torsdag 11. oktober 2018

På linje med Totti...

Øystein har ein lei uvane med å la ting forbigå i det stille. Litt rart eigentleg sidan han ofte er den flinkaste til å fortelje om kvar skapet skal stå, eller burde stå. Men det er som regel vi andre som må sørge for at ting gjerne skjer med eit smell. Dog klarte vi ikkje det denne gongen. 9 oktober 2018 hevda han sjølv vertfall at det vart siste kamp i Haugendrakta. På sin eigen jebus. Han fant vel ut at det var på tide og slutte sidan han trass alt vart eit heilt år eldre denne dagen. 52. Kvantesprang det frå 51. Etter 28 år som spelar på sebratrøyene sidan debuten i 1990, jfr statistikar og mr Haugenfotball Stig Høynes. Med 361 kampar skulle det bli knappe 12,9 obligatoriske kampar i sesongen.

Ingenting smakar betre enn siger og 3 poeng......foto: Stig Høynes

Med andre ord, det burde ha vore god tid til restitusjon myllja kampane, om han kun hadde vore spelar. Men som oppmann, trenar, leiar, formann, kaptein, vors- og nachspiel arrangør, klubbkontakt, kioskvakt, dommar, linjemann, fotballekspert, fotballkritikar, ballgut, banemannskap, sjåfør, dugnadsarbeidar, tilskodar, supportar, rørleggar med klassisk rørleggarsprekk så har det vore meir enn nok å ta tak i. Og det meste av dette vil han sannsynlegvis fortsette med.....slik at Haugen Idrettslag framleis vil vere på fotballkartet i Sogn og Fjordane. Dog nede i divisjonane, for folk som ikkje gidd trene så mykje, som likar å sparke ball, for ungdom der Eid blir for seriøst eller ein ikkje er god nok, for spelarar på hell, for våre nye landsmenn, for folk som strengt tatt er for gamle og burde lagt opp, (ref Geir Dale :-) ), for folk som har familie der ei trening og ein kamp i veka er det maksimale av kva ein kan forsvare på bruk av tid til ein hobby, og for folk som Øystein, som er opptatt av at Haugen har eit lag i seriesystemet.

Men det er slutt på den gode venstrefoten. Den som kunne skru cornera rett i mål. Eller eit frispark klin i vinkelen. Det er slutt på det beste han kunne gi ein god ven, ein medspelar, den strøkne pasninga frå kort og langt hald. Som traff der den skulle. Presist tima i tid og rom. Øystein var fin slik. Gav du han ballen kunne du vere sikker på at du fekk den igjen. Det er som regel det fotball handlar om. Relasjonar og samhandling. Både på og utanfor bana. Gav du Øystein ballen, viste du at han var på nett, og du fekk ballen igjen nøyaktig der du ville ha den. På instinkt, og gjerne i blinde. Korkje meir eller mindre. Øystein hadde fotballforståelse, det er viktig uansett kva nivå ein snakkar om. Det verste som fins for ein fotballspelar er å slå frå seg ballen, ta eit initiativ og aldri få den igjen. Det veit han Øystein alt om. For om ballen ikkje kom der den skulle, var Øystein som regel flink å seie i frå......slik at ein haurde det. Ein gong for alle.....Barcelona hadde Xavi, Roma hadde Totti, og Haugen hadde han Øystein. Utan samanlikning for øvrig. Kvar sin epoke og kvar sin æra. Stødige føte alle tre. Øystein trur eg uansett er morsomst av dei utanfor bana.....i garderoben, på veg til og frå kamp, etter kamp og ikkje minst på trening.

Øystein etter å ha drilla ein tre...fire...fem mann. Foto : Stig Høynes.

Så får vi håpe at han fortsett med det....å trene....og å vere i kulissane.....for det er kun knappe 8 år til neste testimonialkamp. Om det blir i form av ei høgtideleg turnering i STIGA Fotballspel eller live på Klenkarberget får tida vise. Blir ikkje yngre nokon av oss, diverre. Øystein vil uansett framleis vere eldst og fyrst i alt.

Sånn sett er det fortjent at skoa leggast på hylla. Han har trass alt holdt det gåande ei stund. 26 år lenger enn underteikna. I alder. Imponerande i seg sjølv. Sjølv blir eg meir eller mindre sengeliggande etter ei skotfinte, så eg kan godt forestille meg kroppsmertene etter trening og kamp. Men eg er usikker på om skoa vil ligga like stødig på hylla i mai, når møkalukta ligg duggfrisk over Klenkarberget, når fylkets potensielt finaste grasmatte er nyslått, innbydande, grøn og strøken. Då vil det nok krible i venstrefoten att.....og freistelsen til å stige ut på bana vil nok med stort sannsyn verte stor....;

Enten for Haugen eller kun for seg sjølv;

I det minste for å skru den ballen klin i vinkelen.

Med venstrefoten. For syns skuld. Rett og slett fordi han kan.

For idrettslaget og fotballen i Haugen... heilt på linje med Totti.....

Godt spelt Øystein, og takk for dansen.

Så snakkast vi når graset grønar i mai.....


















Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar