torsdag 31. oktober 2019

Azar Karadas

Eg kjenner ikkje fyren, og han veit nok knapt kven eg er, men dei fleste veit kven Azar Karadas er. Fotballspelaren. Hovudsakeleg på Brann, men også i diverse klubbar rundt om i Europa. Spelaren som ikkje heilt visste om han var spiss eller midtstoppar, eller om det var klubbane han var i som var usikker på det, eller trenarane. Kven veit. Han har i alle fall blitt brukt som begge deler. Og som superinnbyttar. Spesielt dei siste åra. Som kunne snu kampbiletet og skaffe eit resultat. Sånn heilt på tampen. Det funka og, rimeleg ofte. Men ikkje så mykje i det siste kanskje, og då er det jo heilt greit og legge skoa på hylla, hive seg i sofaen, og tenkje på at ein faktisk fekk ut det meste av potensialet sitt. Fekk smake på profftilværet, ta nokre seriegull med Brann, Rosenborg og Benfica, fekk spele Champions League og herje med sjølvaste Inter, ta eit cupcull, notere seg for ein haug med aldersfastlagde- og 10 A landskampar. Rimeleg bra det, for ein gut frå vesle Nordfjordeid, der fotballspelarar over eit visst nivå ikkje akkurat har vokse på tred.

Sjølv har eg spelt nokre få kampar mot fyren, og aldri tapt meina eg. Ikkje fordi Azar var komod, men fordi han stort sett var yngre og laget han spelte på generelt sett var for dårleg. Meina vi vann tosifra i ein treningskamp ein gong. Gutelaget til Haugen mot smågutelaget til Eid. Rått parti. Azar var nok likevel banas beste. Meina han spelte sentral midtbane. I den kampen. Vis a vis meg der altså. Noko teknisk vidunder var han derimot ikkje. Ikkje den gongen, og ikkje sidan. Men han var vond å møte. På linje med Kenneth Silden. Måløyværingen med større temperament enn ferdigheite. Azar var robust, nærmast umogleg kome forbi, og om ein kom forbi så gav han aldri opp og vann ballen likevel. Av og til litt seint ute, men som regel rimeleg fair. Han gav aldri opp. Hadde ei fandenivolsk innstilling, og hata rett og slett tape. Og fysikk, som ein murvegg. Og den merka du når du traff, for å seie det slik. Ofte i dagevis etterpå. Det var liksom der lista låg. Difor vart han også god. 


Foto; Stig Høynes - www.haugenfotball.no

Azar er eit døme på at ein kan kome rimeleg langt med god fysikk og enorm vilje. Eg vil påstå at han nærmast fekk ut det meste av sitt potensial. Inga teknisk begaving, fyren kunne vel knapt ei finte, inga speleforståing skrive særleg heim om, men gjennom enorm fysikk, taklingstyrke, hovudspel, innsats og engasjement trakk han som regel det lengste strået i duellane. Og det er vel som dei seier, at vinn ein duellane så vinn ein fotballkampar. Og i Azar sitt tilfelle, så blir ein lagt merke til, og ein som sjeldan eller aldri tapar ein duell har dei fleste lag bruk for. Bortsett frå i Barcelona, som gjerne har spelt ballen vidare før ein kjem så langt at duellar oppstår. Alle treng ein vinnarskalle, ein som hatar og tape, og som nærmast ofrar liv og helse på å få til nettopp det. Azar var ein slik. Og difor har han også blitt rimeleg godt likt i dei klubbane han har vore i, sjølv om det periodevis var noko turbulent grunna diverse episodar, kommentarar og tranfserovergongar med bismak. Når drakta var på, uansett farge, visste ein vertfall at Azar gav 100 %. Det kjem ein langt med, både i fotball, på bana og i popularitet. Fyren som heada Brann til seriegull i 2007, og opp igjen i eliteserien nokre år seinare. Det blir legendestatus av slikt, i det minste i Bergen by. Og som vi veit er ikkje bergensarar frå Noreg, dei er frå Bergen. Og sorry Harald, men i Bergen er nok Azar meir konge enn du. Det må nok Harald berre leve med. 

Ved nyttår er det slutt. Etter 20 år på toppnivå. Lenger enn dei fleste. Det har blitt nokre duellar og taklingar på dei åra. Det må difor vere godt å vite at ein vann dei aller fleste av dei. Noko kroppen også byrjar å merke vil eg tru. At det kostar å ville vinne, nærmast for ein kvar pris. Og difor er det kanskje litt godt å gi seg også, med vissheita om at ein sannsynlegvis gav meir juling enn ein fekk, at ein fekk ei karriere som truleg romma meir enn ein vågde håpe på for 20 år sidan, og et ein på vegen fekk med seg nokre opplevingar, titlar og erfaringar som kun er få norske fotballspelarar for unt. Det har vore imponerande og følge med langs vegen. Rett og slett.

Og langs denne vegen har Azar aldri lagt skjul på at han er frå Eid og Nordfjord. Han har snakka kav fjording i riksmedia, i alle fall så godt som, og verka stolt over å vere nettopp det; Eidar. Alle grender treng slike ambassadørar, og når han har vore heime har han stilt velviljug opp for idrettslaget, born og unge. Det har og vore viktig for fotballinteressa i Eid. Så sorry Brann og Bergen, byens på lag største helt er ikkje bergensar;

Han er frå Eid, og eidar.

Gratulerer med ei framifrå karriere Azar, og neste Brann gull kan du like gjerne ta frå trenarbenken. Berre det kjem. 





  


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar