk dermed ikkje kort, og ikkje frukost på senga. Eg sto opp og laga meg kaffi sjølv i dag, og tok den med tilbake i sengs for å kike gjennom sosiale mediar. Der var det farsdagsfeiringar i fleng. Eg slo av. Slike dagar savnar ein barna sine ekstra mykje. Slike dagar skjønar ein kva ein går glipp av ved kun å vere samværspappa. Slike dagar er stundom tyngre enn andre dagar.

Eit samvær ein også må kjempe for, fordi det ikkje ligg ein gylden regel om delt bustad ved skilsmisser, i barnelova. Så langt er likestillinga kome i dette landet, at vi fedre må kjempe for retten og muligheita til å vere far. Til å vere likeverdige omsorgspersonar, til å være likeverdige foreldre til det som betyr aller mest for oss i livet. I verdens mest likeverdige og demokratiske land så er barnelova basert på ein fordums tankegang om foreldrene skal tilordnast  ulikverdige foreldreroller etter samlivsbrot. Det er for meg eit like stort kjønnsdiskriminerande problem som lik lønn for likt arbeid, lik lønn for samme kjønn etc. Men det er viktigare, langt viktigare, fordi jobb kan ein strengt tatt skifte. Ikkje barn, eller foreldre. Ein kan dermed kome i ein posisjon der man ynskjer å vere den beste pappaen man kan, men staten og lovene bestemmer at det får du ikkje. Fordi man i stor grad er prisgitt sin tidligare partners haldningar. Sånn kan det ikkje vere, og fast delt bustad er no endelig ute til høring hjå politikarane. Og om verden har gått framover, så blir dette vedtatt. Som far fortjener ein den grad av respekt at AS Norge anerkjenner at ein kan vere ein like god omsorgsperson som ei mor kan.

Dette er er eit likestillingsparadoks. Spesielt i den siste generasjon har ein vore vitne til ein papparevulusjon der fedre opptrer som omsorgspersonar på lik linje med mødre. Vi tek like stor del av ansvaret i samliv. Derfor må ein også sikre at fedre har muligheten også til dette ved endt samliv. Slik ting er no er det mange som kjemper ein håplaus kamp om det mest dyrebare ein har. Fordi ein er tvungne til å forhandle på skeive premissar i eit system som ikkje er i takt med samtida.

I slike samanhengar skal barnas beste vere i førarsete. Men kven definerer barnas beste? Gitt at premissane er såpass skeivfordelt i lover og reglar gir dette dette mødre ein markant fordel etter samlivsbrot  Det blir i stor grad mødre som kan legge dei tyngste føringane for den beste samværsfordelinga for barna, i og med at ein opererer med eit lovverk og ein praksis som i hovudsak favoriserer mor. Eit regelverk som sikrer ei meir likeverdig forhandling er derfor avgjerande, ikkje minst for å sikre borna gode relasjonar til begge foreldra.

Over 80% av alle aleineforeldre er kvinner. Dette fortel nok ei nyansert historie, men det bekrefter vel også eigentleg berre behovet for ei nyansering av morsrollas unike status som primær forelder. Som fedre bør ein forvente å kunne forhandle etter eit samlivsbrot på like vilkår. Like vilkår stimulerer også samarbeid og forståelse. Skilsmisser fører stundom til irriasjonalitet, bitterhet og i enkelte tilfeller hevngjerrighet. Det er nemlig ikkje slik at alle ser over si eiga nase når det stormar som verst. Like vilkår har derfor også potensial til å redusere konflikter. Like vilkår gjer det mogleg for borna og ha eit nært og godt forhold til begge foreldrene. Like vilkår, likestilte foreldreskap, gir ein tid til å komme over dei verste kjenslene umiddelbart etter samlivsbrotet, uten å måtte bli henvist til å finne samværsløsningar når det kjenslemessig stormar som verst. Dette trur eg også potensielt vil sikre betre og meir gjennomtenkte løsninger på sikt, især for borna.

I dag er savnet av borna ekstra sterkt. Kjæresten min har diverre ingen far å gratulere lenger. Dagen hennar er strengt tatt tyngre. Då er det i alle fall rett og rimelig og slå eit slag for dei som må kjempe for muligheten til å vere den pappaen dei ynskjer å vere. Det burde, i dagens samtid, strengt tatt vore unødvendig.      






Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar